Vegen frå aust til vest går over høgfjellet, med dei begrensingar det fører med seg når årstidene somme dagar gjer det nær umogleg å krysse fjellovergangane.
Den gamle Haukelivegen vart påbyrja i 1857 og fullført i 1889 og snodde seg fram i 2,5 meters breidde over to fjellovergangar. Den var vinterstengt i perioden november til 1. juni, men kong vinter stengde nok vegen både tidlegare og heldt den stengt lenger utpå sommaren mange år. Difor var det eit sterke ønskje om heilårsveg i lang tid som gjorde at arbeidet kom i gang i 1959. Heilårsvegen sto ferdig vinteren 1967/1968. Mange tunnelar var løysinga på dei mest værutsatte stadene.
Heilårsveg over Haukeli from NVIM on Vimeo.
Foto frå NVIM sine arkiv viser arbeidet med å halde vegen open.