Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Bank i Odda og ei klokke.

Den første vellukka norske bank var Norges Bank, oppretta av Stortinget i 1816. Hovudsetet var i Trondheim, med filialar m.a. i Bergen.

Opphavet til banksystemet kjem frå Italia, der ordet Banco eller Banca var namnet på disken pengevekslarane dreiv si verksemd ved. Det var Bergen som var først ute med bankverksemd i Norge, då dei første pengesedlane vart trykte her i 1695.

 

I 1823 vart Bergen Sparebank grunnlagt. Ein av initiativtakarane, biskop Jacob Neumann, formana alle til å setta pengar i banken, slik at dei kunne forvaltas på ein god måte, i staden for å verta skusla vekk. Han hadde som mål å hindra usædelighed, letsind og overdaad på dette viset.

 

Det var næringslivet og industrialiseringa som førte til at det vart eit behov for forretningsbankar, der Bergens Privatbank var ein av dei første i landet. Banken følgde nøye med på utviklinga som skjedde i Odda, der bondesamfunnet var i rasant utvikling mot eit industrisamfunn. Bergens Creditbank oppretta ein filial i oktober 1907, allereie før fabrikkane var i gang. Sakførar Faye i Bergens Privatbank, sat i direksjonen i Cynamidfabrikken i Odda, noko som antakeleg gjorde sitt til at banken raskt etablerte seg i Odda. Faye fekk oppdraget med å finna ei passande tomt der dei kunne setta opp eit bankbygg. I sakskartet til styret den 24. april 1911 heiter det: 

Man var enstemmig af den opfatning at banken maatte skaffe sig fast fod i Odda - baade af hensyn til bankens nuværende forretninger med eksisterende industrielle anlæg derinde, og af hensyn til den udvikling som Odda baade med paatænkt udvidelse af disse anlæg og ved paatænkte nyanlæg vilde gaa imøde.

Etableringa av filialen i Odda skuldast altså at banken allereie hadde forretningar med industrien. Utvidingane av fabrikkane var eit anna viktig argument, og eigarane hadde stor tru på framtida.

 

Annonse i avisa Hardanger i januar 1919. Foto: Skjermdump frå Nasjonalbiblioteket

 

4. mai 1911 vart Peter Andreas Jersin tilsett som banksjef for Bergens Privatbank filial i Odda. Han var født i Bergen, og hadde allereie vore tilsett som sekretær ved Alby fabrikkane i Odda. Han hadde relevant praksis frå innland og utland. I november same år tok filialen namnet Odda Privatbank, Bergens Privatbank filial. Opningsdagen var 19. januar 1912, og bygget var å finna i sentrum av Odda, i Røldalsvegen, i dag gågata. 

Jersin var banksjef i tre år, etterfølgarar var Haakon Irgens i tida 1915-1919, Arthur H. Norill frå 1930 til 1934 og A. Olssen frå 1934. Albert Berge var banksjef på 1950- og 1960-talet.

 

Odda Privatbank kort tid etter opninga i 1911. Antakeleg er det Banksjef Jersin som står bak til høgre.

Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Banken hadde ei betydeleg rolle i Odda si utvikling, og etter at Bergen Creditbank avvikla si drift i Odda i 1931, vart alle industribedriftane og størstedelen av næringslivet Odda Privatbank sine kundar. Det var tydeleg at norske forretningsbankar involverte seg i kraftkrevjande industri, og gjennom filialane kom ein nær på kundane. Karbid- og cyanamidindustrien hadde tilsynelatande eit svært marknadspotensiale, og banken baserte sine utlån på marknadsvurderingar frå nokon av dei framste karbidekspertane i verda. Då ein av desse - direktør Albert Petersson ved Oddafabrikkane - forsvann sporlaust i 1914, var banken bekymra med tanke på fabrikken si framtid. Sakførar Faye reiste til London for å høyra korleis dei engelske eigarane vurderte denne. Inntrykket han sat att med var positivt. Karbidproduksjon var spesielt viktig under 1. verdskrig, til nitrogengjødsel, men også til sprengstoff og vidareforedling innan kjemisk industri.

 

Banken opna også kontor i Tyssedal. Det vart stengd under 2. verdskrig, men opna att etter denne var over.

Den 23. april 1940 slapp tyske krigsfly bomber over Odda. Den første bomba som råka bustader, drepte fem mennesker. Då den andre bomba fall i Røldalsvegen, hadde folk kommt seg inn i tilfluktsrom så ingen kom til skade. Bankbygget var eitt av bygga som vart råka, men ikkje øydelagt. 

Krig og fred i Odda Odda Privatbank den 23. april 1940 etter at ei tysk flygarbombe råka sentrum. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

I byrjinga, og i mange tiår, hang det ei lampe over inngangsdøra. Ein eller annan gong på 1950-talet byta ein lampa ut med ei klokke. Denne klokka vart etter kvart merka av tida den skulle visa, og stoppa opp. Ein freista reparera den fleire gonger, men dei siste åra stod den stille. Lokale krefter, med Sven Olaf Brekke i spissen, brukte moderne midlar - sosiale medier - til å samla krefter som kunne få klokka i gang att. Korleis det gjekk til, kan du lesa i historia under her, frå talen som initiativtakar Sven Olaf Brekke heldt:

 

Klokka i gågata er oppe på veggen igjen og den viser korrekt tid. Takket være alle oss.

Gjennom heile menneskets historie har vi vært opptatt av å måle tid. Først var det naturen som ble brukt med solur og vannur. Solur benytter seg av solas skygge som kunne si noe om når på dagen vi var . Vannur lot vann dryppe i en jevn rytme og på den måten fylte de et kar. Når karet var fullt vippet det rundt og gav signal. Slik kunne en måle tid uten avansert mekanikk.

Men på slutten av 1200 tallet ble det mekaniske uret oppfunnet og urskiva som deler opp tiden i timer og minutter med en lang og en kort viser ble fort en suksess . En eller annen gang på begynnelsen av 1950 tallet kom klokka vår opp på bygget som ble bygget av Bergen Privatbank tidlig på 1900 tallet. Tid er penger heiter det. Kanskje er det ikkje så unaturlig at nettopp banken ville ha klokka på veggen. Det signaliserer effektivitet. Tid er penger, tid er viktig,en skal være presis.  Det moderne menneske har det travelt. Når eg skreiv et stykke på Facebook for et år siden, der eg gav uttrykk for at det var leit at klokka i gågata forfalt, så var det mange som kommenterte klokka. de fortalte om barndomsminner om at det var på den klokka de lærte seg klokka, de fortalte kor fin klokka var når ho lyste opp i mørke høstkveldar. Alle skreiv at de håpte at klokka blei satt i stand. Klokka har hengt på veggen i nesten 70 år lengre enn noen av oss har levd. Den er en del av Odda, en del av vår historie, et kulturminne.

Det følger en forpliktelse med det å henge ei klokke på en offentlig vegg. Henger en opp ei klokke skal den vise korrekt tid.Eg synes  klokker som står stille representerer en slags sløvhet. Det er liksom ikkje så nøye! Det er nøye! Derfor var eg opptatt av å få i gang klokka på Odda ungdomsskole. Når klokko på ungdomsskulen var i orden blei eg opptatt av at klokka i gågata skulle gå rett. Byen vår fortjener å  ha ei klokka i gågata som virker!

Gjennom arbeidet med klokko på ungdomsskolen blei eg kjent med en klokkemakar som heiter Johannes Lavoll. Johannes var klokkemakar i Bergen i mange år Han monterte blant annet det nye urverket på rådhuset for ca 10 år siden, og monterte og den nye klokka på barneskulen. Då eg fekk tak i han budde han ikkje i Bergen. Han hadde blitt pensjonist, fått seg ny kjæreste og flytta til Mexico city! Men i 2019 er geografisk avstand ingen problem så lenge en har internett! Johannes ville gjerne hjelpa til.  Johannes kjenner engelskmannen Jim Foster, som leder klokkefabrikken Smith and Derby i London. Det er Jim sine folk som har bygd urverket på både barneskulen,rådhuset,ungdomsskulen og no klokko til Reidar og Kjersti Andersen i gågata.

Då eg tok kontakt med Reidar og Kjersti blei eg veldig glad når de og synst det hadde vært kjekt om klokka kunne komme til heder og verdighet igjen. Vi blei enige om at vi skulle søka kommunen om støtte til å restaurera det fine kulturminne som klokka er. Vi er takknemlige overfor kommunen og i særdeleshet Kristian Bondhus Jensen som gav tilsagn om støtte til restaurering. Det gjorde det mulig for oss å kjøpa både urverk og  visarar til begge klokkene som sitter i klokko vår.

Men det krevdes meir enn urverk og visarar. Klokko skulle ned fra veggen, den skulle plukkast fra hverandre, den skulle sandblåsast, reparerast og så malast igjen. Hovedjobben her har Ole Johnny Sørsand og guttane hans her på Oddaprodukt gjort! Tusen takk til dokke (Applaus)

Noen oppgaver var så spesialiserte at en måtte ha hjelp og det er hjelp å få i Odda. Det er imponerande kor mye spesialkompetanse som finnes på små og store bedriftar i Odda. Vi takker Odda Trykk og reklame, Odda plast,GK,Odda Energi,B Mikkelsen og Odda mekaniske verksted. Alle har de bidratt til at klokko no er lika flott som når den var ny og med et mye bedre urverk.

Vi håper klokko går nøyaktig i minst 70 år til.

Sven Olaf Brekke

På biletet som vart teke etter ei bilulykke i mai 1960, kan ein sjå at klokka viser ti over seks. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Kjelde: Banken i samfunnet. Bergens Privatbank/Bergen Bank 1855-1990. Ola H. Grytten, Elisabeth Bjørsvik og Yngve Nilsen. Bodoni Forlag 2013.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no