NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Røldal og Odda vert ein kommune

I den nye bygdeboka til Røldal kan ein lesa at Røldal geografisk sett er eit framhald av Suldal, og burde som dette høyrt til Rogaland fylke. Når desse to bygdene frå gamal tid likevel har høyrt til kvar sitt fylke, har det nok si årsak i at den 20 km lange Brattlandsdalen som ligg mellom dei, meir stengde for samferdsla enn batt saman.

 

øldal Bygdemuseum historiske foto

Røldalsfilmen frå 1963. Røldal from NVIM on Vimeo.

 

 

Då det kom vegsamband til Røldal på slutten av 1800-talet, fekk røldølingane eit godt samband til Odda og sjøvegen der sommarstid. Vegen til Suldal var lang og kronglete, med båt over Suldalsvatnet. Men om vinteren, når Røldalsfjellet og Haukelifjell var stengde, var dette einaste vegen ut av bygda.

 

 

Røldal og Odda

 

Kven skulle Røldal høyra til?  I 1946 kom Nils V. Storhaug med eit framlegg til kommunestyret om at Røldal skulle søkja seg til Rogaland fylke. Kommunestyret vedtok då samrøystes å setja ned ei nemnd som skulle greia ut saka og sjå på fordelar og ulemper med ei eventuell overflytting. Ikkje før i 1952 kom saka opp att. Då var kommuneinndelingskomiteen, populært kalla Schei-komiteen etter formannen Nicolai Schei, komen i arbeid med å reformera den norske kommunestrukturen.

 

I møteboka til Røldal formannskap og kommunestyre går det fram eit vedtak:

Ei samanslåing med t.d. Suldal no, ville ein sjå på som eit stort steg attende i utviklinga, og til stor skade for Røldal. Sjøv med sikkert heilårssamband gjenom Bratlandsdalen og langs Suldalsvatnet (noko som truleg aldri kan garanterast), vilde dei lange avstandane gjera administrasjonen og samkvemme mellom sentrum og folket ute i periferien so tungvint og kostbart at alt talar mot ei sovori samanslååing. Derimot vil Røldal, med eit framtidig heilårssamkvem over eller under Røldalsfjellet og Haukelifjellet og ein rikeleg tilgang på elektrisk kraft, verta ein kommune med rike utviklingsmoglegheiter, og kanskje med tida verta eit blomstrande sentrum mellom Austland og Vestland, med eit aukande folketal og rimelege levevilkår. Dermed vil og kommunen etterkvart verta i stand til på tilfredsstillande vis å skaffa folket i bygda ymse sosiale goder som enno manglar.

 

 

I kommunestyret såg ein altså lyst på framtida og gjekk samrøystes mot at Røldal skulle bli slått saman med andre kommunar. Då Schei-komiteen kom med ei førebels tilråding før jul i 1957, heitte det at Røldal og Odda burde få halda fram som kvar sine kommunar. 

 

Det var ein del å utsetja på dei kommunale forholda i Røldal, så i 1962 inngjekk ein difor ein avtale med Odda kommune om interkommunalt samarbeid om tekniske tenester. Ei landsomfattande modernisering og utviding av skuleverket med obligatorisk 9-åring einskapsskule gjorde at stoda i Røldal innan skulesektoren ikkje var så god. Ikkje minst var det problematisk å skaffa kvalifiserte lærarar.

 

 

I 1961 offentleggjorde Schei-komiteen si endelege tilråding for den framtidige kommunestrukturen i Hordaland:

Røldal ligg geografisk sett slik til at samanslåing med andre kommunar synest vanskeleg å gjennomføra - om tilhøva ikkje skal bli verre for innbyggjarane enn dei er. Kommunen har elles greidt seg bra økonomisk og ligg godt samla, slik at utbygging og administrasjon fell rimeleg. Komiteen gjer difor ikkje framlegg om noko endring, men vil likevel peika på at ettersom det no vert heilårsveg mellom Røldal og Odda stiller saka seg noko annleis enn før. Kommunikasjonstilhøva vil ikkje då vera noko hinder for ei samanslåing av desse to kommunane, og ein reknar med at folket i Røldal vil koma til å tilby både sine varer og si arbeidskraft i Odda, slik at ei sams kommunal tilknyting ikkje vil vera urimeleg. Komiteen vil no berre reisa spørsmålet og går ut frå at departementet vurderer saka nærare.

 

Blant røldølingane var meiningane delte om kva ein ønskte. Ordførar i 1960-62, Ingvald Øvregård, var for samanslåing. Saka kom opp i kommunestyret i Røldal 5. januar 1963. Ingvald Øvregård stod fram som den fremste talsmannen for samanslåing, og fekk følgje av fleire. Argumenta deira gjekk ut på at Odda hadde mange gode, som ei samanslåing ville gje Røldal del i, og at Røldal som eigen kommune kunne få mange vanskar når utbygginga var ferdig. Argumenta frå motsida lydde på at Røldal ville få store konsesjonsinntekter, og at bygda i tilfelle samanslåing ville bli ein utkant. Med heilårsveg ville ein få gode vilkår for industriutbygging og få eit godt samarbeid med Odda utan samanslåing. Ei folkerøysting blei avvist av ordføraren.

 

Møtelyden vart delt. Fleirtalet på ni rådde til at Røldal fekk halda fram som eigen kommune. Mindretalet på fire tilrådde samanslåing. Odda kommunestyre vedtok samrøystes ei fråsegn der det heitte at "kommunen har ikkje noko mot ei samanslåing med Røldal, sjølv om ein i og for seg ikkje ser dette som noko ynskjemål". Fylkestinget på si side tilrådde samrøystes ei samanslåing.

 

Lokalpolitikarane i Røldal kom no under sterkt press. To av dei som hadde vore mot samanslåing endra meining, og 8. juni 1963 la dei fram ei samrøystes innstilling til kommunestyret om å endra vedtaket frå januar:

 

Stilt framfor den kjensgjerning at Røldal i nær framtid, med eller mot sin vilje, vil verta slegen saman med ein annan kommune, finn Røldal formannskap det rett å be det vyrde departement om snarast råd å taka avgjerd om samanslåing med Odda, slik at denne kommunen sitt administrasjonsapparat straks, og seinast 1. januar 1964 kan ta seg av dei oppgåver som etter kvart med stor tyngd melder seg for Røldal sitt vedkommande.

 

Allereie 21. juni 1963 blei det bestemt i statsråd at Røldal og Odda skulle slåast saman til ein ny kommune. 2. juli heldt kommunestyra i Odda og Røldal sitt fyrste sammøte om korleis samanslåinga skulle skje. Her kom ein fram til at den nye kommunen skulle heita Odda, og at samanslåinga skulle gjelda frå 1. januar 1964.

 

 

Røldal Bygdebok

 

Dette er henta frå Røldal Bygdebok Band 1 ved Gaute Losnegård (red.) Verket er i to bind og vart gjeve ut i 2016/2017, og er eit samarbeid mellom Odda kommune og Røldal Bygdemuseum. Bøkene kan kjøpast på Odda Bibliotek og Røldal Bibliotek.

Les om lanseringa av Bygdeboka her:

oddakultur.blogspot.no

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no