Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Knud Knudsen

Knud Knudsen frå Odda var ein av dei mest berømte fotografane i Norge på 1800-talet. Han reiste over heile Norge og tok bilde. Dei fyrste fotografia frå Odda tok han tidleg i 1860-åra. Arkivet etter han tel mange tusen fotografi og er med på  UNESCO-lista over Norges dokumentarv.

Knud Knudsen vart fødd i Odda i 1832. Bestefar hans, Knut Larsson Eidnes hadde drive landhandel og gjestgjevarhus i Odda frå 1766, noko son hans, Lars overtok etter han. Lars hadde inga interesse av å driva landhandel, så han overgav det til broren Knut Knutson Bustetun, som dreiv det som heitte Kremargarden i Odda. Han var far til Knud Bustetun Knudsen. Ein arvestrid gjorde at Bustetun måtte gje frå seg Kremargarden, noko som førte til at han kjøpte seg ein gard på Tokheim. Sonen Knud vart send til Bergen som 11-åring for å arbeida som lærling hos slektningar, og fekk 16 år med god utdanning som forretningsmann der.  Han var ofte heime i Odda, men vart buande hos familien i Bergen i 30 år.

 

Kremargarden i Odda fotografert mot Rymbelen.

Odda fotografert mot Rymbelen, torget i dag og Eitrheimsvegen, Brotateigen kring 1870. Foto: Knud Knudsen UiB arkiv

 

Medan han arbeidde som butikksvenn i Bergen starta han samstundes ei lang karriere med frukt- og epledyrking. Mykje tyder også på at han i Bergen vart inspirert at dåtidas fotografi, daguerreotypi. Knud Knudsen starta sine fyrste forsøk med fotografering, men konsentrerte seg meir om fruktdyrking, noko han allereie i tidleg alder hadde fatta interesse for, og i 1850 starta han ein planteskule. Kvar vår tilbragte han 4-5 veker på Tokheim i Odda for å hjelpa til på foreldrene sin gard. I 1850 byrja han å eksperimentera med utanlandske fruktsortar. Han selde frukttre til fleire gardar i landet, var representert på nasjonale og internasjonale utstillingar med frukt og grønsaker, og vann fleire prisar mellom anna for eplene sine. I 1855 starta han med korgfletting, og gjekk etter arbeidstid i lære hos korgflettar Francke i Bergen.

 

Steinen på Tokheim Kolasteinen som høyrer til garden på Tokheim. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Knud Knudsen søkte om borgarbrev for å driva landhandel i Odda i 1859, men fekk avslag til fordel for Bård Aga, som vart forretningsmann og seinare bygde opp Aga hotel. Dette vart eit vendepunkt i Knud Knudsen sitt liv. Hadde han fått borgarbrevet, er det tvilsomt om han hadde vorte den berømte fotografen han vart.

 

I 1861 fekk han eit utdanningsstipend som gjorde at han kunne reisa til Tyskland og Nederland for å studera korgfletting og fruktdyrking. På denne reisa tok han med seg kamera, dokumenterte arbeidet sitt, og fotograferte landskap og menneske. Han kom attende til Odda for å arbeida vidare med fruktdyrkinga, men etter tre særs dårlege haustar, med kaldt og vått ver og skadeinsekter som øydela for frukthaustinga, oppretta han eit fotoatelier i Bergen i 1864.

Knud Knudsen fotograferte til ca. år 1900. Han døydde i 1915. Arven etter han består av fleire tusen bilete, men det finns nesten ikkje nokon bilete av han sjølv. Berre eit par sjølvportretter. 

 

Utendørs utstilling og Lindehuset

Odda kommune og Kraftmuseet opna den 21. mai 2015 friluftsutstillinga «Foto-Knud på Smelteverket» som er ei kunstfotoløype med fotografi på vegg og frukttre-lundar. Utstillinga med etablering av foto og informasjonstavler, samt etablering av frukttre og møtepunkt fekk tilskot frå Norsk Kulturråd, og frå Fylkesmannen i Hordaland. 

Klikk på lenka til høgre for å sjå brosjyra.

 

I 2019 gjekk Kraftmuseet i eit samarbeid med Odda kommune om å oppretta eit senter kring fotografen Knud Knudsen som ein del av museet. Til dette fekk Kraftmuseet ei løyving på 1,4 millionar over tre år. Arkivet etter Knud Knudsen (Universitetsbiblioteket i Bergen) er tatt inn i Norges dokumentarv (UNESCO sitt verdsminneprogram). Den store fotoproduksjonen til Knudsen har vidtrekkande digital formidling, men det har mangla ein fysisk arena som presenterer arbeidet – og dette vil Kraftmuseet og kommunen etablera i Odda der Knudsen kom frå. Ei utstilling var og sjå sommaren 2019, og sommaren 2020 er denne noko utvida. Den er å sjå i Lindehuset

 

Fram til 17. august 2019 hadde Kraftmuseet ei utstilling med filmen "Arven" i Lindehuset. Arven var produsert av Skirnir (Hybris Film) på 1990-talet og nylansert sommaren 2019. Frå sommaren 2020 har det kvart år vore utstillingar i Lindehuset med foto av Knud Knudsen.

 


På universitetet i Bergen finn du mange av hans foto i ein søkbar database: Samlingar på universitetet i Bergen

 

Kjelde: 

Knud Knudsen - bilder fra en nylig oppdaget samling 

Tone Aanderaa, universitetsbiblioteket i Bergen 1993

Sjå foto her: flickr.com/photos/vasskraftmuseet

 

 

 

Portrett av fotograf Knud Knudsen 1905-1914 Portrett av fotograf Knud Knudsen 1905-1914. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no