NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Odda-komiteen for FNs kvinneår 1975

Odda-komiteen for FNs kvinneår 1975

I samband med det internasjonale kvinneåret i 1975 vart den internasjonale kvinnedagen etablert av FN i 1977. Dagen markerer kvinner sine kampsaker og rettar.

 

Motto for det internasjonale Kvinneåret 1975 var Likestilling, utvikling, fred.

Det var FN sin 27. generalforsamling i 1972 som vedtok at 1975 skulle vera FN sitt internasjonale kvinneår. 

Initiativet kom frå FN sin Kvinnekommisjon. I etterkant proklamerte FN at 8. mars er den internasjonale kvinnedagen.  Det internasjonale kvinneåret i 1975 medverka til eit slikt gjennombrot fordi det forsterka og forlenga kvinnebevegelsen sin kamp for nye forståingar og praksis både i internasjonal og nasjonal politikk. 

 

Svært mange kvinner var aktive i den lokale kvinneårskomitéen og i aktivitetane gjennom året. Biblioteksjef Dordei Raaen var ei av dei. Arbeidet er dokumentert i arkivet som er oppbevart i Lokalhistorisk arkiv ved Kraftmuseet.

 

Formannskapsmedlem Valborg Engesæter (1918 – 2014) var Odda kommune sin kontaktperson. Ho sende innkalling til 64 lag og organisasjonar og heile 62 møtte på skipingsmøtet  eller ”valgmøtet”, ein imponerande frammøteprosent . Kvinnene i Odda kommune var tydeleg entusiastiske og klare for innsats i kvinneåret.

 

FNs internasjonale kvinneår - FN-fuglen

Symbolet for FNs internasjonale kvinneår, ”FN-fuglen” eller fredsdua med det biologiske symbolet for hokjønn

 

 

Første arrangement komitéen sto for, var markering av den internasjonale kvinnedagen 8. mars. Det blei arrangert stand på torget på føremiddagen og demonstrasjonstog med appellar. Dette var truleg første gong Odda hadde 8. mars-tog på kvinnedagen, men slett ikkje første gong at 8. mars blei markert i Odda og Tyssedal. Kulturforskar Hilde Danielsen har med bakgrunn i arkivet etter Odda Husmorlag, skrive at alt i 1925 blei 8. mars feira med kvinnemøte i Tyssedal. Der talte Cecilie Slåttelid om proletarkvinner verda over, og arbeidet mot eit felles mål: frigjering frå den kapitalistiske undertrykkinga. – Odda-komiteen for FNs kvinneår hadde såleis lange lokale tradisjonar å byggja på lokalt. Men eit tverrpolitisk og uavhengig tog med stor oppslutting frå både kvinner, menn og barn var noko nytt.

 

Arkivet er på museet

Arkivet etter Odda-komitéen for FN`s kvinneår i Odda, er oppbevart i Lokalhistorisk arkiv ved Kraftmuseet (Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum). Her finns ein arkivboks med dokument, handskrivne plakatar med interessant informasjon, og  mange plakatar som var trykt sentralt og bruka i heile landet. Den største og mest kjende plakaten har motiv frå Gustav Vigeland sin smijarnsport i Vigelandsparken i Oslo. Motivet blei òg utgitt som nasjonalt frimerke til 8. mars 1975.

Plakat kvinneår

 

 

”Kvinner i heim og samfunn”

 

Utstillinga ”Kvinner i heim og samfunn” blei  arrangert i november 1975. 

 

Utstillinga tok mellom anna opp politisk deltaking. Det blei presentert tall for kor mange strykingar og kumuleringar kvinner hadde på dei ulike partilistene til kommunevalet i Odda og kva plass kvinner kom på etter valet i forhold til plassering på listene. Dordei Raaen utførte analysen av valresultatet.

På ein plakat i utstillinga blei det provoserande spørsmålet stilt

Menn sier: kvinner stryker kvinner. Er det sant? Ein annan plakat frå utstillinga har tema ”Kommunale nemder i Odda” og ei klar oppfordring til samfunnsansvar:

Medsøster! Hvor kan du gjøre nytte for deg? Hilsen Kvinneårskomitéen.

Handskriven plakat - medsøster

Alle i komitéen arbeidde på gratis og frivillig basis. Berre 5 100,- kommunale kroner hadde komitéen til disposisjon, etter søknad. Det blei lagt ned eit omfattande og svært grundig arbeid og mange arrangement blei gjennomført i samarbeid med eksisterande organisasjonar, i fagforeiningssalen i Rådhuset, i kinoen og på biblioteket. Slik blei engasjementet breitt og ressursane delt.  

 

Plakat: Du fikser det du vil

 

”Kvinners arbeid”

 

Engasjementet førte til aktivitet ut over FNs kvinneår. På oppmoding frå kvinneårssekretariatet nasjonalt, blei det gjennomført ei stor undersøking om ”Kvinners arbeid”. Eit omfattande tall-materiale blei henta inn og analysert. Her kom Dordei Raaen sin kunnskap om statistikk og dokumentasjon med tall og mengder tydeleg til nytte. Ein plakat viser mannlege- og kvinnelege lønnstakarar i Odda kommune pr november 1975 og dokumenterer kor mange som er i deltidsarbeid versus heiltidsarbeid og kva lønnstrinn dei er plasserte i. Alle dei 135 mennene er i heiltidsstillingar. 67 kvinner er i heiltidsstilling, 117 har deltid. Lærarane var ikkje tatt med i undersøkinga, truleg fordi dei var på eit anna regulativ.Undersøkinga blei presentert av Dordei Raaen på 8. mars-arrangementet i 1976. I arkivet finns det eit omfattande materiale med ulike opplysningar. Komitéen samarbeidde med Statistisk Sentralbyrå om metode, og 25 kvinner var aktive for å samla inn data.

 

 

Sigrid Tyssedalstveit var ”formann” og Ingrid Opedal var sekretær i den lokale komitéen i starten. Dei flytta vekk for å studera og Karin Ingebrigtsen blei ny leiar. Dordei Raaen var nestleiar heile tida. Svært mange var aktive og kunne vore nemnt. Medlemene i komitéen tok i 1978 opptakten til Likestillingsutvalet i Odda kommune.

 

 

Dordei Nesheim Raaen

Dordei Nesheim Raaen

 

Dordei Raaen var nestleiar og representerte kontinuiteten i komitéen frå 1975 til 1978. Då ho flytta frå Odda, leverte ho arkivet til Marny Skeie Henkel med beskjed om å ta vare på det ”inntil permanent oppbevaring eller etterspørsel melder seg”. Dordei var klar på at arkiv og bibliotek var to ulike institusjonar, og ho arbeidde for å få oppretta museum og arkiv i Odda. Lokalhistorisk arkiv kom i gang i Odda frå 1987 og blei ein del av Odda Industristadmuseum, seinare  Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Arkivet etter Odda-komitéen for FNs kvinneår  har signaturen  OLA/17.

 

Då Lokalhistorisk arkiv fekk inn dette materialet i 1987, kontakta vi Dordei som sende brev og materiale som ho hadde tatt med på flyttelasset til Voss. Temaet opptok ho framleis sterkt, - vi fekk berre ta kopiar, for ho ville ha materialet tilbake, og ho knytta denne kommentaren til i brevet: ”Jeg kan jo lure på vitsen med å gjøre så meget gratis arbeid, det var virkelig hardt. Sammenhengen mellom sysselsetting av kvinner og opprettholdelse av bosetning skulle med dette vært avdekket, men det måtte komme mannfolk utenfra for å fortelle dem.”

 

 

Samarbeid og vennskap

 

Til sist i rapporten frå 16. desember 1975 har komiteen ved nestleiar Dordei Raaen skrive:

 

”Arbeidet i komitéen har utviklet seg ved at nye interesserte kvinner har kommet med. Om flere av dem som ble valgt i februar ikke lenger er med, skyldes dette fraflytting og ulempe med arbeidstiden. Det har faktisk ikke vært motsetninger i komitéen, men derimot utvikling av samarbeid og vennskap. Problemer har vi likevel hatt i befolkningen, og det p.g.a. demonstrasjon for fri abort 8. mars. Dette har imidlertid ikke hindret oss, men nok ført til at vi ikke fikk den 100 % oppslutning om utstillingen som vi la opp til.

 

Tyssedal, 4. mars 2015

Brita Jordal

 

Ref: Artikkel fra forskningsrådet

      Fred og Frihet

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no