DigitaltMuseum er dei kulturhistoriske museene si felles formidlingsløysing for fotografier, gjenstandar og kunst. DigitaltMuseum inneheld informasjon om kring 2,4 mill. objekt frå 214 museer og samlingar i Norge (status 2019). Objekta vert presentert på DigitaltMuseum med m.a. følgjande dataelement:
- beskriving
- namn
- bilete - historisk fotografi, eller avfotografert gjenstand eller kunstverk
- stadfesting - kommune, adresse, stadnamn eller koordinater
- type, emneord, klassifikasjon
- referansar
Registreringane er i all hovudsak basert på katalogiseringsstandardane for kulturhistoriske gjenstandar og fotografier (se ABM-U). Objekta er registrert på forskjellege tider, på forskjellege institusjonar og av forskjellege personar, og det gjer at informasjonen kan avvika litt, sjølv på same type objekter. Dei enkelte institusjonane kan ha ekstra informasjon om objekta.
Data frå DigitaltMuseum er tilgjengelege via Norvegianas API. Dette APIet leverer data om enkeltobjekter i xml, json eller kml-format. Ein stor andel (særleg foto) er stadfesta med koordinater (geografiske desimalgrader og UTM 33). APIet er ope, og det krevs ingen nykkel.
KulturIT har også eit eiget API til DigitaltMuseum.
Lisensen (dvs. rettigheiter til gjenbruk) ligg på postnivå, og vil såleis variera frå post til post i datasettet.
Data via KulturITs API vert kontinuerleg oppdatert, og via Norvegiana ukentleg.
Norvegiana og dei enkelte datasetta er beskrevet i notatet “Norvegiana og KNreise – datamodell, innhold og databaser, API”.
DigitaltMuseum vert utvikla av KulturIT.
Slik ser Kraftmuseet si side på Digitaltmuseum ut. Per 2020 har Kraftmuseet 16 370 foto, film og gjenstandar, og samlinga er vaksande. Klikk på biletet for å koma inn på sida.