I september 2011 pakka vi 28 faner og flagg i vatt og syrefritt silkepapir, la dei sirleg i store tekstilkartongar og sende dei til Bevaringstenestene i Salhus. Unntaket var nokre faner som er deponerte ved Kraftmuseet, men vi håpar at også desse verdifulle fanene kan få plass i spesialmagasinet etter kvart.
Fagforeningsfane frå 1933
I den tidlegare trikotasjefabrikken i Salhus er det bygd konserveringsverkstad og klimastyrte magasin. Musea i Hordaland har fått eit svært godt magasintilbod og Hordaland Fylkeskommune tek rekninga. Det er særleg gjenstandar av eineståande regional/nasjonal interesse vurdert ut frå gjenstanden sin kunst- og kulturhistoriske verdi som skal få plass i fellesmagasinet. Musea sjølve avgjer kva gjenstandar ein vil senda. Kraftmuseet synest fanene er mellom dei viktigaste gjenstandane i samlinga vår. Tekstilkonservatorane kan vurdera tilstanden og rekna ut pris på konservering eller full restaurering. Ofte er fanene skadde i dekor, faneduk eller frynser og må reparerast forsiktig for å kunna stillast ut seinare.
Ei av fanene som er til oppbevaring på Salhus.
Dei to eldste fanene etter Tysso Elektrikerforening er blitt konserverte i Salhus. Då Tysso Elektrikerforening opphøyrde, vedtok dei på siste medlemsmøtet å gje resten av pengane sine til Kraftmuseet, øyremerka konservering av fanene. Det er vi svært takksame for. Foto, omtale og rapport ligg på Digitalt Museum.
Dei eldste fanene frå Odda er om lag hundre år gamle. Mange er i god stand, medan andre er tydeleg merka av slitasje og hard bruk eller dårleg oppbevaring. Fanene har vore viktige samlingsmerke og uttrykker verdiane i organisasjonen gjennom symbol og tekst på fana. Til faneutstillingane i museet i Tyssedal i 1995 og 1997 samla vi mange opplysningar om dei eldre lokale organisasjonane og fanene. No blir dei tatt skikkeleg vare på og dokumentert med tanke på seinare utstillingar med meir.
Tekst publisert 3. okt. 2011: Brita Jordal, fagkonsulent. Redigert 24.4.2019.