NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Arbeiderbustadane i Folgefonngata 9

Folgefonngata 9 i Odda er eit lite trehus i ein og ein halv etasje, bygd i 1907/08. Dette er ein av dei første arbeidarbustadane som blei bygd i Odda sentrum, og vert eigd av Kraftmuseet (Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum) i dag. Museet har og satt i stand og forvaltar Folgefonngata 11 og 13.

Bakgrunn

I 1907 starta karbid- og cyanamidfabrikken å byggja ut to område med bustadar til dei fastbuande arbeidsfolka. Ei rekke med hus blei bygd langs Røldalsvegen frå Nyland og sørover. Og på Bakke kom eit anna felt med hus på begge sider av Folgefonngata eller Dr Boyds gate som gata heitte først. Hustypen er kjend frå fleire andre fabrikkanlegg, og vi kjenner ikkje namnet på arkitekten. Men stilen har trekk frå enkel jugendstil. Det ser vi på det «knekte», avrunda mønet og på formen på vindaugene; kort, ruta felt oppe og høgt felt nede.

 

Folgefonngata 9 - fam. Christiansen i 1908-10

Folgefonngata 9 - fam. Christiansen i 1908-10. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

To rom og kjøkken

Fagarbeidarar og formenn på cyanamidfabrikken fekk bustad her. Dei var rekna som nøkkelpersonar. Ein formann kunne tena opp mot 120,- kroner i månaden i 1909 og betala 16,- kroner i månadsleige for 2 rom og kjøkken. Andre måtte bu i brakker eller dårlegare hus og vanlege arbeidsfolk hadde ikkje råd til å kjøpa seg hus den gong.

Folgefonngata 9 er ein «formannsbolig» med to rom og kjøkken. Det er to leilegheiter i huset. Mange av dei andre husa i gata hadde leilegheiter med eitt rom og kjøkken og var for fagarbeidarar. I åra 1907 til 1914, før Murboligen kom, låg det slike bustadar på begge sider av Folgefonngata.

 

 

Stabil arbeidskraft

Fabrikken ønska familiefolk velkommen for dei var ofte stabil arbeidskraft. Albert Abelsen fekk arbeid som elektrikar ved Cyanamidfabrikken som var under bygging på smelteverksområdet. Dei tre døtrene Albine, Gudny og Gottliebe var mellom dei aller første borna som flytta inn i det nye bustadfeltet på Bakke. Seinare fekk familen tvillingane Gudmund og Ingeborg. Albert og kona Nilsine kom opprinneleg frå Bergen, og det spelte nok inn når dei hadde valt namn til jentene.

Familien Abelsen i Folgefonngata 9

Familien Abelsen samla i stova i Folgefonngata 9 - Albine, Gudny, Gottliebe, Nilsine, Gudmund, Ingeborg og Albert Marius. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Husfargen

Albine har fortalt til museet i eit intervju om det ho hugsar frå den første tida i Odda. Ho og familien kom med båt til Odda. Det var like før jul i 1907 eller kanskje heilt tidleg i 1908. Rutebåten la til ved kaien litt framanfor kyrkja, der bussterminalen er i dag. Dei gjekk opp «postvegen», eller Gågata i dag, og inn i Folgefonngata. Det første nye huset på venstre hand skulle vera den nye heimen deira. Fargen på huset var grå eller beige og Albine synest dette såg trist ut. Seinare har husa fått friske fargar. Dei tre husa som høyrer til museet ligg på sørsida av gata, - eit mørk raudt, eit gult og eit grønt hus.

 

Museumshusene i Folgefonngata

Folgefonngata 9-13 i 2015. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

 

Frå fabrikkhus til privateigd

Albine og Gottliebe Abelsen kom likevel til å bli buande i huset resten av livet. Og sidan det var ein arbeidarbustad er dette ganske spesielt.

Sidan 1970- og 80-åra har det vore vanleg at dei som bur i fabrikken sine hus har fått kjøpt husa sine. Men familien Abelsen kjøpte alt rundt 1920. Då gjekk smelteverket eller Odda-fabrikkane konkurs. Alle dei andre arbeidarbustadane i området blei kjøpt av eigedomsselskapet til Aluminiumsfabrikken i Tyssedal. Folk i Odda tenker difor på desse husa som «Nitriden» eller DNN Aluminium sine arbeidarbustadar.

I 1993 kjøpte Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum eigedommen Folgefonngata 9 med alt inventar av familiane etter Abelsen. Det er ganske uvanleg at eit museum har ei slik samling som er «ekte» eller genuin og ikkje «konstruert» eller skapt i ettertid.

 

 

Kvardagens kulturminne

I Folgefonngata 9 levde familien i både kvardag og fest, men dette er i rette forstand eit kvardagens kulturminne. Huset er fullt av ting og utstyr, og museet har mange opplysningar, foto og dokument som fortel dette huset og arbeidarbustadane sin spesielle historie.

Interiør i Folgefonngata 9

Interiør i Folgefonngata 9. Foto: Lena Ulgenæs 

 

 

Kjelder og litteratur

  • Bakke i folketeljinga 1910 for Ullensvang herred frå Digitalarkivet.
  • Industristadmuseet si heimeside

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no