NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Karbid - kalsiumkarbid

Kva er det? Kva er eigentleg karbid? I hovudsak er det eit kunstig produsert stoff som ikkje finnst i naturen. Det løyser seg faktisk fullstendig opp etter å ha vore utsett for fukt frå lufta i eit par veker.

Kjemisk sett er karbid ei blanding av ein del kalsiumoxid (brent kalk) - Ca - og to delar kolstoff (koks)- C - altså: CaC

Kalsiumoxid (brent kalk) oppstår når kalsiumkarbonat (kalkstein) blir varma opp over lengre tid ved 900-1300°C. Dette skjer i store sjaktforma kalkomnar.

Fanehjelmsovnar - kalkovnar i Odda   

Fanehjelmsomnane (kalkomnar) ved Odda Smelteverk få 1908 til 1956. Foto: NVIM arkiv

 

 

Priestomnen til venstre kom i 1950, dei to Warmestelle kalkomnane i 1956. Foto: NVIM arkiv

Warmestelle kalkovnovn 2004

Warmestelle var kalkomnen som brant kalk ved Odda Smelteverk fram til nedlegginga i 2002/03. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

Kalkstein finnst i naturen og blir vinna ut i gruver.

For å produsera kalsiumkarbid treng ein brent kalk og koks. Skal du få desse kjemiske stoffene tli å bindast og laga karbid, er det ikkje nok å berre blanda dei saman. Denne kjemiske reaksjonen fungerer berre i ein elektrisk omn og med enorme mengder elektrisitet.

 

Ovn III eksteriør Ovn III ved Odda Smelteverk var ein av verdas største karbidsmelteomnar. Foto: Anne Gravdal NVIM

 

 

For å lage eit tonn kalsiumkarbid må ein ha 950 kg brent kalk og 550-650 kg koks i ein stor elektrisk lysbogeomn (<60MW). Til smeltinga treng ein omlag 20 kg elektrodemateriale og 3100 kWh elektrisk energi. Reaksjonen, eller smeltinga, skjer ved omlag 2000°C

Smeltet, rødglødende karbid

Det som kjem ut av omnen er kalsiumkarbid.

 

Karbid

Etter at karbiden er størkna og knust, ser den slik ut: grå og svart, smuldrete men veldig hard, ser ut som stein, lukter kvitløk. Den eksploderer ikkje, og ikkje brenn den heller..... om den då ikkje kjem i berøring med vatn..... Då oppstår gassen acetylen (etyn) og karbiden eksploderer og brenner. 

 

Acetylen har ingen farge, og lukter ikkje. Gassen er svært brennbar og brenn til det ikkje er meir att.

 

Væskeformig acetylen er meget eksplosiv og kan ikke transporteres. Gassen blir derfor løst i aceton under trykk på spesielle stålflasker. Slik kan acetylen transporteres og brukes på en relativt ufarlig måte. Acetylen brenner i luft med sterkt lysende flamme og har vært brukt til belysningsformål. I spesielle brennere med oksygentilførsel brenner acetylen med en ikke lysende flamme av meget høy temperatur. Denne brukes til skjæring og sveising av jern og andre metaller. Kilde: Store Norske Leksikon

 

Altså er det ikkje lurt å prøve å slokke flammane med vatn, då brenn det berre meir. En slik brann kan berre slokkast med tørr sand eller pulver.

Karbid i snø   Karbid i snø brenner

Ei handfull karbid i snøen.                                           Fukten i snøen er nok til at acetylgass oppstår...

 

Karbid i snø små flammer   Karbid i snø større flammer

.... og byrjar å brenne....                                         .......og brenne.......

 

Karbid i snø store flammer   Karbid brenner vekk snøen

Varmen smeltar meir snø, som igjen gjer at det brenn meir, heilt til det ikkje er meir acetylengass att.

Alle foto: Ludwig Gebauer

 

 

Kalsiumkarbid kan og omvandlast til kalkkvelstoff som igjen vert brukt til å produsera spesialgjødsel og som eit grunnstoff i cyanamidkjemien.

I jern- og stålindustrien vert kalsiumkarbid brukt som reduksjonsmiddel og til fjerning av ureine ting som svovel i jernet. 

Lykter med kalsiumkarbid vart brukt i gruvene i England i forrige århundre, og dei vert framleis brukt av mange huleforskarar, som foretrekk denne belysninga framføre elektriske lykter.

Karbidlampe på hjelm

Karbidlampe på hjelm.

 

Karbidlampe

Karbidlykt.

 

Ofte vert kalsiumkarbid brukt til å fordrive muldvarpar frå jorda. Dette er forbudt i dei fleste land, då muldvarpen er freda.

 

Kilde: Erik Leger, www.colag.de/karbid.html - erlaubte Weiternutzung - tillatelse til oversatt benyttelse -
used with permission
 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no