NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Min vesle by

Min vesle by er ei kulturminneløype i Odda sentrum med vekt på arkitekturhistorie og byutvikling. 

Nest etter Bergen er Odda den mest bymessige staden i Hordaland. Odda har særpreg, og arkitekturen frå byrjinga av 1900-talet har kvalitetar på line med Bergen og Oslo, har fagfolk sagt. Denne kulturminneløypa viser deg bygningar og kulturminne i sentrum. Ruta er lagt opp frå Smelteverksporten, gjennom Folgefonngata og Skulegata, ned Skuletrappa via Brotateigen, Torget og Almerkeparken og opp gjennom Gågata og tilbake til Smelteverksporten.

I Odda sentrum kan du også gå kulturløypa Bikubegang der forfattaren Frode Grytten tek deg med til 24 stopp i sitt «univers». Det er sett opp 24 skilt på hus eller stader i Odda og det er laga eiga bok med kart; Bikubegang (utg. av Odda kommune, 2005 og til sals eller utlån på Tenestetorget/Odda bibliotek og på museet i Tyssedal).

Frode Grytten på bikuegongen i bakgården til Murboligen. Foto: Dag Endre Opedal NVIM

 

Bikubegang er både eit litterært kart over Odda og historia over korleis suksessromanen Bikubesong vart til. Frode Grytten gav ut boka på Samlaget første gong i 1999. Seinare har teaterstykket Bikubesong hatt stor suksess.

Den digitale kulturminneløypa går for ein stor del i same område som Bikubegang. Tittelen på den digitale løypa har vi lånt frå Frode Grytten og Bikubesong. I kapittelet «Å kaste hattar opp i lufta», tar forteljaren oss med opp på taket av det store bustadhuset Murboligen som ligg langs Folgefonngata. Vi siterer:

 

Sitat Eg sit på taket og kjenner Murboligen leve under meg. Kvardagens akkordar svever ut vindauga.

Kjørel, popsongar, fjernsynsapparat, krangling, stemmer. Det er ein ny dag, ein ny song, ein bikubesong.
Alt er så nær at eg kan ta på det.
Eg kan plukke ned flya frå himmelen, kaste sola opp i lufta, trille terningar med husa.
Min vesle by, min vesle by.

Sitat

 

 

Bikubegang skilt Domus

Skilt som viser veg for Bikubegangen i Odda. Foto: Anne Gravdal NVIM

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no