NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Mødrehygienekontoret og Abortus Provocatus

Kvinnene i Odda organiserte seg tidleg. Allereie i 1909 stifta kvinner i Odda ei foreining som melde seg inn i arbeiderpartiet i 1911; Arbeidarkvinnene i Odda.

 Forfattar og etnolog Hilde Danielsen skriv om dei moderne kvinnene i Odda i boka med same namn.

 

 

Mødre og barn på Bakke i 1916

Mødre og born i gården på Bakka i Odda. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Det gjekk ikkje lang tid før fleire kvinnelege organisasjonar vart danna. Ei av dei viktigaste var husmorlaget; Odda Husmorlag vart skipa på eit møte i Folkets Hus den 10. mars 1924. Det tok føre seg ei rekkje ting som var av interesse for arbeidarklassen; tilhøva til born i skulen, hygiene, seksualundervisning, mat- og kjøtkontroll, tannklinikk og alt som kunne betra arbeidarfamiliane sine kår.

Den organiserte idretten vokste fram, kvinner deltok i friidrett, turn og håndball. Menneska fekk eit nytt forhold til kroppen sin, og ein vart meir opplyst om at ein faktisk kunne planleggja antall born ein skulle ha. Dette førte til ein radikal nedgong i fødselstala.

 

Annonse kvindemøte

Avisannonse. Kraftmuseet arkiv

 

Kvinner var seg no bevisst på at dei kunne bestemma over eigen kropp, og på at dei kunne kontrollera antal fødslar. Dr. Marie Stopes opna eit mødrehygienekontor (family planning clinic) i London i 1921. Det fyrste mødrehygienekontoret i Norge vart opna i Oslo i 1924 av Kati Anker Møller. Dei neste mødrehygienekontora vart opna på industristader med ei sterk arbeidarrøyrsle som i Odda.

Det var kvinnene i Odda som tok initiativ til å oppretta mødrehygienekontoret i Odda i 1932. Det vart nedsett ein komité der medlemmene kom frå organisasjonane Odda forenede Arbeiderpartis kvinnelag (seinare Odda Arbeidarkvinnelag), Odda og Tyssedal husmorlag, og Hovdenklubben (jordmorutdanna legefrue, ingeniørfruer).

 

Odda husmorlag i 1. mai tog på 1920-talet Odda Husmorlag demonstrerer i 1. mai tog på slutten av 1920-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Anna Mathisen var ei av ildsjelene bak mødrehygienekontoret. Ho var leiar i mødrehygienekomitéen og sidan leiar i styret for kontoret. Ho eigde ein fiskebutikk saman med mannen sin, dei hadde eit barn. Ho hadde ei rekkje kommunale verv, og ei av hjertesakene hennar var arbeiderkvinna sine kår.

Odda forenede arbeiderpartis kvinnegruppe var ein svært aktiv organisasjon. Gruppa sine medlemmer var med i skulestyret, sjukehusstyret, heradsstyret, forsorgsstyret, gamleheimsstyret og arbeidsløysekomitéen. Dei arrangerte føredrag om morspensjon, Abortus Provocatus, om internasjonal fagorganisasjon, om partiet og om kommunearbeidet. Medlemmene deltok i politisk arbeid på fylkesplan, og reiste på nasjonale og internasjonale konferansar.

Desse kvinnelaga var kraftkjelder der kvinnene bygde opp sjølvtilliten sin, og dei arbeidde for saker dei brann for; abortspørsmål, betre kår for mor og barn, sosiale trygder.

 

I tillegg til kvinnene frå arbeidarklassen, engasjerte óg nokre kvinner frå overklassen i Odda seg i det sosiale arbeidet. Ingeniørfrua Aagot Sewell og den jordmorutdanna legefrua Sigrid Haavik var medlemmer av Hovdenklubben, der den viktigaste aktiviteten var å driva sosialt arbeid. Aagot var særs engasjert i starten mødrehygienekontoret. Dette fekk ho skarp kritikk for frå sitt eige miljø.

 

Det synest at det var brei semje i samfunnet om å oppretta mødrehygienekontoret, sjølv om forfattaren, etnolog Hilde Danielsen óg har oppdaga både taushet og forakt i tillegg til tilslutninga frå den lokale pressa. 

 

 

Annonse Abortus provocatus

 

§245 og Abortus Provocatus

Då desse teaterstykka vart viste på Folkets Hus i Odda fredag den 11. mars 1932, der husmorlaga i Odda og Tyssedal hadde invitert til agitasjonsmøte om abort og mødrehygiene, var stemninga i salen elektrisk.

Handlinga var denne:

Det skildrer den utslitte arbeiderkvinne, hvis mann er arbeidsledig, og hvis 5 barn ikke har annet å leve av enn det hun kan tjene ved sitt vask. Så venter kvinnen det 6. barn. Allikevel må hun gå på arbeide. Hun føler seg svak, og vi ser hvorledes det går opp for henne at det 6. barn ikke må komme. Hun går til legen, men han er kald og hard og hverken kan eller vil hjelpe. Loven forbyr det, og han tilhører overklassen og har ingen føling med de som lider. Han nekter. Det forhindrer dog ikke at han hjelper en overklassefrue som har bare ett barn. Hun har hatt et kjærlighetseventyr som vil få følger. Legen hjelper - der er ikke loven i veien. Det er den dobbelte moral i det kapitalistiske samfunn; har man penger er det også anledning til å få tatt abort.Arbeiderkvinnen går til flere leger, men ingen kan hjelpe henne. I forbitrelsen beslutter hun da selv å ta seg til rette. Midlene hun bruker er primitive. Hun blir syk, dødssyk. Legen lapper henne sammen. Når hun så er blitt såpass frisk at hun kan stå, blir hun ført til den borgerlige rett - pg dømmes. Hennes barn blir tatt fra henne. Hun får av retten stempelet som en vanartet - et vrak. (Hardanger Arbeiderblad 24. februar 1924).

 

Etter at stykket har blitt framført på Folkets Hus i Odda, kan ein lesa følgande i avisa:

 

I salen var det helt stille da stykket blev spillet, og de arbeiderkvinner som var til stede og som kjente sig selv igjen, blev rørt. Og mange var de som felte tårer på grunn av arbeiderkvinnens gripende spill. (Hardanger Arbeiderblad 12. mars 1932).

 

Stemninga i salen var elektrisk. Dei 200 tilskodarane, mest kvinner, omfavna bodskapen frå scene og talerstol. Alle rakk opp hendene og vedtok to resolusjonar; ein for oppheving av abortlova, og ein med krav om oppretting av mødrehygienekontor.

Mødrehygienesaka samla både dei sosialt interesserte arbeidarane og det opplyste borgarskapet. Dei hadde ulike føresetnader for å engasjera seg, men samlast i ein moderne tankegang: Trua på ei betre framtid.

Opplysningsarbeidet som mødrehygienekontoret gjorde, var ein stille revolusjon og var med på å gjera kvinna i stand til å bestemma sjølv når og kor mange barn ho ville ha.

 

 

Bøker i Museumsbutikken

I boka til Hilde Danielsen kan du lesa meir utførleg om kvinnene i Odda, og spesielt om livshistoria til ti kvinner frå Odda. 

 

 

Losjen barneparkering med Aslaug Moe i 1949

Losjen barneparkering med Aslaug Moe i 1949

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no