NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Jul i gamle dagar

Jul i gamle dagar

Kor tid var "gamle dagar"? Er julefeiringa i dag den same som for 50 eller 100 år sidan? Kva tradisjonar har holdt seg og kva tid oppstod dei?

I Norge har vi feira jul i over 1000 år. Men feiringa forandra seg etter at kristendomen kom til landet. 

 

På wikipedia kan vi lesa at sjølve namnet jul stammar frå norrønt jól eller jólablót, frå den opprinnelege norrøn offerfeiringa av midtvinterdagen i Norden, som var lagt til 12. januar. Håkon den gode påbaud på 900-talet at landet skulle feira jul den 25. desember, samstundes med når den kristne høgtida blei feira over heile Europa, og søkte å stoppa det hedenske offerritualet, som ein del av ein politisk prosess i å kristna Norge. Difor fikk den kristne høgtida ta over det gamla namnet «jul».

 

I storparten av Europa har feiringa fått eit kristent namn: På engelsk blir namnet Christmas eller «kristmesse» brukt, tysk Weihnachten eller «vienatt», fransk noël i tydinga fødsel, men i Skandinavia har høgtida fått behalda det gamla germanske namnet jul. Engelsk har bevart Yuletide som ei arkaisk form.

 

Dagens norske juletradisjonar er ei blanding av gamle og nye skikkar. Den tradisjonen som har holdt seg omtrent uforandra er maten. Det var vanleg å eta feit mat og kjøt frå dyr som måtte slaktas før vinteren. I Norge er svineribba den vanligaste julamaten, med pinnakjøtt på andre plass. Fisk og kalkun er tradisjonsmat vi deler med andre land.

 

Julefeiring i Tyssedal i 1920 Julafeiring i Tyssedal i 1920. På biletet ser vi Ingeborg og Oscar Lange og Hr. og Fru Soergel.

Foto: NVIM arkiv (i-02331)

 

 

Julenissen som vi kjenner i dag er opprinneleg frå Tyrkia og var ein helgen kalla St. Nikolas. Men allereie på 1600-talet er det blitt beskrevet ein julenisse som la gåver i ein slede som han spente bukkar foran. Den norske fjøsnissen blei blanda saman med den tyrkiske og den amerikanske reklamenissen for "Coca-cola", som resulterte i "Santa Claus" med slede og reinsdyr.

 

Festkledde gutter og julenissen Her venter to festkledde gutar på gåvene frå ein julenisse i alternative klede.... Foto: NVIM arkiv (i-07413)

 

 

 

Julatreet er først blitt beskrevet i Tyskland allereie på 1500-talet. Det var helst adelsfolk som pynta eit tre med levande ljos inne. Tradisjonen spredte seg over Europa, men kom ikkje til Norge før på 1800-talet, og frå 1900-talet var det vanleg med julatre i alle heimar. Pynten var forskjelleg hos fattige og rike familiar. Dei fattige pynta med kongler og tørka frukt, medan adelen og dei rike hadde forgylte frukter og seinere farga glaskuler og sylvfarga girlander. I Norge heng vi ofte norske flagg på treet. Det har antageleg samanheng med at julatreet kom til Norge rundt frigjeringstida i 1814.

 

 

Fam. Andersen feirer jul i Folgefonngata i Odda rundt 1910 Fam. Janssen feirer jul i Folgefonngata i Odda rundt 1910.  Foto: Karl Janssen NVIM arkiv (i-kja-290)

 

 

 

Advent er ei kristeleg tradisjon som markerer ventetida fram mot Jesu fødsel natt til 25. desember. Rundt 1840 fann foreldre i Tyskland på ein måte å gjera det lettare for born å skjøna ventetida. Dei hang opp eit julabilete for kvar dag, ei tavla med 24 blad som skulle rivast av, eller 24 små gåver som skulle åpnast kvar dag fram mot den store kvelden. Adventskalenderen var oppfunne. Frå 1930-talet spredte  tradisjonen seg over heile verda. I Norden var det tradisjon å markera iet lys med 24 streker og brenna ned ein strek per dag.

 

Adventskalender formet som et ur Nokon av dei fyrste adventskalenderane var forma som ei klokka. Foto: Museum Burg Zug i Sveits

 

 

I lenkene til høgre kan du lesa to historiar frå jula i Odda "i gamle dagar".

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no