NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Spanande sommarjobb!

Spanande sommarjobb!

Søknadsfrist 1. mars 2019. Send søknaden til post@kraftmuseet.no  Du kan lesa meir om jobben her.

Annonse for sommarjobb Kraftmuseet og KraftLaben

Sommarjobb på Kraftmuseet

 

Kraftmuseet treng sommarverter til museet i Tyssedal. Me treng og ein sommarvert som brenn for realfagsformidling og kan ta seg av KraftLaben -  museet si avdeling i Odda. 

Er du glad i historie og flink til å formidla den? Kunne du tenkt deg ein sommar i fagre Hardanger, i eit område med svært gode turmogelegheiter?

Museet ligg sentralt i Odda kommune inst i Hardangerfjorden. Kraftmuseet arbeider med vasskraft- og industrihistorie, og arenaene våre er mellom anna Tysso I kraftstasjon og Lilletopp.

 

Vi ser etter deg som er:

  • Over 16 år
  • Serviceinnstilt
  • Interessert  i historie og evne til å formidla den
  • Glad i å arbeida med menneske
  • Flink til å meistra travle besøksdagar og uventa situasjonar
  • Har gode engelskkunnskapar. Det er ein fordel om du snakkar tysk eller fransk.
  • Er systematisk og strukturert

 

Arbeidsoppgåver:

  • Betjening av resepsjon/museumsbutikk, med sal av varer og billettar
  • Omvisingar med formidling av kraftstasjonen si historie på norsk og engelsk
  • Enkel kafédrift
  • Halde orden på museumsområdet og anna førefallande arbeid

 

Arbeidsstad

  • Museet i Tyssedal og på anlegget på Lilletopp

Du får sjølvsagt full opplæring. Jobben inneber ein del helgearbeid etter turnus. Ca 37,5 arbeidstimar i veka. Løn etter avtale.

 

Sommarjobb på KraftLaben

 

Har du ein idé til eit spektakulært lysshow? Drøymer du om å bli kjemisk tryllekunstnar? Er nyttårsforsettet ditt å bli ekspert på megasåpebobler? I denne jobben styrer du sjølv kva retning sommaren skal ta. Me treng ein sommarvert som er kreativ og initiativrik, og som kan ta sjølvstendig ansvar – og som brenn for realfagsformidling!

KraftLaben er Kraftmuseet sitt vitensenter. Me held til i det sjarmerande laboratoriet til det gamle smelteverket i Odda, og har interaktive utstillingar om ulike tema som elektrisitet og vasskraft, lys og lyd mm.

 

Me ser etter deg som er:

  • Over 18 år
  • Gjerne realfags- og/eller lærarstudent, i alle fall interesse for realfag og formidling
  • Kreativ og likar å eksperimentera
  • Sosial og initiativrik, og kan snakka med born i alle aldrar
  • Kan arbeida sjølvstendig og ta ansvar

 

I denne jobben får du:

  • Utfalda kreativiteten og forma dine eigne arbeidsdagar
  • Jobba fritt og sjølvstendig under ansvar
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Unik erfaring i realfagsformidling

 

Arbeidsoppgåver:

  • Vera ein god vert for besøkande på KraftLaben
  • Utvikla og gjennomføra ulike show og aktivitetar
  • Reinhald og orden på Kraftlaben og i parken utanfor
  • Gjera opp kasse og registrera besøkstal
  • Marknadsføra i lokalmiljøet og på sosiale media

 

Arbeidstid er tysdag til laurdag frå 10.30 – 16.30. Me kan tilpassa arbeidsperioden etter din studieferie. All naudsynt opplæring og oppfølging undervegs vert gitt.

 

 

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no