NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Norsk Hydrogensymposium

Norsk Hydrogensymposium

H2Symposium 2019 vart for andre gong arrangert i Kraftkatedralen i Tyssedal, Odda kommune den 24. og 25. april.

Då det norske industrieventyret starta på byrjinga av 1900-talet var Tyssedal og Odda to av hovudstadane for industrialiseringa av landet. Dei store fossane gav rein kraft til verdas største karbidfabrikk og arbeid til tusenvis av menn.

 

Godt over hundre år seinare er det nye utviklingar på gang. Fossile brennstoff som kol og olje er ikkje lenger berekraftig for ei rein og leveleg framtid, det er naudsynt å ta i bruk nye moglegheiter - som t.d. hydrogen.

Hydrogenmarkedet og -miljøet i Norge veks; i Tyssedal har nabobedrifta til Kraftmuseet - Tizir ilmenittverk - planar om i dei komande åra å byta ut kol med hydrogen i industriprosessen og slik redusera CO2 utsleppene med 90%.

 

Hydrogensymposiet - som i år vart arrangert for andre år på rad - samlar nasjonale og internasjonale aktørar innan hydrogenmiljøet for å diskutera og utveksla erfaringar omkring temaet, og om å få til ei felles satsing på ei berekraftig framtid. 

 

Kraftmuseet er medarrangør saman med Odda kommune, Greenstat, SMB Hardanger, Hordaland Fylkeskommune, Hydrogen.no, Hardangerrådet, Isklar, SKL, Tizir, Hardanger Industri, Odda Plast og Sparebanken Vest.

 

Norsk Hydrogensymposium 2019 i Tyssedal Hydrogenbil i kraftstasjonen - med smak av Hardanger. Foto: Knut Markhus, Kraftmuseet

 

Norsk Hydrogensymposium 2019 i Tyssedal Venstre-politikar Terje Breivik var ein av aktørane på talarlista. Foto: Knut Markhus, Kraftmuseet

Norsk Hydrogensymposium 2019 i Tyssedal Statsminister Erna Solberg opna symposiet frå skjermen. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

Norsk Hydrogensymposium 2019 i Tyssedal Ordførar i Odda, Roald Aga Haug, ynskte velkomen til Tyssedal. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

Norsk Hydrogensymposium 2019 i Tyssedal

Stian Sandø leia prgrammet effektivt. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

Norsk Hydrogensymposium 2019 i Tyssedal

Dei komande generasjonane var representerte av ein skuleklasse frå Voss. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no