Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Kyrkja i Odda

Det har alltid vore tre kyrkjesokner i Sørfjorden; Odda, Ullensvang og Kinsarvik. Den første kyrkja som vart bygd i Odda måtte stå der folket frå fjordgardane og dalane møttest, ved fjordbotnen.

Kristenretten som vart vedteken i 1023 kravde at dei døde skulle gravleggjast i kristen jord. Difor skulle det ved kvar kyrkje vera ein vigsla gravplass.

Det er ikkje sikkert stadfesta når den eldste kyrkja i Odda vart reist, men mykje tyder på at det kan ha vore kring 1050. Dette var ei enkel kyrkje, bygd som ei stavkyrkje.

Etter dette kom den kyrkja vi i dag kjenner som den gamle steinkyrkja, og som kapellet på Berjaflot er ein kopi av.

 

Tida i Norge kring år 1000 var katolsk, og kyrkjene som vart bygd i soknene var i rundboge- eller spissbogestil - eldre engelsk gotikk. Kinsarvik har den eldste kyrkja - bygd i 1170-80. Ullensvang og Odda er nok 100 yngre, altså bygd kring 1270.

Segna seier at det var skotske murarar som bygde kyrkjene.

 

Kyrkja i Odda før 1870 Steinkyrkja i Odda 1860-70. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Oddakyrkja vart bygd mindre enn dei andre, det sokna ikkje så mykje folk til Odda den gong. Skipet var berre 10 meter langt og 6 meter breidt. Kyrkjemurane var 60 cm tjukke, bygd av gråstein som var lagt i kalk. Kyrkja hadde høgt og bratt tak som var spontekt, og kravde mykje vedlikehald. Kyrkjedøra henger i dag i våpenhuset i den nye kyrkja. Våpenhuset var eit tilbygg framfor hovuddøra der mennen sette våpna frå seg før dei steig inn i kyrkja.

 

Dei som mintest kyrkja frå hennar siste tid, skildrar henne slik: Ho var lita og mørk. På båe sider av midtgangen var stutte, breie benker med dørar for, og for å skaffa meir sitjeplass, hadde dei lagt lekter langs golvet i midtgangen til sessar. På stolstolpane var spikra reinsdyrhorn til å hengja hattane frå seg på. I det romslege koret var óg plassert benker. Preikestolen, som hadde lydhimmel, stod til venstre for kordøra. Altertavla var den same som no. Døypefonten av klybber stod til høgre for kordøra. I koret var klokkar- og prestestol. I skipet hang ei seksarma ljosekrune. Kyrkja hadde lem (galleri), og derifrå var trapp opp til klokkelemen. For å vinna plass vart det og i nyare tid bygt eit sidegalleri. Kyrkja hadde tre dører, ei i vest, ei på sørsida av skipet og ei på sørsida av koret. (Frå Bygdesoga Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid II av Olav Kolltveit).

 

I katolsk tid var det korkje preikestol eller stolar i kyrkja, og forutan høgalteret også andre alter. Døypefonten var av kleber og såg venteleg ut som dei som er i Ullensvang og Kinsarvik kyrkje i dag. Det vakre Antemensalet - (altertavla) skal vera frå 1300-1400-talet. Det er samansett av tre furubord som er festa saman med lister slik at det vert oppdelt i ruter. I desse er måla bilete frå barndoms- og ungdomstida til jomfru Maria.

Det opphavelege antemensalet er i dag i Historisk Museum i Bergen.

 

Antemensalet frå gamle Odda kyrkje Antemensalet frå gamle Odda kyrkje.

 

 

Det som valdde mest bry og kostnad med den gamle steinkyrkja, var taket. Det var spontekt med furefliser. Denne var sett godt inn med tjøre, men måtte likevel ofte vølast og stundom skiftast. I 1634 bles taket av og måtte leggjast opp på ny. I 1634 vart det og sett opp utgifter til ein gapestokk.

 

Kyrkja vart for trong til det stigande folketalet. For å skaffa meir plass bygde dei eit galleri i vestenden av skipet i 1665. I 1692 fekk kyrkja ei ny altertavle, betalt av Almuen, laga i 1688. Det er denne som er i kyrkja i Odda i dag.

 

Altertavla i Odda kyrkje Altertavla i Odda kyrkje. Foto: Hardanger og Voss Museum på www.digitaltmuseum.no

 

 

Altertavla i Odda kyrkje

Altertavla i Odda kyrkje i dag. Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet

 

 

Frå 1721 gjekk kyrkjene over på private hender. Kyrkjene i Hardanger vart selde på auksjon i Bergen 9. februar 1724. 

Etter dette vart kyrkjene eigd av fleire - enten dei vart selde eller gjekk i arv. Vedlikehaldet vart forsømt. Lars Galtung på Torsnes kjøpte kyrkjene i Ullensvang og Odda i 1796. Han og kona Ragnhild forærte kyrkjene til dei tre borna sine; sonen Christopher Galtung fekk Ullensvang kyrkje, døtrene Martha og Herborg fekk Odda kyrkje. 

Ved ei synfaring av kyrkja i Odda i 1835 vart det sagt at ho er i god stand, men så altfor lita. Den raske folkevoksteren frå midten av 1700-talet gjorde at situasjonen for kyrkjene vart prekær. Mest alle kyrkjer var for små. I katolsk tid hadde det ikkje vore mykje spørsmål om plass. Etter reformasjonen skulle kyrkjefolket ha sitjeplassar. Kvar gard hadde eigen stol, der ingen andre hadde rett til å sitja. Gardbrukarane og deira familie hadde sin stol, medan husmannsfolket fekk ta til takke med å stå nede ved døra, eller finna seg plass som det høvde. På båe sider i midtgangen var det stutte benker med dører for. Heller ikkje for dei som hadde rett på stolar, var det nok sitjeplass.

I 1851 kom den nye kyrkjelova som påbaud at kyrkjene skulle ha plass til 3/10 av folketalet i sokna. Dersom dei ikkje hadde det, måtte kyrkjeeigarane anten utvida kyrkja, byggja ny, eller overlata henne til sokna etter avtale eller takst. Folketalet i Odda sokn var i 1865 1596.

 

 

I 1851 løyste Odda Sokn ut kyrkja, og vart etter 135 år atter eigar av si eiga kyrkje. Det var eit økonomisk løft å løyse ut kyrkja, og det var vanskjeleg å finne økonomi til å utvide kyrkje. Ingen syntes å tenkja på ei heilt ny kyrkje.

Men i oktober 1867 kom det påbod gjennom prosten at no måtte Odda soknestyre syta for at det eine eller det andre vart gjort. Bispen i Bergen hadde ikkje tenkt å leta lova frå 1851 sova.

 

Dette gjorde at ein no byrja diskutera om ein skulle byggja ei ny kyrkje i staden for å utvida den gamle. Bygdefolket delte seg i to jamnstore flokkar, og bylgjene gjekk høgt. Møtet der avgjerda skulle takast vart berre kunngjort på kyrkjebakken same dagen, slik at mange ikkje visste om møtet. Mange meiner at resultatet hadde vorte eit anna hadde møtet vore betre kjent.

Etter ein lang og kvass diskusjon enda det med at dei som ville byggje ny kyrkje vann med knapt fleirtal. Fleirtalet ville og byggja den nye kyrkja på den gamle tomta. Grunna størrelsen vart det likevel avgjerde at den nye kyrkja skulle byggjast sør for kyrkjegardsmuren. Vilkåret var at den gamle kyrkja skulle rivast før den nye vart bygd, slik at ein kunne nytta stein frå den gamle til den nye.

Mellombels fekk skulehuset løyve til å fungera for ministerielle handlingar i byggjetida, medan kyrkja i Ullensvang kunne nyttast ved andre høve. Så frå våren 1870 til november 1870 vart skulehuset nytta til kyrkje. Lagnaden til den 600 år gamle steinkyrkja var skrevet.

 

 

Steinkyrkja i Odda 1050-1870 Den 600 år gamle steinkyrkja i Odda heilt til venstre. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Den gamle kyrkja vart reven på dugnadsarbeid ein laurdag i april. Kring 50 mann var med på rivingsarbeidet, medan dei som var mot rivinga, stod med hendene i bukselomma og såg på. Kyrkjemurane var bygde av stein lagd i kalk, og var faste som fjell. Med spett og spakar fekk dei bukt med den gjenstridige steinen, og om kvelden var den gamle kyrkja jevna med jorda. Steinen blei tippa på fjorden, men dei beste steinane blei lagt til sides til kyrkjemur.

 

Under golvet i kyrkja var mange likkister. Ei var den gamle lensmannen Knut Freim si, som døydde i 1675. Alle kistene vart knuste og lagde i ei fellesgrav på kyrkjegarden. Ingen tenkte på noko arkeologisk eller antikvarisk gransking av kyrkja. Dagen etter rivinga gjekk born og ungdom og rota i kyrkjegrunnen og fann ein sølvring og både gyldige og ugyldige myntar.

 

Alt materiale som ikkje kunne nyttast til byggjing av den nye kyrkja, vart seld. Den gamle kleberstein-døypefonten hamna som slipesteinbrye på Tokheim. Bergen Museum sikra seg det gamle antemensalet og dei to steinhovuda (konge- og bispehovud) som var innfelte i kyrkjeveggen. Elles er det lite att av gamlekyrkja.

 

 

Den nye kyrkja

 

Mønsteret for den nye kyrkja fann ein i Øystese. Direktivet byggenemda fekk av soknerådet var at kyrkja i Odda skulle vera ei langskipskyrkje av reisverk eller tømmer. Denne typen var vanleg i 1860-70-åra. Jamvel om dei nytta arkitektar, var dette standarkyrkjer som og vart kalla "byggmeisterkyrkjer". Byggnemda vende seg til arkitekt C.Erichsen, som leverte teikningar. Etter resultatet å døma har han nærmast kopiert teikningane til Øystese-kyrkja. I Øystese trega dei på at dei ikkje hadde bygd kyrkja større enn dei 500 sitjeplassane, det er nok kanskje grunnen til at kyrkja i Odda fekk 560.

Materialet til kyrkja hogde dei i Skjeldåsskogen. Her hadde skogen fått stå urørd i mannsaldrar, og det var mykje stor og fin malmfure i det ulendte terrenget. Skogshogsten tok til vinteren 1868-69. Tømmeret vart hogge og transportert til sjøs ved dugnadsarbeid. Deretter vart det flote til sagene på Kvitno og Tokheim og skore opp til bjelkar, plank og bord.

 

Den 17. mai 1870 tok arbeidet på grunnmuren til, og den 4. november same året vart kyrkja vigsla. Oddingane gjekk mann av huset, og det kom folk frå Ullensvang og Kinsarvik. Nye-kyrkja var fyllt til trengsel. Striden om kyrkjesaka hadde stilna, alle gledde seg over ei romsleg og stor kyrkje.

 

Odda kyrkje sett frå nord 1900-1912

Odda kyrkje sett frå nord i 1900-1912. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Odda kyrkje før restaurering i 1955

Odda kyrkje før restaureringa i 1955. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Kjelde: Odda kyrkje 100 år. Utgjeve av Odda Sokneråd til kyrkjejubileet i Odda 4. november 1970

 

Odda kyrkjelege fellesråd: Kyrkjesoga-om-Odda-kyrkje

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no