NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Knud Knudsen

Den berømte fotografen Knud Knudsen kom frå Tokheim i Odda og er gravlagd på gravlunden på Berjaflot. 

 

Knud Knudsen reiste over heile Norge og tok bilde. Dei fyrste fotografia frå Odda tok han tidleg i 1860-åra. Arkivet etter han tel mange tusen fotografi og er med på  UNESCO-lista over Norges dokumentarv.

 

I den samanhang hadde Odda kommune og Kraftmuseet i samarbeid fleire markeringar, den fyrste var den 21.mai med opning av friluftsutstillinga «Foto-Knud på Smelteverket» som er ei kunstfotoløype med fotografi på vegg og frukttre-lundar.

Utstillinga med etablering av foto og informasjonstavler, samt etablering av frukttre og møtepunkt fekk kr 300 000 i tilskot frå Norsk Kulturråd og kr 300 000 frå Fylkesmannen i Hordaland.

 

I 2019 gjekk Kraftmuseet i eit samarbeid med Odda kommune om å oppretta eit senter kring fotografen Knud Knudsen som ein del av museet. Til dette fekk Kraftmuseet ei løyving på 1,4 millionar over tre år. Arkivet etter Knud Knudsen (Universitetsbiblioteket i Bergen) er tatt inn i Norges dokumentarv (UNESCO sitt verdsminneprogram). Den store fotoproduksjonen til Knudsen har vidtrekkande digital formidling, men det har mangla ein fysisk arena som presenterer arbeidet – og dette vil Kraftmuseet og kommunen etablera i Odda der Knudsen kom frå.

 

 

Sjå foto her: flickr.com/photos/vasskraftmuseet

 

Portrett av fotograf Knud Knudsen 1905-1914

Knud Knudsen på Tokheim i Odda. Foto: Kraftmuseet arkiv

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no