Du er her:
  • Juleverkstaden i Odda

Juleverkstaden i Odda

Museumslaget sin årlege juleverkstad kan i år feira 20 års jubileum!

 

Juleverkstad i Odda from vasskraftmuseet on Vimeo.

 

Den fyrste juleverkstaden vart arrangert i november 1998. Då hadde Museumslaget laga i stand ein liten verkstad i det grøna huset i Folgefonngata 13, der born kunne få laga handarbeidsting eller snikra seg ein krakk. 

 

Agnar Kvam viser korleis ein snikrar ein krakk. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Ingen hadde nok rekna med at det skulle vera så populært allereie fyrste året, men det kom altså 155 born som ville ta del i førebuingar til jul!

 

Så då planlegginga for juleverkstaden 1999 starta, vart det bestemt at ein skulle utvida, og i tillegg til det grøna huset ta i bruk det rauda huset, Buen og to av bodene i gården.

Lothepus på juleverkstaden i 2013 Solfrid Kvam har vore med på alle 20 verkstadane. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

Kvart år sidan har det vore mange born på juleverkstaden som har fått snikra seg krakk, fuglahus, skjerebrett eller anna fint til jul. I handarbeidsstova i Buen vert det laga englar og dompappar til julatreet, eller små nissekoner av kongler. Små bornehender får god hjelp frå flinke damer (menn har vore eit sjeldan syn på denne avdelinga) til å handtera limpistol og knyta gulltråd og laga den finaste julapynten til å ta med seg heim.

 

Ivrige born og hjelparar i handarbeidsstova i Buen 1999. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

I det rauda huset er det ei eiga systove der ein kan få sy raude hjerter i filt til julapynt. Ein klipp- og lim-verkstad har sin faste plass i det grøna huset, der ein og finn den koselege kaféen kor dei vaksne kan nyta heimabakt, kaffi og stemningsfull julamusikk. Og sjølvsagt kjem nissen!

 

Eirik Lothe på fløyta og Jan Ketil Flattun på gitar. Foto: Kraftmuseet

 

Mange av dei som var her som born dei fyrste åra, har no eigne born som dei tek med seg til denne koselege og viktige tradisjonen.

For at tradisjonen skal kunne haldast ved like, er det viktig med nye krefter. Det er heilt sikkert ein del flinke menneske i Odda og omegn som kunne ha vore med og sikra dei neste generasjonane med juleverkstad. Om DU kjenner deg kalla, eller om du berre vil vera med og støtta opp om det heile, kan du melda deg inn i Museumslaget - det er ikkje vanskjeleg og ikkje dyrt, og du får mykje att. Ta ein kikk på sidene til Museumslaget her:

www.kraftmuseet.no/museumslaget

Du kan og følga Museumslaget eller Kraftmuseet på facebook:

facebook.com/museumslaget     facebook.com/kraftmuseet/

 

Bestefar og barnebarn syr julahjerta Bestefar og barnebarn i full konsentrasjon over den vanskelege oppgåva å sy eit hjerta.

Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Juleverkstaden finn stad laurdag 01. desember kl. 11-14 for born til og med 10 år. Billett kr. 50 per born

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no