Arkivavdelinga på Kraftmuseet har oversikt over store deler av arkiva etter hjørnesteinsbedriftene i Odda - Odda Smelteverk AS, A/S Tyssefaldene, DNN aluminium og Outokumpu Norzink.
Vidare finn vi mange fagforeiningsarkiv og ei lang rekkje med arkiv etter frivillige organisasjonar frå dei fleste samfunnslag. Som eksempel nemner vi: Odda Arbeiderparti av NKP (OLA/72), Odda Venstrelag (OLA/27), ulike kor og korps, edruskapslosjar, folkeaksjonane for og mot pol i Odda, idrettslag, etc. Vi har og enkelte forretningsarkiv etter mindre verksemder og butikkar, men dette området er dårlegast dekka.
Sortering av arkiva etter bokhandlar Ola O. Hagen i Odda i 2014. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Arkivkatalogane er ikkje tilrettelagde for søk via nettet, men katalogar og detaljerte oversikter er utarbeidde og er tilgjengelege i papirform. Interesserte arkivbrukarar får hjelp ved å ta kontakt med arkivpersonalet på museet. Målet er å få registrert informasjonen om arkiva digitalt i ASTA – arkiv-regisreringssystemet utvikla av Riksarkivaren og Landslaget for Lokal- og Privatarkiv (LLP). Nærare 200 ulike arkivskaparar er registrerte.
Opptakten til Kraftmuseet var forprosjektet Odda Industristadmuseum og arkiv. Det var altså heilt frå starten gjort klart at eit museum bygd opp omkring industrien og industristaden også måtte ta vare på dokumentajonen som låg i arkiva. Odda kommune ønska samstundes leggja til rette for eit lokalhistorisk arkiv som tok vare på materiale frå frivillige organisasjonar og anna skriftleg eller dokumentbasert materiale som ikkje naturleg høyrde under Odda bibliotek si lokalsamling.
Innsamlinga av foreiningsarkiv var særleg intensiv i periden 1987-1988. Materiale frå både nedlagde og aktive organisasjonar blei samla inn og ein del er komne til i åra etter. Aktive foreiningar leverer frå seg etter kvart som protokollar er utskrivne eller eit arbeid eller ein periode er avslutta. Alle er velkomne til å ta kontakt for å levera inn materiale til lokalhistorisk arkiv.
Samlinga etter fotograf Knud Knudsen på Tokheim i Odda. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Signering av overtakinga. Siri Jordal og Jan Reidar Tokheim. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Siri Jordal tek imot Bauge-samlinga frå Odda kunstforening ved Svein Hagen. Foto: Harald Hognerud