NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Egne Hjem

Egne Hjem

Utvandringa til Amerika var stor på siste halvdel av 1800-talet. Det var mangel på arbeidsplassar i distrikta, og desse vart trua av avbefolking.

Då industrialiseringa i Europa tok fart, fann den kraftkrevande industrien sin plass nær dei vestnorske fossane, og nye industrisamfunn vaks fram. 

Tusenvis av arbeidarar strøymde til bygdene, og dei trong husvære. Industrireisinga i Odda og Tyssedal gjorde at det på relativt kort tid var så stor tilflytting at folketalet meir enn dobla seg frå 1852 personar i 1910 til 6863 i 1917. 

Industriveksten kom raskt og var så stor at det ikkje var mogeleg å byggja tilstrekkeleg med bustader like fort.

Etableringa av den kraftkrevjande industrien førde og med seg ein del negative forhold, særleg når det gjaldt boligstandard og forureining.

 

 

I byrjinga sette bedriftene opp boligbrakker, noko som ikkje var ei god løysing i lengda, korkje for arbeidarane og familiane deira, eller for bedriftane. Det var dei som meinte at om ein samla for mange arbeidarar på ein stad, gav dette moglegheiter for samhald og kravmentalitet. Då var det betre at dei hadde eigne hus med hagar slik at interessa for politisk organisering vart mindre. For arbeidarane var forholda i brakkene heller ikkje gode, med dårlege hygieniske høve, bråk og lite privatliv.

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet Born og kvinner med Brakkebyen i Tyssedal i bakgrunnen. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Bedriftane og kraftverka bygde etterkvart hus med hagar etter hageby-prinsippet dei henta frå tyske og britiske bustadidear. Dette vart nok helst gjort ut ifrå bedriftsøkonomiske motiver, då ein arbeidar som hadde betre plass og meir ro, ville yta meir på arbeidsstaden. 

 

Samlebegrepet "Egne hjem" vart kjend i Norge i 1902, då kom tidsskriftet Egne Hjem ut. I Sverige hadde rørsla "Egnahemrörelsen" etablert seg på slutten av 1800-talet. Dei fyrste husa i Norge etter egne-hjem prinsippet vart bygd i Bærum med oppstart i 1900.

 

Egne hjem var ei sak som fenga i tida. Det var ei løysing som mange meinte tente deira sak, anten det var bedriftsleiinga som ynskte seg betre produktivitet og lønnsemd, eller det var arbeidarar som ynskte seg betre bustadhøve.

 

 

Men det vart ei gruppe arbeidarar som tok initiativ til prosjektet Egne Hjem i Norge. Ynskjet om å ha eit eige hus hadde lenge vore eit ideal. Den borgarlege bustad utvikla seg frå å vera enkel og udifferensiert til å verta ein bustad som var oppdelt i ein privat og ein offentleg sfære. I den private delen hadde husmora den viktigaste rolla, og ho vart betrakta som heilt avgjerande for at heimen skulle vera ein base der borna fekk den naudsynte omsorg og tryggleik som dei kunne ta med seg vidare i livet for å verta gode samfunnsborgarar. I den offentlege avdelinga kunne den borgarlege familien visa fram si velstand og posisjon og framstå som skikkelege, sunne og respektable menneske.

 

Eit idealtypisk Egne Hjem kan beskrivast som eit lite hus med eit tilhøyrande jordstykke av ein slik storleik at det kunne brukast til å dyrka hagevekster og jordbruksprodukter til arbeidarfamilien sin eigen bruk. Huset skulle liggja i landlege omgjevnader, og ikkje vera større enn at ein arbeidarfamilie ville ha råd til å eiga det. 

 

I 1903 vart det gitt ut ei bok som inneheldt teikningar og døme på korleis arbeidarbustader og egne hjem skulle vera.

 

Arbeidarbustader i Odda på 1900-talet Teikning av ein arbeidarbustad. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Tyssedal

Gründeren Sam Eyde var den fyrste generaldirektøren for AS Tyssefaldene i Tyssedal. Han interesserte seg for arkitektur og var inspirert av idear frå Tyskland, der han hadde tatt si ingeniørutdanning. Han tok plangrunnlag og bustadtypar på Krupp sine arbeidarkoloniar i Essen i Ruhrområdet med seg heim til Notodden, og vidare til Tyssedal.

"På mitt initiativ gikk selskapene i gang med å anlegge en bebyggelse for arbeidere, funksjonærer og ingeniører, hvor jeg var med og utforme de anvendte typer. Jeg hadde ikke lite bry med å få de franske direksjonsmedlemmene til å gå med på disse arbeider. De stod ganske fremmed overfor den tanke at man skulle behøve å tenke på de underordnedes boliger".

 

I konsesjonsavtalen frå staten var det krav om at Tyssefaldene skulle sørgja for bustader til arbeidsfolket.

 

AS Tyssefaldene bygde brakker og etterkvart små og store bustader.

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet

Kvernhusteigen med Brakkebyen bak kring 1925. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Tysso Elektrikerforening tok initiativ til eit Egne Hjem-prosjekt i Tyssedal. I 1945 fekk dei aksept for dette hos Tyssefaldene, men fyrst i 1949 fekk dei henta inn arkitekt Eivind Mostue til å laga ein reguleringsplan for Øvre Skogly. Tyssefaldene skaffa teikningar, byggjeløyve, varer og verktøy og sørgja for billege lån frå kraftselskapet og Husbanken. Tomtene var festa med veg, vatn og kloakk. Redaktøren i lokalavisa Hardanger Folkeblad meinte:

"Egne Hjem-prosjektet er en milepæl for Tyssedal-samfunnet. Med dette kan en trygt si at Tyssedal går en ny æra i møte. Det skal bli slultt på nomadelivet, Tyssedal skal bli et samfunn med fastboende mennesker".

 

 

Odda

Oddafabrikkane og The Sun Gas Company hadde i 1906 kjøpt opp innmarka til Prestegarden midt på dei flate slettene i Odda til industriføremål. Bokkogarden på dei flate bøane vest for fabrikkane kom stykkevis for sal, ofte med god hjelp av tomtespekulantar, og bustadbygging for dei tilsette ved fabrikken vart sett i gong.  I Odda sentrum bygde Oddafabrikkane småbustader først på Bakke, så på Nyland, området sør for fabrikkane, i Dalen og oppover Eidesdalen. I 1914 var den store byliknande blokka Murboligen ferdig.

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet Arbeidarbustader på Bakke i Odda sentrum kring 1922. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet Funksjonærbustader på Toppen, arbeidarbustader nede på Krenken. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Etterkvart var tomteland mangelvare. No vart det seld tomter på fjellknauser i utkanten av den dyrka innmarka, slik som Kleivavika, Banhamar og Kalvanes.

 

Arbeidarbustader i Odda på 1900-talet Hus i Kleivavika og Banhamar kring 1925. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

I 1911 opna forretningsmannen Sverre Bredal for husbygging på Tveite i Odda - det som i dag er kjend som Egne Hjem. Bredal var leiar for eigedomsselskapet Egne Hjem AS.

Tveite, eller Tokheims Tveiten vart og kalla Tveit øde, og vart seld for kroner 500. Bredal fekk hand om fleire parsellar i området som den gong høyrde til Halldorsbruket. Dei selde ein del av eigedomen til Egne Hjem AS.

 

Det var direktør Albert Petersson ved Oddafabrikkane sin ide å etablera Egne Hjem i Odda. Føremålet var "...ved kjøb af eiendomme, bebyggelse af disse, udleie og eventuelt salg, at skaffe arbeidere paa Odda gode og billige boliger". Det vart lyst ut ein arkitektkonkurranse, Albert Petersson sat i juryen i lag med bergensarkitektane Sigurd Lunde og Egill Reimers. Det kom forslag frå 16 ulike arkitektkontor. Oppgåva var å teikna ein eller fleire hustypar for to familiar der "..utseende maa staa i samklang med landskapets karakter."  Osloarkitekten Ivar Næss vann konkurransen.

 

Husbygginga på Tveite vart sett i gang i 1912 og var ferdig i 1916. I 1927 vart det bygd fleire hus med fire leilegheiter på to eller tre rom og kjøken. Her delte to familiar eit bad med vedfyrt varmtvasskjele i kjellaren. Bredal brukte byggmeister Knut Svåsand til desse og andre byggeprosjekt. På same tid som dei bygde bustadane på Egne Hjem, sette dei opp to store bygg i Odda; Vinkelgården i gågata og det store huset med fleire leiligheiter på Motippen.

All denne utbygginga skjedde på rekordtid fram mot 1919, men den greidde ikkje å dekka behovet. Husnauda i Odda var permanent frå 1906 til kring 1970.

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet

Dei fyrste bustadane på Egne Hjem var ferdige i 1916. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet

Egne Hjem og Eitrheimsvegen kring 1925. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Sjølv bygde tomtespekulant Sverre Bredal seg hus nedst på Egne Hjem og budde der til han døydde av spanskesjuka i 1918, nesten 43 år gamal. Huset er den flotte villaen som gjekk under namnet Ravn-huset og som idag (2019) tilhøyrer Tor Meusburger. Rett før Bredal døydde gifte han seg med hushalderska si, Torbjørg Sekse frå Sekse, som han hadde ein son med. Torbjørg flytte attende til Sekse etter Bredal vart avliden. Her sette ho opp ein mindre kopi av Ravn-huset ytst på Sekse, ned mot Sandstå. Huset i Odda vart overteke av skipsmeklar Vilhelm Ravn. Sverre Bredal var i slekt med Knud Knudsen, den berømte Odda-fotografen frå Tokheim.

 

 

Huset ovanfor Ravn-huset, i dag kjend som villa Midtgard, vart bygd av Samson Tokheim etter at han kjøpte tomta Kalhagen av Kristen Tyssedalstveit i 1913. Tyssedalstveit var ein velhalden mann etter å ha seld storparten av garden sin i Tyssedal til kraftselskapet AS Tyssefaldene i 1911. Tokheim budde ikkje sjølv i huset. Det var antakeleg tannlækjar Fredrik Wexels som budde der fyrst. Han var den fyrste tannlækjaren i Odda og budde her frå 1914 til 1922.

Etter den tid hadde Norzink råderett over eigedomen. Utbyggingssjefen for Norzink, den norsktalande belgiaren Eduard Scholeur budde i huset frå 1924 til 1929 medan fabrikken på Eitrheimsneset vart bygd.

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet

Det Norske Zinkkompani sin direktørbustad på Egne Hjem. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Berre eit fåtal av husa på Egne Hjem var privateigde. I 1924 vart eigedomsselskapet overteke av A/S Odda nye Eiendomskompani som var AS Tyssefaldene sitt eigedomsselskap. Frå same tid disponerte Det Norske Zinkkompani A/S eigedomane på Egne Hjem. Frå 1981 til 1988 selde Norzink alle husa sine til private. Først etter denne tid kan bustadfeltet på Tveite bera namnet sitt med rette.

 

Arbeidarbustader i Odda og Tyssedal på 1900-talet Egne Hjem. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

Kjelder:

Kraftmuseet sine arkiv

Øyvind Bergkvam, Egne hjem-bevegelsen i Norge 1900-1920. Hovedoppgave UiO

Tore Brantenberg, Sosial boligbygging i Norge 1740-1990

Eva Røyrane, Fabrikkbyane i Hardanger

Heftet Egne Hjem Odda

 

Haftet om Egne Hjem kan du kjøpa her på Kraftmuseet i Tyssedal,, eller du kan lesa det på nasjonalbiblioteket om du klikker på biletet:

 

Heftet Egne Hjem Odda

 

 

 

 

 


 

 


 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no