Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Oddafabrikkane

Kraft og industri i Tyssedal/Odda. I ein presentasjon frå 1909 av karbidfabrikken i Odda, blei rikeleg og lett tilgjengeleg vasskraft framheva som ein hovudføresetnad for etablering av kraftkrevjande industri. Industrietableringane måtte liggja nær kraftkjelda då det ikkje var mogeleg å overføra krafta over større avstandar i byrjinga.

Kraftselskapet AS Tyssefaldene skulle etter konsesjonssøknaden i 1906 utnytta selskapet sine faste eigedomar i Hardanger gjennom sal, utbyggjing, kraftbortleige eller fabrikkdrift. På førehand var det slutta ein avtale med det engelske selskapet The Sun Gas Company om utleige av minst 18 000 hestekrefter til fabrikkar i Odda for produksjon av kalsiumkarbid og kalsiumcyanamid. Oppkjøp av vassrettar i Tyssovassdraget var starta alt på slutten av 1800-talet. Eigedomane og rettane blei kjøpt av AS Tyssefaldene i 1906.

 

Bak kraft- og industrireisinga stod gründeren og ingeniøren Sam Eyde, med svensk kapital frå Knut Tillberg, Marcus og Knut Wallenberg. Med seg hadde dei løytnant Allan Abenius, ingeniør dr. Albert Petersson, direktør Fredrik Hjort og direktør A. Scott Hansen.

 

The Sun Gas Company hadde ein karbidfabrikk i Alby, Sverige. Utviding av produksjonen føresette større kraftmengder og moglegheiter for sjøtransport. Desse føresetnadane var ikkje gjevne i Alby, der hamna også fraus til om vinteren, noko som reduserte kapasiteten for transporten med båt.  Albert Petersson var direktør ved Alby-fabrikken og spela ei heilt sentral rolle for at karbidproduksjon kom i gang i Odda, då det var han som reiste inn Sørfjorden ein vinterdag i februar 1906 og fann forholda perfekte for ei etablering av ein fabrikk. Albert Petersson blei  den første direktøren ved Odda-fabrikkane.

Før kontraktinngåing med AS Tyssefaldene hadde The Sun Gas Company sikra seg avtale med britiske jernbanar  for avsetjing av kalsiumkarbid, og rett til produksjon av kalsiumcyanamid etter metoden til dei tyske kjemikarane dr. Caro og dr. Frank til mellom anna tyske og engelske marknader.

 

Kraft- og industriproduksjonen starta i 1908, etter ein kort og hektisk byggjeperiode. 

    Albert Petersson     Fredrik Hiorth

Sam Eyde                                    Albert Petersson                          Fredrik Hiorth

Industrialiseringa i Tyssedal/Odda heldt fram med nye fabrikkar og utvidingar av kraftkapasiteten. I 1916 blei såleis Det Norske Nitridaktieselskap etablert i Tyssedal for produksjon av aluminium.

Det Norske Zinkkompaniet, som produserer sink, aluminiumsfluorid, svovelsyre og anhydritt kom i drift i 1929, på Eitrheimsneset over fjorden for Tyssedal

 

 

Det Norske Zinkkompani på Eitrheimsneset i Odda 1929. Foto: Nathalie Lubowidsky, Kraftmuseet arkiv

 

Trollmjøl og Oddaprosessen

Eit viktig internasjonalt spørsmål på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var korleis jorda kunne få tilført næring slik at det blei produsert nok mat til befolkninga i verda. Dei naturlege salpeterførekomstane i Chile var i ferd med å uttømmast. Dei tyske kjemikarane dr. Caro og dr. Frank utvikla på slutten av 1800-talet ein metode for produksjon av kalsiumcyanamid (kalkkvelstoff).

 

Cyanamid var eit langsomtverkande kvelstoffgjødsel og var særleg eigna for planter med lang veksttid. Karbid var ein viktig innsatsfaktor i produksjonen. Karbidfabrikken i Odda blei i utgangspunktet bygd med ein produksjonskapasitet på 32 000 tonn. Av dette skulle 10 000 tonn gå til produksjon av cyanamid. I tillegg til at karbidfabrikken var ein av dei største i verda, var cyanamidfabrikken i Odda også verdas største i 1909, med ein produksjonskapasitet på 12 000 tonn. Produktet herifrå blei marknadsført som trollmjøl på grunn av effekten. 

 

      

 

I 1954 produserte Odda Smelteverk rundt 14 000 tonn cyanamid. Denne blei dels seld på heimemarknaden til gjødsel og dels brukt som innsatsfaktor i produksjon av dicyandiamid. Dicyandiamid blei brukt til å laga melamin, som er eit plastprodukt. Fram til slutten av 1920-talet inneheldt kunstgjødsel som regel anten kvelstoff, fosforsyre eller kali. I 1927 kom det første homogene fullgjødsel på marknaden. Det var Nitrophoska, produsert av I.G. Farben– industrie i Tyskland. 

 

I produksjon av Nitrophoska blei det store mengder av avfallsproduktet kalsiumsulfat. Oddaprosessen var ein revolusjonerande måte å produsera fullgjødsel på. I denne blei det ingen avfallsprodukt. Kjemiingeniør ved Odda Smelteverk, Erling B. Johnsson, utvikla Oddaprosessen i 1920-åra og fekk patent på prosessen. I 1934 blei det inngått avtale med Bamag Meguin og i 1938 med I. G. Farben om bruk av prosessen.

 

I Noreg var både Norsk Hydro og miljøet ved NTH skeptiske til metoden. Norsk Hydro utvikla sin eigen Hydroprosess, men måtte til slutt innrømma at Oddaprosessen var å føretrekkja. I 1951 starta Norsk Hydro eit langvarig forsøk med å køyra fabrikken etter Oddaprosessen. Då hadde alt både BASF og Hoechst i Tyskland og Staatsmijnen i Holland bygd fabrikkar med Odda-lisens.

Fabrikken i Odda tok ikkje i bruk den revolusjonerande metoden. Forklaringa kan vera at Hafslund var i ein omorganiseringsprosess i den aktuelle perioden, med større satsing på kraftproduksjon enn industriproduksjon. Odda Smelteverk blei seld til The British Oxygen Company i 1937.

 

I dag, nesten hundre år etter at Erling B. Johnsson utvikla den revolusjonerande prosessen for produksjon av fullgjødsel, er metoden i bruk i fleire fabrikkar rundt om i verda.

 

Erling Bjarne Johnson

Sjefskjemikar Erling B. Johnsen. Foto: Bjørn Pedersen, Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Utdrag frå artikkelen: 'Vasskraft og industri i Hordaland i første halvdel av 1900-tallet'  av Elisabeth Bjørsvik.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no