Hallvard (7) er ein ekte Odda-gut, og han fekk eit årskort som gjev gratis inngang for heile familien på museet i Tyssedal og på vitensenteret i Odda.
I fleire år har museet arbeidd hardt for å nå stadig høgare besøksmål, og no har vi klart å runda 20 000 for første gong. Mange publikumsarrangement er ein av grunnane til auka antall gjester, men den såkalla "Trolltunga-effekten" har nok også gjort sitt.
Vi takkar alle som har gjesta oss, og vi kviler oss ikkje på laurbæra, men satsar på ein fortsatt auke. Følg med - det kjem mykje spanande i tida framover.
Hallvard Kråkevik Folkvord blei besøkande nummer 20 000! Foto: Ole Marius Kvamme HF