NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Koke elektrisk - smile mer

I 2008 viste Kraftmuseet utstillinga Koke elektrisk- smile mer – om gamle elektriske gjenstandar og anlegg i hus og heim. 

I 1908 leverte AS Tyssefaldene straum til fabrikkane i Odda.

Alt i 1908 var forventningane til elektrisiteten sitt inntog i heimane store. I heftet Elektrisitetens praktiske anvendelse kan vi lesa:
Elektriciteten har aabnet os mulighed for udnyttelse af store værdier – værdier, som i aarhundreder har henligget ubenyttede og upaaagtede, men som nu med et slag er blevet en faktor af største betydning for vårt økonomiske liv. Maatte det nu lykkes at udnytte disse naturrigdomme, saa de fuldt du kommer vort land til gode. Men skal dette naaes, maa elektriciteten ikke alene blive den arbeidende energi i de store bedrifter, den maa blive allemands eie og trænge sig ind i de tusinde hjem. 

 

Odda Lysverker blei etablert i 1912, og i 1913 fekk folk i Odda sentrum elektrisitet privat.

 

I dag kan ein i museet sine hus i Folgefonngata sjå døme på elektrisk opplegg frå fleire generasjonar. Dei fire leilegheitene i nr.11 viser utviklinga frå husa første gong fekk innlagt straum og fram til 1950-åra.  Sjølvlagde komfyrar og vaskemaskiner var ikkje noko særsyn i dei dagar. Odda hadde mange flinke fagarbeidarar og på smelteverket var det ikkje uvanleg at dei bruka verkstadane og gjekk saman om å laga elektriske ting dei hadde bruk for. I Odda måtte ein også omarbeida motorane til 25 periodars straum eller 25 hertz i staden for 50 hertz. Slik var det fram til 1967.

 

Elektrisiteten forandra arbeids- og dagleglivet til folk. Elektrisiteten gjorde kvardagen lettare, - husmora kunne smila meir.  Slik framstilte reklamespråket det i alle fall. I løpet av dei siste 100 åra har det kome ei rekke nye gjenstandar som er basert på elektrisitet. 

 

Hvis du klikker på biletet, kan du sjå nokon av dei filmane som var med i utstillinga:

Filmplakat: Kjære husmor

 

 

Eller du ser ein av dei her:

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no