NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Den kaldaste vinteren – til fots over Sørfjorden.

Den kaldaste vinteren – til fots over Sørfjorden.

Sett frå eit historisk perspektiv, har det vore mange kalde vintrar og våte somrar i Hardanger.  

Det er kjend at det var særs mykje skreder og flaumar på 1700-talet, og opp gjennom dei neste hundreåra gjekk både menneskeliv, buskap og gardar med i naturkatastrofar og brann.

 

Ein av dei kaldaste vintrane i manns minne var vinteren 1941-42. Verdskrigen hadde kome til Odda, og det var knapt med varer og brensel. Rett over jul 1941 fraus Sørfjorden til mellom Odda og Lofthus. Varer og folk som elles kom med båt til Odda, måtte no ta buss frå Lofthus. Det var rasjonering og mangel på drivstoff, så bil og buss vart utstyrte med ein generator. Drivstoffet – eller brenselet var «Knott». Knott var orreved kappa opp i knyttnevestore bitar. Veden vart brent og gassen som utvikla seg vart ført inn i forgassaren, sugd inn i motoren, som tente blandinga på same måte som bensin. 

Chevrolet 1937 lastebil med gassgenerator for køyring med knott i staden for bensin. Torkel Stana hadde bilen under andre verdskrig. Foto: Kraftmuseet arkiv.

 

Husstandane i Odda og Tyssedal fekk krisestraum frå vasskraftanlegget til AS Tyssefaldene, som hadde rikeleg med kraft til overs trass i lite tilsig i magasina.

Halve Sørfjorden var så gjenfrosen at dei tyske okkupasjonsmaktene brukte ein svær isbrytar dei hadde teke frå russarane. Han skar seg gjennom den tjukke isen som om han gjekk i smør, men inne i hamnebassenget i Odda var isen over ein meter tjukk, og isbrytaren måtte gje opp litt innanfor Eitrheimsneset. Forsøk vart gjort å sprenge opp isen, men det var mislukka. Morgonen etter var råka i Sørfjorden frosen att.  

 

Båten lagar ei råk i isen mellom Odda og Tyssedal i 1942.  Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Oddingane nytta høvet til å gå på skøyter på fjorden. Om ein berre passa seg i området kring kraftstasjonen, der isen var tynnare, gjekk det fint å gå frå Odda til Tyssedal.

Framfor kraftstasjonen i Tyssedal var ikkje isen like solid. Foto: Kraftmuseet arkiv.

 

 

Skøyteis mellom Stana og Apold januar 1942. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

På Sandvinvatnet var isen tjukk nok til å køyre bil på han. Skarsmobilen – ein kombinert laste- og passasjerbuss - køyrde både folk og varer over isen, som var så tjukk at det var biltrafikk på han til ut i april 1942. På denne måten kunne ein gjere ferdig vegen langs Sandvinvatnet medan trafikken gjekk over isen.

 

Flest born, men også ein og annan vaksen skøyta på Sandvinvatnet dei vintrane. Då var det ikkje snakk om treningskle, ein hadde på seg vanlege kler. Skuleinspektør Eitrheim imponerte med ein veldig fart over isen i blådress, kvit skjorta og slips. Skøytene var som oftast eit langt blad av stål, rette eller med snabel framme, festa til to tynne metallplater. Desse kunne ein då binda fast til beksaumstøvlane med lærreimer. Piggar stakk opp frå platene som festa seg i skosålane. Ein ikkje heilt ufarleg «sport» var det å henga seg bakpå bilane med tau og krok, og bli dradd over det islagde vatnet.

 

Born med skøyter på Sandvinvatnet ved Børstå i 1953. Foto: Charles Camillo Aggvin, Kraftmuseet arkiv.

 

Elles var det vanleg at kommunen laga is på stadion i dei kalde vintrane på 1940- og 1950-talet. Løpebana blei brukt av dei som ville skøyta raskt som Hjallis, og fotballbana var staden for hockeykampar eller kunstløp.

 

Skøyting på stadion, seint på 1950-talet. Foto: Tormod E. Eitrheim, Kraftmuseet arkiv.

 

Skøytesporten var veldig populær på 1950-talet. Nokon ville gå fort som Hjallis, andre likte betre ishockey og bandy. Foto: Tormod E. Eitrheim, Kraftmuseet arkiv.

 

 

Kjelder:  Olav Kolltveit - Det nye Odda s. 178.

              Olav Kolltveit - Bygdesoga Odda, Ullensvang og Odda nr. 2, s. 330

              Odda i manns minne (OIMM) nr. 15, 2006

Sparkstøtting og fine damer med høghæla sko på ein islagt Sørfjord 1930-31.

Sparkstøtting og fine damer med høghæla sko på ein islagt Sørfjord 1930-31.

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Banner artiklar

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no