NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Knud Knudsen

Knud Knudsen

Knud Knudsen frå Odda var ein av dei mest berømte fotografane i Norge på 1800-talet. 

Knud Knudsen vart fødd i Odda i 1832. Bestefar hans, Knut Larsson Eidnes hadde drive landhandel og gjestgjevarhus i Odda frå 1766, noko son hans, Lars overtok etter han. Lars hadde inga interesse av å driva landhandel, så han overgav det til broren Knut Knutson Bustetun, som dreiv det som heitte Kremargarden i Odda. Han var far til Knud Bustetun Knudsen. Ein arvestrid gjorde at Bustetun måtte gje frå seg Kremargarden, noko som førte til at han kjøpte seg ein gard på Tokheim. Sonen Knud vart send til Bergen som 11-åring for å arbeida som lærling hos slektningar, og fekk 16 år med god utdanning som forretningsmann der.  Han var ofte heime i Odda, men vart buande hos familien i Bergen i 30 år.

 

Kremargarden i Odda fotografert mot Rymbelen.

Odda fotografert mot Rymbelen, torget i dag og Eitrheimsvegen, Brotateigen kring 1870. Foto: Knud Knudsen UiB arkiv

 

Medan han arbeidde som butikksvenn i Bergen starta han samstundes ei lang karriere med frukt- og epledyrking. Mykje tyder også på at han i Bergen vart inspirert at dåtidas fotografi, daguerreotypi. Knud Knudsen starta sine fyrste forsøk med fotografering, men konsentrerte seg meir om fruktdyrking, noko han allereie i tidleg alder hadde fatta interesse for, og i 1850 starta han ein planteskule. Kvar vår tilbragte han 4-5 veker på Tokheim i Odda for å hjelpa til på foreldrene sin gard. I 1850 byrja han å eksperimentera med utanlandske fruktsortar. Han selde frukttre til fleire gardar i landet, var representert på nasjonale og internasjonale utstillingar med frukt og grønsaker, og vann fleire prisar mellom anna for eplene sine. I 1855 starta han med korgfletting, og gjekk etter arbeidstid i lære hos korgflettar Francke i Bergen.

 

Steinen på Tokheim Kolasteinen som høyrer til garden på Tokheim. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Knud Knudsen søkte om borgarbrev for å driva landhandel i Odda i 1859, men fekk avslag til fordel for Bård Aga, som vart forretningsmann og seinare bygde opp Aga hotel.

 

Dette vart eit vendepunkt i Knud Knudsen sitt liv. Hadde han fått borgarbrevet, er det tvilsomt om han hadde vorte den berømte fotografen han vart.

 

I 1861 får han eit utdanningsstipend som gjer at han kan reisa til Tyskland og Nederland for å studera korgfletting og fruktdyrking. På denne reisa tek han med seg kamera, dokumenterer arbeidet sitt, og fotograferer landskap og menneske.

Han kjem attende til Odda for å arbeida vidare med fruktdyrkinga, men etter tre særs dårlege haustar, med kaldt og vått ver og skadeinsekter som øydelegg for frukthaustinga, opprettar han eit fotoatelier i Bergen i 1864.

 

Knud Knudsen fotograferte til ca. år 1900. Han døydde i 1915. Arven etter han består av fleire tusen bilete, men det finns nesten ikkje nokon bilete av han sjølv. Berre eit par sjølvportretter. 

 

Portrett av fotograf Knud Knudsen 1905-1914 Portrett av fotograf Knud Knudsen 1905-1914. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Fram til 17. august 2019 hadde Kraftmuseet ei utstilling med filmen "Arven" i Lindehuset. Arven var produsert av Skirnir (Hybris Film) på 1990-talet og nylansert i sommar.


På universitetet i Bergen finn du mange av hans foto i ein søkbar database: Samlingar på universitetet i Bergen

Opningstider for utstillinga finn du her: Knud Knudsen fotoutstilling

 

Kjelde: 

Knud Knudsen - bilder fra en nylig oppdaget samling 

Tone Aanderaa, universitetsbiblioteket i Bergen 1993

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no