NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

SINDARK - fordelingsstasjon

Transformator og fordelingsstasjon, bygg 004, byggeår 1906-08, utvida i 1913-14.

SINDARK from NVIM on Vimeo.

 

 

Bygget tok i mot, transformerte og fordelte all elektrisk kraft frå Tysso I til smelteverket, andre verksemder og etterkvart til privat forbruk i Odda. Kraftlina kom frå Tyssedal, kryssa elva Opo og gjekk rett til fordelingsstasjonen der leidningane forsvann inn gjennom veggen i teglsteinsmuren.

 

SINDARK, skalltaket

Vinterstemning - Foto: Terje Lægreid.

 

 

Kraft produsert i høgtrykksanlegg som Tysso I var grunnlaget for å etablera tungindustri i Norge. 4. mai 1908 blei det overført kraft for fyrste gong til karbidfabrikken. Bygget var lenge del av Tysso I kraftanlegg, eigd av AS Tyssefaldene. Noverande eigar er Odda Energi AS. Det kvite tilbygget du kan sjå mot elvabarden tek imot krafta i dag, og vart bygd i samband med Tysso II utbygginga i 1967.

 

Transformator og fordelingsstasjon Odda Smelteverk

 

Bygget har internasjonal teglsteinsarkitektur med klassisistiske detaljar. Denne arkitekturen er representativ for industristader med utanlandske,  spesielt engelske eigarar.

Den internasjonale arkitekturen viser eit klart brot med den regionale   byggeskikken i Hardanger og plasserar Odda i verdssamfunnet.

Bygget er rehabilitert i 2013 til arkivføremål, med klimastyrte magasin, mottaksrom, møterom og arbeidsplassar for ordning av industriarkiv.  

 

Odda Smelteverk sitt tegningsarkiv i SINDARK Odda Smelteverk sitt tegningsarkiv i SINDARK. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

SINDARK

SINDARK tar imot, ordner og bevarer privatarkiv frå   industrien slik at dei vert tilgjegelege for publikum.   Verksemda dokumenterer industrihistoria og medverkar til forsking i arkivmaterialet. Senteret skal utvikla og tilby digitale arkivtenester til næringslivet. Industriarkiv inneheld viktig  informasjon om drift, tilsette, endringar og  avgjerder verksemda gjer, og dokumenterer rettar og plikter verksemda har i høve til offentlege styresmakter og andre. Bevaring av privatarkiv er viktig for ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Tilgjengelege industriarkiv gir tilgong til autentisk dokumentasjon av fortida.

Bygget er eit godt døme på vern gjennom bruk.

 

 

Informasjonsskilt Smelteverkstomta

 

Fordelingsstasjonen ved elva Opo i 1914

Fordelingsstasjonen ved elva Opo i 1914

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no