NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Kjærleik og død

”Dr. Petersson fulgtes også av sin hjertensgode hustru at gjøre godt og øve mest mulig retfærdighet blant sine medmennesker. Hun gikk selv omkring hos syge i hus og hytte, hvor sol og glæde ellers var sjeldne gjester, og bar mat og blomster til dem (hun sendte ikke tjenestepigen av sted med et matspand og sukket lettet efterpå).”

Odda Tidende 23. august 1916. 

I 1907 fekk dei sonen Claus, og i 1910 venta dei eit nytt barn. Ingrid blei fødd, men til ein familie i sorg. Leonie døydde i barsel. Albert Petersson blei aldri den same etter dette. I eit brev til systera seinare på året 1910, skriv han om tekniske planar og forsøk han held på med saman med Sam Eyde, men avsluttar med: ”Nu kan det vara nog med tekniska och affärsaker. Men det är ju det enda jag upplefver och det som binder mitt intresse.”

 

Han døydde 18. eller 19. august 1914. Direktøren skulle reisa frå Odda til London, med ein stopp i Bergen. Han gjekk på båten i Odda kvelden 18. august. Då båten la i land i Bergen neste morgon, var Albert Petersson borte. Han blei 44 år gammal. Tok han sitt eige liv? Han hadde tunge stunder, men gav ikkje noko hint om at han hadde slike planar. Var det nokon som tok han av dage? Første verdskrigen hadde starta nokre dagar før. Karbidproduksjon var avgjerande for rustningsindustrien, og Albert Petersson var ein av dei fremste ekspertane på området. Kanskje han fall han over bord ved eit uhell? Svaret er ukjent.

”Vi vil tilslut uttale håpet om at dr. Peterssons ånd fremover må komme til at gjøre sig mer gjældende. Det vil utvilsomt bli det vakreste mindesmerke over den store avdøde skaper av det industrielle liv i Odda.” Odda Tidende 23. august 1916. 

Albert Petersson og hans tyske kone Leonie blei svært omtykte i Odda. Dei var ein del av folket. Foto: NVIM arkiv

 

 

 

Albert Petersson

Leonie med sonen Claus. Foto: NVIM arkiv

 

 

 

Minnesmerket over Albert Petersson ved Vasstun

Minnemarkering og avduking av bautasteinen ved Vasstun i Odda. Foto: NVIM arkiv

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Odda si industrihistorie

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no