Strandstedet Odde i Ullensvang herad - også kalla Oddapollen - er eitt av tre sokn i kommunen, saman med Ullensvang og Kinsarvik. I 1801 er her 10 huslydar med i alt 59 mennesker. Dei bur på gardane Bustetun, Bakke, Opheim og Prestegard.
Den veksande turisttrafikken sørger for at folketalet stig dei neste åra til 383 personar i 1900. Den gamle steinkyrkja frå 1200-talet vert riven i 1870, og ei ny trekyrkje bygd. Les meir om kyrkja si historie her.
Då Hotel Hardanger brenn ned ein augustdag i 1895 får folk seg ein alvorleg støkk. Takka vera det fina vêret, og turistbåten Vega som hjelper til med sløkkinga, kan ein forhindra at heile strandstaden stryker med. Eit brannvesen eller sløkkeordningar finnst ikkje. Huseigarane kjem saman og søkjer om å få oppretta Odda bygningskommune, noko som vert innvilga ved Høiestes resolusjon den 2. mai 1896. No kan kommunen gjera gjeldande vassforsyning, renovasjon, regulering og få på plass eit brannvesen. Les meir om Hotel Hardanger her
Berre ti månader seinare står eit nytt Hotel Hardanger klart til å ta imot nye gjester, større og flottare enn nokon kunne førestilla seg.
I 1902 kjem styresmaktene med eit krav om at det skal utarbeidast ein reguleringsplan. Bygningsstyret kvir seg for dette, då dei meiner at byggeverksemda i Odda no har stagnert, det vil kosta pengar, og det grip inn i råderetten til grunneigarane. Men departementet svarer med pålegg, og ingeniør O. Hagen lagar ein plan som vert sendt inn til godkjenning i 1905. Denne vert liggande i departementet til han er forelda og vert sendt attende i 1906. Ingeniør Sontum lagar ei sjakkbrettregulering i all hast som får godkjenning den 12. september 1907. Bygningsrammene for kommunen er då allereie sprengd, så planen vert forkasta.
På 1870-talet byrjer ein å utnytta vasskraft til produksjon av elektrisk energi. Stadig fleire vert merksame på at fossane og vassdraga kan byggjast ut for å produsera elektrisitet. Moglegheiter for storindustri basert på fossekraft skapar utsikter til rask forteneste. Oppkjøparar – eller fossespekulantar - reiser rundt i landet og kjøper opp fallrettar i stor stil for å selgja vidare med forteneste. Fosseoppkjøparane har ofta bakmenn i utlandet. Difor er 3/4 av fossane som er bygd ut til då på utanlandske hender. Styresmaktene må finna løysingar som både skal ivareta landets eigedomar, og samstundes leggja forholda til rette for industrialiseringa.
Professor Albert Petersson vert sendt til Norge for å sjå kvar det er mogleg å byggja ein fabrikk som skal produsera materialer verda treng – karbid og cyanamid. Han finn staden i Odda, der dei energiintensive omnane kan få billig straum frå dei store fossane.
Du kan lese meir om Albert Petersson her.
Ingeniøren, gründeren og visjonæren Sam Eyde er den som bygger ut Tyssovassdraget og vert første generaldirektør for AS Tyssefaldene før han i 1910 forlet selskapet. Konkurrenten Ragnvald Blakstad vert ny generaldirektør.
Industriutbygginga tek fart i åra 1906 til 1908, sakene veks bygningsrådet over hovudet, og den nye industribyen får dels gro opp utan plan og kyndig tukt. Den spreier seg fort ut over dei fastsette grensene, og folk byggjer der dei finn det for godt. Spørsmålet om eit vassverk til brannslokking, eit mat- og sanitær-, kloakk- og renovasjonsvesen melder seg. Men dette ligg utanfor bygningskommunen sin kompetanse, og saka vert overført til heradstyret, som vedtek nye helseforskrifter for Odda bygningskommune, der kvar huseigar skal syta for eigen renovasjon. I tillegg kjøper kommunen ein tømmingsplass på Kalvanes i 1910. Heradstyret gjev ikkje løyve til eit hovudkloakkanlegg før i 1911.
Fabrikkanlegget midt i Odda vert sett opp på rekordtid og skapar hundrevis av nye arbeidsplassar.
Vasskraftanlegget i Tyssedal er eitt av Europas største då det står ferdig til å levera straum til industrien den 4. mai i 1908, etter ein byggjeperiode på mindre enn to år.
Det kjem arbeidarar frå heile landet og Skandinavia, og folketalet stig til 3077 i 1910. Samstundes minkar folketalet i dei to andre sokna, der folket ser med angst på utviklinga og veksta i Odda, og meiner at det berre er eit tidsspørsmål før Odda kjem til å ha overtaket aleina. Dette er noko uvante tonar frå dei to sokna, som heilt sidan 1814 gjerne hadde sett at dei kunne verta kvitt Odda som dei syntes var ein klamp om foten. No melder spørsmålet om utskilling seg av andre grunnar. I 1909 spør amtmannen om det ikkje er på tide at Odda vert eige lensmannsdistrikt, og spørsmålet om ei heradsdeling vert pressa fram.
Den spreier seg fort ut over dei fastsette grensene, og folk byggjer der dei finn det for godt. Spørsmålet om eit vassverk til brannslokking og eit kloakk- og renovasjonsvesen melder seg. Men detta ligg utanfor bygningskommunen sin kompetanse, og saka blir overført til heradstyret, som vedtek nye helseforskrifter for Odda bygningskommune, der kvar huseigar skal syta for eigen renovasjon. Kommunen kjøper ein tømmingsplass på Kalvanes i 1910. Eit hovudkloakkanlegg får løyve i 1911.
Lasarettet, som er kome som eit midlertidig sjukehus er fullt til alle tider. Det vert bygd hus over alt der det er plass, og skulane er snart altfor små. Sakene veks bygningsrådet over hovudet, og den nye industribyen får dels gro opp utan plan og kyndig tukt.
Byggjinga av ein ny skule er presserande og startar i 1912. Kostnadene med den er det tidoble av dei tidlegare skulebygga, og i det heile hopar dei uløyste oppgåvene seg opp i industrisamfunnet, noko som gjer at den kommunale styringa vert tungvint og dyr for Ullensvang herad. Spørsmålet om heradsdeling aukar i styrke frå år til år. Bøndene i Odda er ikkje for ei deling. Dei vil då koma i eit mindretal og er redde for industrikriser og kva desse vil kunne føra til. Oddingane i heradsstyret meiner at tilhøva i Odda enno ikkje er modne for ei deling, og saka vert utsett. Delingssaka kjem opp til realitetsavgjerd i heradsstyret den 28. oktober 1911 og tilrådinga som vert vedteke er: "Herredet deles i tre således: Kinsarvik sogn blir Kinsarvik Herred, Ullensvang sogn danner Ullensvang herred og Odda sogn danner Odda herred."
Bygginga av ein ny skule er ein av dei tinga det hastar med, og startar i 1912. Kostnadane med den er det tidoble av dei tidlegare skulebygga. Til å teikna den nye skulen, hyrer kommunen inn den kjende arkitekten Schak Bull, og i 1913 står barneskulen i Odda sentrum ferdig. Det tek ikkje lang tid før skulen er for liten, og ei utviding må til. Også bedriftane, kommunen og private set i gang ei livleg byggeverksemd, om enn noko tilfeldig og uharmonisk.
Den 7. februar 1913 fell så den kongelege resolusjon for at Ullensvang kommune skal delast i Odda, Ullensvang og Kinsarvik kommunar frå den dag Kongen fastsett, som er den 1. juli 1913.
Det nye Odda heradstyre, som tel 20 medlemmer, vert kalla inn til skipingsmøte 12. juni 1913
Johannes Apold vert ordførar - dei borgerlege sikrar seg fleirtal med ordføraren si dobbeltstemme.Apold blir værande ordførar i Odda i seks år, frå 1. juli 1913 til 31. desember 1919
Samfunnet er i ei rask utvikling, og kommunen får vanskar med å etterkomma alle krav og lovar. Det finnst seks personbilar i Odda i 1913, men dei har berre lov å køyra på riksvegen og etter fastsette rutetider. Dei vert mest nytta til turisttransport, og må settast på stall når turistsesongen er over. Som vilkår for rutekonsesjon set heradsstyret at bilane skal «utstyres med sterke, lett hørbare fløiter». Sjåførane er sjølvlærde, og ein del meir erfarne Oslogutar vert henta inn til å køyra hotella sine bilar. Eit framlegg i heradsstyret i 1914 om å gje bilferdsla fri, vert nedrøysta med 8 mot 8 røyster.
Odda er ein av dei første byane i landet som får elektrisk straum til lys og enkle apparater i 1913. Butikkar og kaféar dukker opp over alt. Mange av dei nye arbeidarane er ungkarar og markedet for middagservering er i sterk vekst.
Oddafabrikkane sysselsett i 1913 om lag 1000 arbeidarar, dei fleste innflyttarar. Dagsløna er på 4-5 kroner for ein ti-timars dag, denne ligg eit godt stykke over det som er vanleg på denne tida. Ein får sjølvsagt meir for pengane også, til dømes kostar ein god slitedress 15 kroner.
Bedriftane byggjer boligar til arbeidarane sine, husmangelen er stor. Odda får eit slags bypreg over seg då Murboligen med 44 leilegheitar vert bygd. Teikningane med utkast til plan og fasade vert signerte av arkitekt Egill Reimers i september 1913 og byggjeperioden vert gjennomført i 1914 og 1915, og i 1916 bur det 250 menneske her.
Oddingane er særs aktive i idretts- og kulturmiljøet. Fleire kor og musikklag vert stifta, det same vert turn- og idrettsforeiningar, skilag, ballklubb og Odda idrettslag. Arbeidarparti og fagforeining har eigne kor, musikklag og idrettslag. Odda dramatiske Selskap vert stifta i 1916. I 1914 vert Folkets Hus bygd. Arbeidarane og fagforeiningane hadde kjempa for å få eit eige forsamlingshus, og då direktør Petersson gav eit lån på restsummen, kunne dei starte byggjinga. Folkets Hus vert kulturhus og forsamlingsstad for arbeidarar, lag og organisasjonar, med bakeri og butikk i første etasje.
Turistane liker seg ikkje lenger så godt i Odda som dei gjorde før industrien kom. Den gråblå røyken legg seg som ei skodde langt utetter Sørfjorden og oppetter Oddadalen på stille sommardagar. Turistskipa fortsett å koma heilt fram til første verdskrig, men hotella har liten glede av det, då passasjerane har alt dei treng ombord. Verst går det ut over Hotel Hardanger som er basert på eit internasjonalt publikum. Hotellet har vorte svart og sotete av fabrikkutsleppa, trea langsmed alleén har visna bort og strøket er alt anna enn fint. Hotellet reiser skadebotsak og fabrikkane vert dømde til å betala skadebot for ulemper og tap av inntekter. Denne vert ikkje utbetalt før i 1922, då har hotellet allereie slått seg konkurs.
Når 1. verdskrig bryt ut i 1914 er det eit sjokk for dei fleste. Bankane manglar snart likvide midlar, noko som gjer at alt arbeidsliv stansar momentant, i Odda må 1000 arbeidarar gå på dagen. På berre eit par dagar forlet 700 mann Odda. Dei utanlandske turistane reiser frå Odda hals over hove.
Midt i den verste krisa forsvinn grunnleggjaren av storindustrien i Odda og direktøren på Oddafabrikkane, dr. Albert Petersson. Han er om bord i Bergensbåten på ei reis til England. Det er den 19. august 1914, Albert er 44 år gammal. Ingen ser at han ramlar over bord midt på natta. Det blir leita etter han, men dei finn han aldri. Direktør Petersson er djupt sakna. Ikkje lenge etter kjem fabrikkane i full gang igjen, og går inn i sin beste periode med stort overskudd. Krisa i Odda er over for denne gong. I 1917 sysselsett Karbidfabrikken 740 mann, cyanamidfabrikken 397.
Rett etter verdskrigen vert Nitriden i Tyssedal bygd, sett opp på rekordtid av 700 arbeidsfolk. Etter eit mislykka forsøk med jernverksdrift og stort overskudd på elektrisk kraft, tek Ragnvald Blakstad opp forhandlingar med Det Norske Nitridaktieselskab, DNN, som ikkje lenge etter byggjer eit aluminiumsverk i Tyssedal. Allereie i desember 1916 startar produksjonen. Saman med Tyssefaldene AS oppretter Nitriden eit fellesfjøs med 50 kyr for å sikra matforsyninga til folket. Tyssedal har snart ei befolkning på 1000, og kravet om vegsamband til Odda presser på. Eit økonomisk samarbeid mellom AS Tyssefaldene og Odda kommune gjer at arbeidet med vegen startar ved Lindenes i 1916. Tyssedal vert eigen bygningskommune.
Anskaffinga av eit nytt sjukehus vert prioritert av det nya kommunestyret. Hausten 1918 står Odda sjukehus klart til innflytting, tidsmessig utstyrt og med plass til 28 pasientar. Distriktslege dr. Haavik blir overlege.
Arbeidsmengda aukar på i den nye kommunen, det må tilsetjast nye folk, men ein manglar eit administrasjonshus. Krigen og røyken frå industrien har sett ein stoppar for turismen, og Odda har for mange hotell, dei fleste står tomme heile året. Kommunen snakkar om å byggja eit kommunalt bygg på Bakka, det vert løyvd pengar til ein arkitektkonkurranse, men saka vert aldri noko av. Eigarane av Hotell Hardanger tilbyr kommunen å kjøpa hotellet, men meiningane om dette er delte, og diskusjonane går høgt. Først i andre røysterunde vert eit kjøp stadfesta med 12 mot 7 røyster.
Hotellet vert bygd ein del om innvendig og tilpassa dei forskjellege formåla eit rådhus skal ha. Etter kvart flytter dei kommunale kontora hit, her vert politikammer, formannskapskontor og herdsstyresal. Lensmannen får sitt kontor her og distriktslege dr. Haavik flytter inn. Kino, telegraf- og telefonsentral, sparebank, skule, foreiningslokale, Odda Folkebibliotek og leilegheiter kjem på plass.
Våren 1919 får Odda kommunestyre krav frå Tyssedal om ei utskiljing frå Odda kommune. Heradsstyret legg saka vekk i påvente av byspørsmålet, men ho vert aldri teken opp att. Tyssedal skule er ein av landets mest moderne då han vert bygd i 1919.
Den kjemiske industrien i Odda har utelukkande vore basert på krigsproduksjon. Etterspurnaden etter karbid og cyanamid var umetteleg i krigsåra, og fleire nye karbidfabrikkar har vorte reist i mange land. Då krigen sluttar oppstår ein veldig overproduksjon og store lager. Dette fører til at Oddafabrikkane går konkurs og legg ned produksjonen den 13. mai 1921. Talet på arbeidslause er 800, 200 fleire kjem til då Nitriden i Tyssedal – ein av verdas største produsentar på råaluminium, går konkurs og stenger eit par veker seinare.
Det er krisetider i Odda, som er den kommunen i landet som er hardast ramma – heile eksistensgrunnlaget vert rive vekk frå industrisamfunnet. Kommunen må setja seg i gjeld for å klara utgiftene til fattigforsorg og naudarbeid.
Trass i stengde fabrikkar og krisetider, fører arbeidsløysa og naudarbeidet på 1920- og 1930-talet til at Odda får 103 km med nye vegar, noko som ikkje hadde vore mogleg om ein ikkje hadde hatt tilong på dei mange arbeidslause.
AS Tyssefaldene ved direktør Ragnvald Blakstad tek over fabrikkanlegga i Odda, og startar forhandlingar med eit fransk-belgisk sinksyndikat - Compagnie Royale Asturienne des Mines. Kompaniet vil ikkje overta gjelda AS Tyssefaldene har, så samarbeidet vert ikkje noko av. Bankane overtek aksjane og ser det som ei nasjonal oppgåve å redda kraftverket, og aller helst fabrikkane, slik at dei ikkje kjem på utanlandske hender. I juni 1924 vert den såkalla Helsingör-avtalen underteikna. Karbidfabrikkane Hafslund-Meraker går saman med Nitridselskapet og Zinkkompaniet om å leiga den disponible krafta av AS Tyssefaldene. Det nya selskapet som vert oppretta, får namnet AS Odda Smelteverk. Frans Wilhelm Bruce blir adm. direktør og føremålet er å driva fabrikkar og omsetnad av kjemiske og metallurgiske produkt. Bygga og produksjonen er den same som før, og mange av dei tidlegare funksjonærane og arbeidarane kjem attende i jobbane sine.
Zink-selskapet som hadde vore med og rekonstruera AS Tyssefaldene, vil no byggja ein stor og moderne sinkfabrikk på Eitrheim, for å nytta den kraftmengda dei har bundne seg til å kjøpa. Krafta får dei gjennom ein undervannskabel som vert lagt over fjorden frå kraftanlegget i Tyssedal. Les meir om Zinken her
Igjen er det oppgangstider, som fører til at fleire skaffar seg bilar. Det vert god bruk for dei, då dei utanlandske turistbåtane fann vegen attende til Odda i åra med stillstand, og turistane vil framleis køyrast til fossane.
Ei nemnd hadde vorte sett ned i 1924 for å førebu ein gamleheim. Det finnst tomter både på Eide og i Vasstun. Med 27 mot 5 røyster vert Vasstun vald. Arkitekt er Olav Holm, og gamleheimen står ferdig sommaren 1928.
Før sinkkompaniet byggjer på Eitrheim, vert det sett i gang prøvedrift i halvteknisk skala i det tidlegare legeringsverket i Tyssedal. Arbeidshøva er vanskelege og det oppstår betydelege tekniske problem og mange ulukker.Prøvefabrikken vert nedlagt i 1927, og same året kjem anleggsarbeidet på Eitrheimsneset i gong for alvor. Den nye sinkfabrikken står ferdig våren 1929, og den startar med ein arbeidsstyrke på 400 mann.
Den økonomiske verdskrisa som startar i Amerika i 1929 fører igjen til rekordhøg arbeidsløyse i Odda. I 1935 er omkring 15 prosent av alle nordmenn avhengige av offentleg fattighjelp for å klara seg – i Odda er det om lag 900 arbeidslause, noko som fører til at forsorgsutgiftene vert store. Kommunen vil heller ikkje retta seg etter statens vilkår for naudarbeidsbetaling fordi denne er lågare enn forsorgssatsane. Odda kommune går konkurs og vert sett under offentleg administrasjon i desember 1932. Tapet av kommunal sjølvråderett varer heilt fram til oktober 1937.
Fotballen hadde sin spede start i 1918, då dei ymse laga spela på plassen aust for barneskulen, seinare på Almerket. Det var trangt på desse stadene, og ein del glasruter i nabolaget gjekk med. Så då idrettsplassen på Eide er ferdig utplanert i 1938, får fotball og friidrett endeleg plass til å vaksa.
England har ikkje eiga karbidindustri, noko som spelar ei stor rolle under verdskrigane. Dei er redde for å verta avskorne frå tilførsel, og planlegg å byggja eigne fabrikkar i England. Dette ville ha vorte eit alvorleg slag for norsk karbidindustri, og det vert inngått eit slags kompromiss om at The British Oxygen Company ltd. får ta over aksjemajoriteten i Odda Smelteverk AS, og på den måten få kontroll over produksjonen. Eitt år seinare får dei også konsesjon på å overta ein del av aksjane i AS Tyssefaldene. Leiinga ved smelteverket fortsett å vera lokal.
Då andre verdskrig startar, er det roleg i Odda, her synes krigshandlingane langt vekke, og for folk flest går livet sin vante gang,
Den 3. april 1940 får oddingane for alvor kjenna krigens herjingar. Sola hadde skint frå klar himmel i fleire dagar og alt er som vanleg denna dagen og. Litt før klokka 16 kjem det førsta flyet stupande inn over Odda i glideflukt frå Rossnos, og ei bomba fell på ei steinrøys i lia ovanfor Hjøllo. Steinspruten står tvers over dalen og slår hol i hustak på den andre sida. Heilt uventa, og så fort at det ikkje er tid til å senda ut flyalarm, kjem dei tyske flya og slepp sine bomber og spreier gru og redsel. Den neste bomba råkar huset som vert kalla "Ulvahiet" i Straumen og knuser det. Fira mennesker mister livet, tre kvinner og ein 15 år gammal gut. Fleire kjem alvorleg til skade, ein mister synet. Om lag ein halvtime seinare kjem det nesta angrepet. Ei bomba treff kaféen "Skytningsstova" midt i sentrum og smadrer denne heilt. Heldigvis har gjestene søkt ly i det provisoriske tilfluktsrommet på andre sida av gata.
Den 15. mai kjem dei første tyskarane til Odda, og det vert oppretta Ortskommandantur og sett i gong brakkebygging for troppane på Eidesmoen. Kommunestyret og administrasjon fungerer bra i byrjinga, men i løpet av mars 1941 vert heile kommunestyret erstatta av NS-medlemmer, og også i administrasjonen er det utskiftingar gjennom dei fem krigsåra. Nasjonal Samling under Vidkun Quisling er det statsberande partiet og heila folket skal melda seg inn der. I Odda er det rundt 30 aktive. På det førsta møtet i kinosalen hausten 1940 er det lite folk inne, medan hundrevis av oddingar demonstrerer utanfor. Tyskarane truer med represalier, så NS får til slutt halda møta sine i fred, men vert møtt med ein annan form for demonstrasjon - isfronten. Denne varer krigen ut.
Tyskarane har store planar om utbygging av aluminiumsfabrikkar over heile vestlandet. Krafta til Nordag-anlegget dei byggjer på Eitrheimsneset skal koma frå eit nytt vasskraftverk i Skjeggedal som AS Tyssefaldene allereie har planar over. Utbyggingsarbeidet har ingen framgang, på tross av om lag 1000 mann i arbeid. Alt er eit einaste rot. Då tyskarane ser at dei ikkje vil få anlegga ferdig under krigen, stansar dei arbeidet i 1943, og det som allereie er bygd av anlegget på Eitrheim, vert teke ned. Attende står eit rasert område som før utbygginga hadde vore åker og eng.
Motstandsrøyrsla i Odda er stor. Fjella og naturen gjev lokalkjente ein stor fordel når det gjeld å gøyma både folk og våpen – men det er farleg. Den 1. mars 1943 vert åtte oddingar og tyssedøler henretta – myrda av nazistane - på Trandum interneringsleir i Oslo. Dei vert dømde til dauden for «forsøk på bolsjevikisk undergravingsarbeid og virksomhet for en fiendtlig stat».
1950-talet startar med økonomisk framgang i Odda kommune. Skatteinntektene frå dei store industriselskapa sørgjer for god økonomi. Brannstasjonen vert bygd, bygningskommunen vert oppheva og Odda nye rådhus vert sett opp, kontant betalt og ferdig til bruk i desember 1957. Bygget får ein av dei flottaste kinoane i landet, og biblioteket som vert utvikla vidare av Dordei Raaen, skal verta eit av Noregs framste.
Odda sjukehus går frå å vera kommunalt til interkommunalt, og i 1946 planlegg kommunen å byggja eit heilt nytt sjukehus. Det kjem inn fleire arkitektforslag. Arbeidet med byggjinga av det nya sjukehuset vert sett i gong i desember 1953. Kostnadsoverslaget er på litt over 3,5 millionar kroner. Det nye Indre Hardanger sjukehus står ferdig 26. januar 1957, og totalkostnaden ender på 4,45 mill. Helsedirektør Karl Evang uttallar i høve opninga: "Det beste og billigste tredelte sykehus jeg hittil har sett".
Svømmebassenget "Folkabadet" vert bygd i 1960-1961. Arkitektar er Helge Abrahamsen og Hans Grinde. Utsmykkingane har den lokale kunstnaren Ragnar Grønsdal sin signatur. Svømmehallen opnar for publikum i august 1961.
Dei høgare skulane får sin plass på Eide. Ungdomsskulen i 1957, yrkesskulen i 1965 og gymnaset i 1969.
Den 17. januar 1961 kl. 12 slår ein seg gjennom fjellet mellom Tyssedal og Odda. Vegsambandet er endeleg ferdig.
I 1963 vert den imposante direktørbustaden - Brucevillaen - på Eide rive. Det er Odda Smelteverk som tek avgjerda, dei ynskjer å byggje fleire hus til sine tilsette i staden. Brucevillaen viker plassen for Brucehagen. Les meir om villaen her
I juni 1963 vedtek Røldal heradstyre med 7 mot 4 røyster at dei skal be om å få slå seg saman med Odda frå 1. januar 1964. Dette fordi dei er redde for at dei skal bli slått saman med Suldal, noko departementet har føreslått. Orsaka til ynskjet om ei samanslåing med Odda er den nye heilårsvegen mellom Odda og Røldal, og vedtaket om utbygging av Røldal-Suldalvassdraget.
Heilårsvegen og tunnelane mellom Røldal og Seljestad er ferdige i 1964.
I Skjeggedal vert Tysso 2 kraftstasjon endeleg bygd ut, og befolkninga i Odda får 50 hz istaden for 25 hz frekvens på all straum. Vasskraftstasjonar vert frå no bygd i fjell.
I 1968 opner heilårsvegen og europaveg 134 over Haukeli. Dette er det eldste vinteropne vegsambandet mellom aust- og vestnorge, med ein stadig aukande trafikk. Frå 2024 er det planar om bygging av nye tunnelar og vintersikker veg.
I 1970 har Odda over 10 000 innbyggarar, og tiåret skal verta hugsa som den tida då dei monumentale, historiske bygga i Odda blir rivne. Folkets Hus vart bygd av arbeidarane i 1914, no er dei ikkje meir, og ingen interesserer seg for det gamle ærverdige bygget. I 1969 underteikner Odda kommune og styret i Folkets Hus ei kontrakt om riving. I 1971 vert bygget jamna med jorda.
Når det er for lite tomteland til å setta opp store bygg, må ein tenka nytt. I 1972 vert det bygd idrettshall inne i fjellet under Eidesnuten, vest for idrettsplassen. Oddahallen ser vel eigentleg aldri dagens ljos, men han oppstår som ein unik, rivingsbestandig innandørs idrettshall.
Etter at det nye rådhuset i Odda står ferdig bygd i 1957, går utflytting og forfall på det gamle rådhuset hand i hand fram til 1974. Sjøfløyen vert riven i 1973, og dermed er den imponerande fasaden ut mot sjøen vekk, bygget framstår som noko amputert. Det ein gong så stolte bygget er no eit trist syn mot kva det har vore, og stemninga for riving vert større. Med 27 mot 17 røyster vedtek kommunestyret at det gamle rådhuset (Hotel Hardanger) skal rivast. Den 8. november 1976 tek dei til med rivinga, og i juni 1977 er det berre ein grushaug att av det som ein gong var det flottaste hotellet i Norge.
På 1970-talet er det klart at noko må gjerast med verdas mest forureina fjord. I 1971 innfører den norske stat lova om at norske verksemder må rapportera sjøutslippa sine, og at dei no treng konsesjon for avfallet. Det vert utført regelmessige målingar, som viser at Norzink berre på 1970-talet har sluppet ut kring 600 tonn avfalsstoff per døgn - rett i fjorden.
Fleire målingar vert tekne av vatnet i Sørfjorden. Desse viser at fjorden i Odda er eit av dei mest metallforureina sjøområda i verda. Tungmetalla fordeler seg utover heile Hardangerfjorden, kring 150 km frå Odda. Det første reinsetiltaket vert utvikla ved Zinken, då dei byggjer eit reinseanlegg for kvikksølv. Dette vert etterkvart ein eksportartikkel og eit døme på miljøteknologisk nyvinning som reduserer den globale forureininga av kvikksølv. Fram til i dag vert det stadig utvikla nye metodar for gjenvinning og redusering. Motstanden mot fleire utslepp i fjorden er etterkvart massiv, og frå 1986 byggjer Norzink fjellhallar. Avgjerda om å leggja det tungmetallhaldige slammet i fjellhallar utgjer ein historisk milepæl. Ein fjellhall er dobbelt så stor som Oddahallen, over 200 meter lang og med ein kapasitet på 70 000 kubikkmeter. Om lag kvar 14 mnd må det byggjast ein ny hall. Utsleppa i fjorden er reduserte med 99%.
I september 1980 sprekk eit av røyra i fjellsida over Tyssedal kraftstasjon, og nærare 30 000 liter vatn per sekund fossar nedover fjellsida. Hendinga fører til at den gamle kraftstasjonen stansar hovudforsørginga av straum til Odda-samfunnet, noko den har levert kontinuerleg i 72 år.
Statkraft sitt kraftverk inne i Tyssedalsfjellet Oksla står ferdig i mars 1980, og kan ta over vasskraftproduksjonen.
I 1981 vert Nitriden i Tyssedal riven. Dei utanlandske eigarane frå Canada og Storbritania manglar vilje til å investera, i 1975 tek staten over eigarskapet. Ein tenkjer å byggja eit nytt aluminiumsverk, men planane vert skrinlagde i 1981 grunna låge prisar på aluminiumsmarknaden.
Tyssedølene kjempar med nebb og klør for å behalda fabrikken – reiser til Oslo og demonstrerer foran Stortinget.
I 1986 vert ilmenittsmelteverket bygd som ei erstatning staten har lova Tyssedalsamfunnet. Også denne bedrifta kjem til å gjere mange miljøtiltak utover 1990-talet.
I mellomtida tek unge skribentar som har vakse opp med - til tider på - "Biblis", biblioteket i Odda, opp att skrivararva etter Gro Holm, og utvikler seg til landskjende forfattarar. Frode Grytten gjev ut si første diktsamling i 1983, og seinast i 1999, då han får Brageprisen for romanen Bikubesong, er han inne i det gode forfatterskapet. "Odda-forfattarar" vert eit begrep då Lars Ove Seljestad, Bjørn Ingvaldsen, Marit Eikemo, Knut Olav Åmås m.fl. skriv seg inn i lesarhjartene. Ideen om å oppretta eit litteratursymposium vert fødd og realisert i 2005. Arrangementet trekkjer fulle hus denne eine veka i oktober kvart einaste år framover.
I 1989 vert stiftinga Odda Industristadmuseum og Arkiv etablert som oppfylging av eit forprosjekt i kommunal regi starta i 1985. Prosjektleiar var Randi Bårtvedt. Lars Ove Seljestad skriv ein rapport og ei utgreiing om verneverdiar og attraksjonsverdi. I 1994 flytter museet hovudsetet frå Odda til Tyssedal, og skiftar namn til Vestnorsk Industristadmuseum. I eit møte 13.04. 2000 godkjenner Komite for Kultur og Helse, Hordaland fylkeskommune nye vedtekter for ei utvida stifting og namneendring til Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, og den norske Riksantikvaren freder vasskraftanlegget med kraftstasjonen, røyrgata og anlegget på Lilletopp.
18.6. 2018 vedtek styret å endra museet sitt namn til Kraftmuseet.
På 1990-talet er situasjonen for Odda Smelteverk skrantande. Den eldste av dei store hjørnebedriftene som har halde liv i byen er døyande. Direktøren frå 1984, Robert Hermansen, gjer seg i 1999. og i 2002 er fabrikken konkurs. Portane stengjer for godt den 03.03.2003. Slaktinga av smelteverket tek til, ein god del vert skipa til Kina.
Dei andre bedriftene i Odda veks, noko som gjer at nedlegginga av smelteverket ikkje fører til den store arbeidsløysa. Industrihistoria vert viktig for folk flest, og det kjem ut fleire historiske bøker. Nokon tek opp tråden om ei bevaring av sjølve verket som eit historisk monument, og Odda-samfunnet går inn i ei vond tid med store konflikter mellom folket. Ei folkeavstemming avgjer med minst mogleg margin at Odda skal seie nei til å bli verdsarv, få ein plass på UNESCO si liste over stader verd å ta vare på. Likevel snur kommunestyret avgjerda til eit ja, men dette vedtaket vert lagt i ei skuff. I 2011 freder den norske riksantikvaren Odda Smelteverk som det første industrianlegget i Norge, men går med på å rive deler av verket – som til dømes kalkomnane som var naudsynte for å produsera karbid.
I mellomtida er Folgefonntunnelen komen. I 2002 kan kvinnheringane køyra gjennom den 11 km lange opninga under isbreen til Odda, og oddingane kjem seg raskare til både Rosendal og Bergen. Ikkje lenge etter er Jondalstunnelen ei vidare utvikling av samferdsla som knyt oss saman. Då regjeringa bestemmer at små kommunar skal verta større, går Odda på friarføter til granneherada Ullensvang og Jondal. Noko motstridig seier dei seg til slutt viljuge til eit giftarmål, og den 01.01.2020 vaknar dei respektive borgarane opp i ein heilt ny kommune med namnet Ullensvang.
Kjelder:
Olav Kolltveit: Det Nye Odda
Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang, Kinsarvik
Kraftmuseet arkiv
Foto:
Kraftmuseet arkiv
Jan Gravdal
Harald Hognerud
Bjarne Eidnes
Noregs Ungdomslag