NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Sommarpass 2020

Sommarpass 2020

Kraftmuseet, Hardanger og Voss Museum, Olav H. Hauge senteret og Folgefonnsenteret har gått saman om å tilby eit opplevingskort.

Sommarpasset skal inspirera til opplevingar i og kring Hardanger med å gje halv pris på tre av dei fire stadene når du kjøper billett på den første.

Dei fire institusjonane har lenge vore opptekne av å senda sine gjester seg imellom. Dei har til saman ti arenaer spreidd rundt i Hardanger, Kvinnherad og Voss. Innhaldet er mangfaldig. Både lokalfolk og tilreisande kan få fine opplevingar av kunst, fartøyvern, folkemuseum, middelaldertun, poesi, bre- og klimatematikk, industrihistorie og ein kraftkatedral. 

Opplev ditt eige land 

Sidan midten av mars har alle arenaene vore stengde på grunn av koronasituasjonen. No er nokre tilbod i ferd med å opna, mens sommarsesongen startar for fullt i midten av juni, med tilnærma normalt opplegg. Med det felles opplevingskortet kan du no få sjansen til å sjå og læra om den rike kulturen i Hardanger og omegn.

 

 

Kart sommarpass 2020

Hardangertauser sommarpass

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Banner artiklar

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no