Stadnamnet vart opprinneleg uttala "Skjeggjadal". Frå 1800-talet låg det eit hotell i Skjeggedal, men det vart lagt ned etter den fyrste kraftutbygginga.
I middelalderen budde det og folk her. Det mannlege namnet Skjegge var kjend i Sørfjorden frå den tid. Skjeggedal er ikkje nemnd før i 1616, og då som Ødegård. På Island tyder "Skjeggjadal" ein stad med fossar som risen budde bak, og risen hadde stort skjegg.
Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Ringedalsdammen
Ringedalsdammen ligg i Skjeggedal, og vart oppførd i Ragnvald Blakstad (1866-1929) si tid som direktør for A/S Tyssefaldene frå 1910 til 1923. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Demningen er bygd i håndmeisla granitt, og er den største håndmeisla demningen i Norge. Første byggetrinn er i håndhogd granitt lagt i sementmørtel. I neste byggetrinn er den indre delen av betong og stein, med den største betongmassen mot vatnet. Inne i dei nedre og bakre delane er det store granittblokker lagt i betong. Inne i dammen er det ein langsgåande inspeksjonskanal. Det oppsto tidvis lekkasjar, og i 1929-31 blei det støypt ei jernbetongplate på vatnsida. Tyssedal var igjen ute med ei teknisk nyvinning; støypeteknikken Chr. F. Grøner brukte, vakte oppsikt.
Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Ringedalsdemningen er 521 meter lang og 33 meter høg. Breidden er 4 meter ved damkrona og 21.5 meter ved foten. Magasinkapasiteten er 407 mill. m3, der 202 mill.m3 er oppdemma. Dammen står imot 490m³. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Det er trollet si gigantiske middelalderborg med toppen som tenner og portmotiv ved slusene som møter deg på vegen inn i fjellet. Dammen er dekorert med ei damkrone utforma etter modell av ei middelalderborg. På midten kan du sjå initialane til Ragnvald Blakstad, samt årstala for byggeperioden då demningen vart bygd, utført i 4 meter høge bokstavar i håndhogga granitt:
Blakstad sine initialar. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Frå Ringedalsdemningen kan du spasera innover Ringedalen, eller du kan gå over demningen og vidare opp til Mosdalen. Ringedalen er godt egna som startpunkt for turar i fjellet; for jakt og fiske, eller fotturar innover Hardangervidda.
Pumpehuset - Skjeggedal kraftstasjon Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Skjeggedal kraftstasjon
Krafstasjonen vart bygd i 1938 for å nytta vatnet frå Ringedalsdammen ned til Vetlevatn. Den nye kraftstasjonen Oksla, som tok over produksjonen for Tysso I i 1980, får vatn frå Ringedalsvatnet. I 1986 vart Skjeggedal kraftstasjon snudd om til ein pumpestasjon og vatnet vert pumpa opp att i Ringedalsvatnet gjennom same røyr som det tidlegare rann ned i.
Skjeggedalstova. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Skjeggedalstova
Skjeggedalsstova er ei gamal røykstove/ljorestove frå 1817 som høyrde til det gamla tunet på gården i Skjeggedal frå 1866.
"Det stod ei gamal årestove i Skjeggjadalen eller i Dalen, som folk sa. Ho Gamla-Marta fortalde om henne. Ho var ti alner i firkant og bygd av stort rundtømmer. Ho hadde ikkje vindaugo, sa ho, berre ljore. Ho Marta budde i denne stova i ungdomen, og i denne stova var ho fødd".
Skjeggedalstova er ei tradisjonell røykovnstove frå Hardanger, med gang, kleve og stoverom med trapp til rom på loftet frå gangen. Stova blei tatt ned på 1960-talet og flytta av museumsnemnda i Odda kommune til ei tomt ved Solfonn turisthotell, Seljestad. Seint på hausten 2001 vart stova demontert, flytta ”heim” og reist på gamal tomt tilknytta det gamle Skjeggedalstunet. I 2005 vart den gamle røykomnen murt opp, ljoren kom på plass, trapp til lemmen, tradisjonelle bord og benkar til ca. 30 personar, enkel innredning med hyller og kjøkenbenk. Det vart brukt enkel linoljemaling på vindauga og ytterdør og ei askeliknande overflatebehandling inne i stova. Dette skjedde i regi av bygg- og anleggsavdelinga ved Kraftmuseet (Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum) i samarbeid med Ivar Gravdal.
Kraftmuseet er eigar av Skjeggedalstova.
Kvernhuset i Skjeggedal. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Kvernhuset som står bak Skjeggedalsstova er frå 1813. Det viser gardssamfunnet si måte å utnytta vasskrafta på. Slike vasskverner har vore i bruk i Hardanger sidan 1300-talet. Huset og kvernkallen er usedvanleg små. Garden låg langt til fjells med lite og dårleg fjelljord. I bygdeboka frå 1866 står det skrevet om garden: "8 mål åker, 54 mål natureng, har noko furetømmer å selja, 1 mils fårleg og tungvint veg til sjøs,jorda er kald og dulugt".
Kvernhuset stod ferdig restaurert i 1997.
Tyssestrengene innst i Ringedalen. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Ringedalsfossen og Tyssestrengene (regulert frå 1967)
Tidlegare var turar med båt på Ringedalsvatnet ei turistattraksjon. Lokale guidar førte passasjerar med båt inn til Ringedalsfossen, ein mektig foss med 160 meter fritt fall. Her kunne ein og observera dei flotte Tyssestrengene i fritt fall. Tyssestrengene var dei tredje største fossefalla i Europa med over 300 meter fritt fall.
Desse fossene er i dag regulerte og i hovudsak tørrlagte. Men i periodar med store mengder nedbør og overløp i magasinene, renn det vatn ut i Ringedalsfossen. Det skjer som oftast på haustparten, og i desse periodane kan ein oppleva ein liten smakebit på den attraksjonen som trakk turistar frå heile Europa til Tyssedal og opp til Skjeggedal.
Ringedalsfossen innst i Ringedlasvatnet. Foto: Kraftmuseet arkiv
Tyssestrengene tvillingfoss var ein turistmagnet på slutten av 1800-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv
Turistane vart rodde inn til fossane. Foto: Knud Knudsen Kraftmuseet arkiv.
Trolltunga med utsikt over Ringedalsvatnet og Folgefonna. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Trolltunga
Trolltunga er ein av de meist spektakulære fjellformasjonane i Norge. Den ligg 1100 moh, ca. 700 meter over Ringedalsvatnet i Skjeggedal. Folk frå heile verda kjem til Hardanger for å oppleva Trolltunga. Det er absolutt ein 'once-in-a-lifetime' oppleving. Ta kontakt med TrolltungaActive eller visit Odda for mer informasjon.
TUREN:
Tid: ca. 8-10 timar t/r.
Lengd: ca. 11 km ein veg, høgdeforskjellen er ca. 900 meter.
Sesong: 15.juni - 15.september.
Det går T-merka sti frå parkeringsplassen i Skjeggedal til Trolltunga. På vegen er det skilt som viser distansen du har gått og kor langt det er att. Turen startar med ei bratt stigning frå parkeringsplassen i Skjeggedal opp til Mågelitopp, eller langs den nye bilvegen. (Mågelibana er ikkje lenger i drift). Stien går vidare flatt innover før ein går på ein ny meir moderat stigning. Deretter fortsett turen relativt flatt innover mot Trolltunga med nokon moderate stigningar.
Preikestolen
Aust for Trolltunga finn du Preikestolen, eit platå som også stikker ut ca. 700 meter over Ringedalsvatnet. Preikestolen i Ringedalen er mindre enn den berømte Preikestolen i Lysefjorden i Rogaland. Preikestolen i Skjeggedal hadde dette namnet den gong Preikestolen i Lysefjorden heitte Hyvlatonnå.
Himmelstigen
Innst i Ringedalen finns ein arbeidsveg som dei tilsette ved AS Tyssefaldenes brukte for å koma seg opp til magasinene på fjellet. I dag kan du klatra ein liknande veg saman med erfarne klatreguider frå TrolltungaActive