Det gjer at det er desto viktigare å ta vare på dei gjenverande kulturminna. Krigens kulturminner var ei av satsingane til Riksantikvaren i 2015. Les meir om dei på riksantikvaren sine nettsider: krigens kulturminner
Krig er fyrst og framst ei tragedie. Mange oddingar blei tekne til fange, torturert og drept av nazistane. Den 8. mai 1945 var freden endeleg eit faktum, og litt etter kvart byrja det å dukke opp historiar om kva folk hadde opplevd.
Her kan du lese meir om Krigsåra i Odda
Den tyske okkupasjonsmakta var også til stades i Tyssedal, der dei la beslag på kraftproduksjonen som var viktig for utbygginga av Tysso II i Skjeggedal og Nordaganlegga på Eitrheimsneset.
AS Tyssefaldene var lite samarbeidsvillige, men gjorde det mest naudsynte for å hindra at tyske myndigheiter kunne kome til å ta over selskapet. Allereie i september 1939 fekk AS Tyssefaldene delar av røyrgata og fordelingsbassenget på Lilletopp gjerda inn med piggtråd i tillegg til å postera væpna vaktpostar.
Etter ein sabotasje på røyrgata i Ålvik i 1940 la dei tyske okkupasjonsmyndigheitene ut miner bak piggtrådgjerda og sette opp lyskastarar på Lilletopp. Dei hadde fått høyra om sabotasjeplanar som gjekk ut på å sprenga røyrgata i Tyssedal. På oppdrag frå tyskarane og AS Tyssefaldene sette entreprenørfirmaet Høyer Ellefsen i 1941 opp ein sperredam bak kraftstasjonen. Denne skulle visa seg å ha den ønska effekten mange år seinare, då eit røyrbrot om lag 300 meter ovanfor kraftstasjonen sende enorme mengdar vann nedover fjellsida og mot stasjonen i september 1980. Kraftstasjonen blei fylt med vatn opp til vindauga, men sperredammen leida det meste av vatnet forbi slik at stasjonen blei verande inntakt.
Inne i kraftstasjonen står det framleis att eit kulturminne frå krigens dagar. Den tyske vakta som var postert her hadde fått sett opp eit einmannsbomberom som skulle beskytta han i tilfelle sabotasje. Det blei ofta verre for soldaten å stå inne i bomberommet, for maskinistane hadde moro med å stenga døra frå utsida.
Kanon på Reinsnos
Ein dag kom ein lastebil til Tveit med ei kanon plassert på lasteplanet. Kanona var produsert på Elswick Works i Newcastle og skal opprinneleg ha vore på eit marinefartøy. Det blei også sagt at den hadde vore i bruk under kampane ved Fossen Bratte på Kvamskogen.
Nokon karar på Tveit demonterte den og gjøymde den i ei hola under Reinsnosvegen til krigen var over. Då tok dei den fram att, sette den saman og plasserte den i ein hellar ved Reinsnosvegen ovanfor Tveit, der den står den dag i dag.
Bunadkledde folk omkransar kanona i Skare våren 1945. Foto: Kraftmuseet arkiv