Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Industristader

Rett før og etter århundreskiftet til1900-talet fann ei industriell utvikling stad i Norge. Det store gjennombrotet kom i åra etter 1905.

Den moderne prosessbaserte fabrikkindustrien kom for fullt med eit stort forbruk av elektrisk kraft og ny elektrometallurgisk teknologi. Primærnæringane mista sin dominerande plass innan økonomi og produksjon. Den overskytande arbeidskrafta flytta inn til byar og tettstader der dei nye arbeidsplassane dukka opp.

 

Odda er ein av dei typiske industristadane. Den naturskjønne og idylliske staden innst i Sørfjorden blei revet med i den industrielle revolusjonen. Det var stor vekst med hektisk aktivitet i fleire år framover. Anleggsarbeidarar kom strøymande til, hogg og sprengde seg gjennom stein og fjell under halsbrekkande arbeidshøve. 

 

Odda som hadde vore ein av dei mest kjende turiststadane i Europa, blei forvandla til ein industristad der befolkninga blei mangedobla.  I sjølve anleggstida førte dette med seg ein del motsetnadar mellom dei tilreisande og lokalbefolkningen, noko som roa seg etter at sjølve industrien kom i gang. 

 

Det kan seiast at Odda har vore ein prøveklut for den nye industrien. Dette eksperimentet viser at det sosiale sikringsnettet ikkje var godt nok utbygd. Klasseskilllet var stort og fattigdomen særs påtrengande.

 

Utdrag frå heftet: Odda, før og etter industrialiseringa, av Finn Skagen

 

Anleggslag med rallare i Skjeggedal 1914

Anleggsarbeidarar, eller rallarar, i Skjeggedal under vasskraftutbygginga der på byrjinga av 1900-talet.

Foto: Kraftmuseet arkiv.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no