NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

8 timars arbeidsdag

8-timarsdagen var ei kampsak for Odda Arbeiderforening i mange år. Odda Arbeiderforening var skipa i 1906 og var den eldste fagforeininga i Odda.

Fane med teksten 8-timers arbeidsdag frå 1911

 

Den raude demonstrasjonsfana for 8-timars arbeidsdag har ein sentral plass i arbeidarrørsla i Odda. Alderen på fana er ukjend, men ho er avbilda saman med andre faner på eit foto frå 1. mai 1910, kanskje 1911. Fotoet er tatt ved ein demonstrasjon / ei folkesamling på den steinete marka sør for Bøgarden, der blokka «Sing-sing» kom på slutten av 1930-talet. 

 

1. mai tog og demonstrasjon i Odda i 1911

1. mai tog og demonstrasjon på Nyland i 1910. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

8-timarsdagen var ei kampsak for Odda Arbeiderforening i mange år. Odda Arbeiderforening var skipa i 1906 og var den eldste fagforeininga i Odda. På fotoet frå 1910 er teksten ARB. FORENING synleg ovanfor teksten 8 timers arbeidsdag (novernade tekst). Denne teksten er det òg spor av på stoffet. På foto frå 1. mai 1916 er teksten ARB.FORENING fjerna. Dette kan truleg forklarast med at Odda og omegns faglige samorganisasjon overtok fana frå Odda Arbeiderforening etter at samorganisasjonen var skipa i 1914. Normal arbeidstid før 1918 var 9,5 timar.

 

Medlemene i foreiningane på Karbid- og Cyanamidfabrikken gjekk til aksjon og forskotterte 8-timarsdagen våren 1918. I heftet «Odda Arbeiderforening 75 års fagbevegelse» frå 1981, kan vi lesa:

"I 1918 konsentrerte foreningen seg om arbeidstida og stilte krav om 8 timers dag. Bedriften avviste kravet og bebudet full driftsstans dersom arbeiderne på egen hånd gikk til innskrenkning i arbeidstida. Det ble likefullt innkalt til massemøte og som vanlig holdt fagforeningene seg formelt utenfor. Møtet vedtok at 8 timers-dagen skulle innføres ..."

 

Samstundes og i etterkant vart det arbeidd sentralt for å innføra 8 timarsdagen og sommaren 1918 fremma regjeringa forslag om mellombels "8-timerslov". Denne lova vart gjort gjeldande frå august 1918. Arbeidarane i Odda hadde såleis forskottert 8-timarsdagen. Denne fana er difor ei svært sentral demonstarasjons- og kampfane for Odda. Fana er laga av enkel flaggduk i ull. Pr. april 2019 er fana deponert ved Kraftmuseet. Eigar er LO i indre Hardanger.

 

Brita Jordal, Kraftmuseet, 2019.

 

Du kan lese meir om kampen om kortare arbeidsdag her:  Sigurd slo med hammaren

Åttetimersdagen

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no