Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Skarprettaren Samson Isberg

Samson Isberg vaks opp på den idylliske garden Isberg langt oppe i fjellsida, 467 meter over Sørfjorden i Ullensvang kommune, i 1795.

Garden Isberg i Hardanger Garden Isberg i Hardanger fotografert av Nils Løyning i 1966. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Isberg

Garden Isberg på Stana i Ullensvang kommune er ein veglaus fjellgard, og alle tunge varer måtte transporterast opp med løypestreng, i seinare tid og med ei trallebane.

 

Stova på garden Isberg der skarprettar Samson Isberg var fødd.

 

Samson Isberg var eldst av åtte syskjen. Han var noko ugod på far sin, og reiste til Bergen der han gjekk på underoffisersskulen og vart sersjant.  

Samson var ein stor, sterk og breiskuldra mann, vennleg og stillferdig av vesen, vakker av utsjånad meinte mange. I 1833 gifte han seg med Anna Henriche Hansen i Domkyrkja i Bergen. Dei fekk fire born.

 

12. mai 1838 overtok han stillinga som skarprettar for Bergen Stift og Stavanger amt. 

 

 

Skarprettar

Samson Isberg var ein av Norges siste skarprettarar – tidlegare kalla bøddel. I dei 16 åra han var kongens ombodsmann som skarprettar, hogde han hovet av seks menneske.

 

I byrjinga hadde kvar kjøpstad sin skarprettar, men etterkvart vart det tre i heile landet. Så var det meininga at det skulle vera ein for sør-Norge og ein for nord-Norge, men riksstyret kom til at det måtte vera nok med ein for heile riket, og denne vart Samson Isberg.

I den tida Samson Isberg vart ståande i ombodet, vart 117 personar dømde for mord. 40 av dei vart dømde til døden, men berre 9 blei avretta. Det seies at Samson Isberg retta 6 av dei.

 

Skarprettarane måtte vera heiderlege menn som naut stor respekt. Ingen hadde noko å seie på ådferda til Samson Isberg, og han utførde si gjerning på ein tilfredsstillande måte.

 

 

Dødsstraff

Det var sivil dødsstraff i Norge til 1902, fram til 1864 var avrettingane offentlege. 

 

To av dei Samson Isberg avretta var leiarane av Kautokeino-opprøret i 1852. Kautokeino-opprøret var eit religiøst-politisk opprør i Kautokeino i 1852. Konflikta tilspissa seg då det den 8. november 1852 kom til eit valdeleg samanstøyt i Kautokeino bygd. Under opptøyene mista handelsmannen og lensmannen livet. To av opprørsleiarane, Mons Somby og Aslak Hætta vart dømde til døden.

 

På si reis til retterstaden møtte folk fram overalt for å få eit glimt av Samson Isberg. Han skal ha sagt til dei frammøtte:

- Her er jeg. Jeg er bare eit alminnelig menneske.

Så skal han ha slått på reiseskrinet han alltid hadde med seg og sagt.

– Men denne her følger meg. 

Det var der øksa låg.

 

Før kvar avretting drakk Samson Isberg eit glas vatn og ba fadervår.

 

 

Eit mord

 

Den 18. august 1863 vart det funnet eit lik i Oslofjorden. Det hadde flytt opp på tross av at ein svær stein var bunden fast i den eine foten. Liket hadde skuddsår i nakken og overskåren strupe. Det var den sakna sogningen Knut Nilsen Grøte. Mistanken falt på den danske skomakersvennen Simonsen og ein tyskar som heitte Priess.

 

Friedrich Wilhelm Priess, 30 år,  og Knud Fredrik Christian Simonsen, 27 år, traff kvarandre på båten frå København til Christiania hausten 1862. Simonsen hadde med seg si norskfødte kona og born. Priess hadde den 18 år gamle gravide kjærasten sin med seg. Priess, som kom frå ein rik familie, var på flukt frå ein dom i heimlandet. 

 

Dei hadde ikkje pengar, og bestemte seg for å rana nokon for å betra økonomien. Offeret vart bonden Knut Nilsen Grøte frå Lærdal. Han var kome til Christiania med eit stort parti røykelaks. Mesteparten hadde han seld, så setlaboka var tjukk. 

 

Dei innrømte å ha lokka Grøte med seg i båten for å rana han. Ute på fjorden skaut Simonsen Grøte med ein pistol, utan at det drepte han. Pries fullførte mordet med å skjera over strupen hans med tollekniven. Så søkkte dei liket med å binda ein stein rundt beinet hans. Begge mordarane vart dømde til døden.

 

 

Avrettinga

Det var Samson Isberg som utførte avrettinga, som skulle verta den siste offentlege avrettinga i Norge.

Den fann stad på den militære ekserserplassen Etterstad ved Oslo 19. april 1864. Det var samla over 5000 menneske på Etterstad den dagen, flesteparten kvinner. Alle var godt utstyrte med flasker og proviant, for fogden hadde forbode alt sal på staden, og han hadde anmoda politiet om å «holde øye med at ikke løsaktige fruentimmer kommer til stedet og driver sin trafikk».

Priess vart henretta fyrst. På vegen til skafottet var han roleg og førde seg med ein viss anstand. Skafottet var ei firkanta tribune, strødd med granbar. I det eine hjørna stod blokka. Pries smilte vennleg til dei frammøtte medan presten heldt sin tale. Det herska ein djup stillheit. Han kledde av seg på overkroppen utan hjelp frå skarprettaren, og gjekk med rolege skritt mot blokka. Han knelte medan eit tørkle vart bunde for augene hans. Så inntok han ei liggande stilling og la henda på ryggen. Presten leste høgt og tydeleg Fadervår, skarprettaren løfta øksa – ein uhyggeleg stillheit herska blant publikum. Då orda «forlat oss vår skyld som vi og forlater våre skyldnere» lød, falt dødshogget. Straffa var fullbyrda.

 

Hovudet vart lagt ved sida av kroppen. Legar undersøkte liket, som viste muskeltrekningar og røyrsle i dei øvste respirasjonsorganer før det vart lagt i ei simpel trekista og køyrd vekk. Den blodbesudla blokka vart bytt ut med ei rein, blodet vaska vekk frå tribuna som vart strødd med friskt granbar og sand. Simonsen var også fatta og rolig då han steig opp på skafottet medan tårene rann nedover kinna hans. Han retta nokre enkle og hjartelege ord til publikum der han ba om tilgiving for sine synder og var budd til å lida sin daud for den grusomme ugjerninga han hadde gjort. Talen gjorde djupt inntrykk på eit rysta publikum.

 

Etter at skarprettaren hadde hjulpet den dødsdømte med å kle av seg og bunde tørkle for augene hans, la han seg roleg ned. Då presten sa «frels oss fra det vonde» fall dødshogget. Begge avrettingane vart utførde med ro og verdigheit av Samson Isberg som då var 69 år.

«Det blir tungt å møte dem igjen på den andre siden, de menneskene som jeg har skilt med livet» sa han ein gong.

 

Samson Isberg vart løyst frå skarprettarombodet då han var 70 år. Åtte år seinare, den 25. april 1873, døydde han. Øksene han brukte er utstilte på justismuseet i Trondheim.

 

Kjelde: Tidsskriftet Hardanger frå Hardanger Historielag årgang 1954

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no