Utstillinga er laga av museumsordninga til NVE, der Kraftmuseet og Norsk skogmuseum er faste samarbeidspartnarar. Vi starta arbeidet med utstillinga i 2017, 30 år etter at kraftverket vart sett i drift.
Mykje er blitt sagt, skrive og formidla om Alta-saka i form av avisinnlegg, bøker, foto, dokumentarer, kunst og anna. Ulike miljøer og grupperingar har fortalt si historie. Den samiske rettighetskampen var avgjerande for den krafta saka fekk. Vi belyser dette i utstillinga, men det er ikkje hovudfokuset.
Utstillinga er ikkje forsking eller ei omfattande presentasjon av alle sider av saka, men inneheld ei mengd smakebitar frå arkiv og kjelder som ikkje er publisert før. Utstillinga prøver å nyansere og utdjupa ein del av norsk vassdrags- og energihistorie.
Nettutstillinga er ikkje statisk, vi vil fylle på med meir innhald etterkvart.
Altadammen ved Virdnejávri. Foto: Dag Endre Opedal/NVIM