NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Industriarkivet (tidlegare SINDARK)

Bygg.nr. 004 var Transformator og fordelingsstasjon. Byggeår 1906-08, utvida i 1913-14. Restaurert og ombygd til arkiv 2012-13. Industriarkivet tar imot, ordner og bevarer privatarkiv frå industrien slik at dei vert tilgjengelege for publikum.   Verksemda dokumenterer industrihistoria og medverkar til forsking i arkivmaterialet.

  

sindark-film from NVIM on Vimeo.

 

 

Transformator og fordelingsstasjon for strøm   Tranformatorstasjonen før restaurering. Foto: Kraftmuseet arkiv          

 

 

 

SINDARK, skalltaket Bygget etter restaurering. Foto: Terje Lægreid.

 

                                                                    

Tidlegare var dette bygget der ein tok i mot, transformerte og fordelte all elektrisk kraft frå Tysso I til smelteverket, andre verksemder og etterkvart til privat forbruk i Odda. Kraftlina kom frå Tyssedal, kryssa elva Opo og gjekk rett til fordelingsstasjonen gjennom hol oppe på veggen i teglsteinsmuren.

 

Kraft produsert i høgtrykksanlegg som Tysso I var grunnlaget for å etablera tungindustri i Norge. 4. mai 1908 vart det overført kraft for fyrste gong til karbidfabrikken. Bygget var lenge del av Tysso I kraftanlegg, eigd av AS Tyssefaldene. Noverande eigar er Odda Energi AS. Det kvite tilbygget du kan sjå mot elvebredden tek imot krafta i dag.

 

 

Bygget har internasjonal teglsteinsarkitektur med klassisistiske detaljar. Denne arkitekturen er representativ for industristader med utanlandske, spesielt engelske eigarar.

Den internasjonale arkitekturen viser eit klart brot med den regionale byggjeskikken i Hardanger og plasserer Odda i verdssamfunnet.

 

Bygget vart rehabilitert i 2013 til arkivføremål, med klimastyrte magasin, mottaksrom, møterom og arbeidsplassar for ordning av industriarkiv. 

Transformator og fordelingsstasjon Odda Smelteverk

Fordelingsstasjonen - det kvite bygget ved elvakanten. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Industriarkivet

Industriarkivet tar imot, ordner og bevarer privatarkiv frå industrien slik at dei vert tilgjengelege for publikum.   Verksemda dokumenterer industrihistoria og medverkar til forsking i arkivmaterialet. Senteret skal utvikla og tilby digitale arkivtenester til næringslivet. Industriarkiv inneheld viktig informasjon om drift, tilsette, endringar og  avgjerder verksemda gjer, og dokumenterer rettar og plikter verksemda har i høve til offentlege styresmakter og andre. Bevaring av privatarkiv er viktig for ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Tilgjengelege industriarkiv gir tilgong til autentisk dokumentasjon av fortida.

Lagerrom SINDARK

Mottak av smelteverksarkivet. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Siri Jordal tek imot Bauge-samlinga frå Odda kunstforening Siri Jordal ved Industriarkivet tek imot Bauge-samlinga frå Odda Kunstforening ved Svein Hagen. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no