Det var ei jenta frå Jondal han hadde eit godt auga til, og han hadde smålura seg til å få greie på kva folk ho var av og korleis dei stod seg. Jau, det var bra og velhaldne folk - gardsmann Torbjørn Selsvik og kona Blanseflor. Jenta sjølv, Brita, var eit sømeleg menneskje og både vakker og blid. Det fekk stå sin prøve med henne.
Gardsfolk i Hardanger på 1800-talet. Illustrasjonsfoto - Kraftmuseet arkiv.
Ein laurdag ettermiddag ved krossmessetid tok Måns staskleda sine på og gav seg i ferd med færingen sin, ut Fyksesundet og over fjorden til Selsvik. Han kom fram om kvelden og vart vel og vyrdeleg motteken av Torbjørn og hans folk. Både sonen i huset og dei to vaksne døtrene, Kristi og Brita, var heime. Ølkagga vart snart henta, og praten gjekk om ymse ting, men ikkje eitt ord vart nemnd om noko som likna frieri den kvelden. Det vart servert helgedags-kveldsmat med andakt og synging etter god skikk. Måns hadde ei sers god songstemma, kunne tonane støtt og sikkert.
Seinare på kvelden vart Måns stillferdig borte ei stund, og dottera Brita likeeins. Men ved sengetid var dei komne tilrettes att, og Torbjørn fylgde Måns på loftet til gjestesenga han skulle ha og sa god natt.
Etter frukosten om morgonen etter gjekk Torbjørn og Måns ein lengre tur på garden, og sat sidan saman og prata utan at det vart sagt eit ord om kva Måns ville hos dei.
Det vart middag, og alle vart benka til bords att og etter mat vart det prata. Då fyrst drog Måns ærendet sitt fram og sa at han gjerna ville ha dottera i huset, Brita, til kona, om ho kunne vera så snill å ta han, og om folket hennar ville samtykkja. Brita svara ikkje med det same, men far hennar tykte det var eit bra tilbod, og mora var einig i dette. Måns var ein skapeleg kar, og gard hadde han og.
- Jaja, Brita, sa Torbjørn og vende seg til henne, - no står det til deg sjølv, korkje eg eller mor di skal tvinga deg.
No måtte Brita svara, og ho sa: - Eg veit ikkje, eg hadde ikkje tenkt å gifta meg enno. Ikkje kjenner eg stort til Måns heller, og er ikkje nett forelska i han.
Dei andre såg spørjande på kvarandre.
Så reiser Måns seg opp og seier: - eg tek meg ein tur ut, så de kan snakkast ved åleine imens. Og dermed gjekk han.
Brita, systera Kristi og foreldra vart att inne og heldt fram med drøftinga. Faren og især mora meinte at Brita måtte ta imot tilbodet, men Brita kom heile tida med motgrunnar og tvilsmål.
Systera Kristi fall så inn med denne fyndige tale:
- Eg skjønar meg ikkje på deg Brita! Du har eit tilbod du burde ta mot med begge hender, og så gjer du deg kostbar. Måns er ein fin kar å sjå til og han fører seg godt som me alle ser. Han er blid og triveleg, han har gard og buskap og godt laksefiske, så du får ikkje betre røykelaks om du reiser til Sogn. Og så synger han så levande fint!
Brita svarte: - Ja, når du tykkjer han er så gild ein kar og har alt så grust, så er det best du tek han sjølv då!
Kristi: - Ja, baud han seg fram, skulle eg såvisst ta han.
Faren og mora betenksomt: - Jau - jaja.....JAU!
Då Måns etter ei lita stund kom inn att, kunne Torbjørn fortelja at Brita ikkje fekk seg til å gje han noko ja, men ansåg han Kristi som god nok istaden, så ville ho vera ferdig til å slå til straks.
Måns tok det heile med uforstyrreleg ro, såg ein augneblink på kvar av jentene og sa: - Nåvel, det kan vera det same for meg - Kristi er og ei likandes jenta. Er det så at du vil slå til Kristi?
Kristi: - Ja visst gjer eg det!
Dermed vart det handslag og Torbjørn ynskte til lukka med desse orda: - De får ha lukka til då born, og alltid ha nok både av røykelaks og anna godt!
Bryllaupsfylgje i Sørfjorden på 1800-talet. Illustrasjonsfoto Knud Knudsen - Kraftmuseet arkiv.
Nokre veker seinare stod bryllaupet i Selsvik og Kristi flytte til Botnen. Året var 1785.
Måns styrde garden godt heilt til 1840, han døydde i 1844. Kristi vart ei god kona, arbeidsom, fredeleg og med godt humør. Ho døydde i 1831.
Måns og Kristi fekk ni born, to av dei døydde som små, sju søner vaks opp. Ei stor slekt nedstammer frå Kristi og Måns, ei slekt som er breidd over heile Kvam og fleire bygder i Hordaland, samt Amerika.
Stor slekt i Odda på 1800-talet. Familien Eide. Illustrasjonsfoto - Kraftmuseet arkiv.
Kjelde: Hardanger historielag årgang 1936 - forfattar Nils Skaar