NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Flaum og ekstremver i Sørfjorden

Ekstremver og nedbørsrekordar er aktuelt som aldri før. Men flaumar og flaumskadar har vi levd med lenge. Johannes Apold (1868-1950) har skrive om mange av dei store flaumane i Sørfjorden i Hardanger i tida mellom 1719 og 1938. 

I Hardanger er det mykje høgfjell og bratte fjellsider. Det dannar seg fort flaumstore elvar som blir til vakre fossar. Nokre gonger kjem nedbøren som snø i høgfjellet. Med etterfølgjande mildver og regn, blir vassmengdene som skal ned mot fjorden ekstra store og elvane blir ville og ustyrlege. Dette har skapt store problem for folk som bur her. Nokre stader er ”gjengangarar”.

I samlinga etter Johannes Apold (arkiv OLA/142 på NVIM) finn vi notatet Flaumar og flaumskadar i Sørfjorden. Notatet kan ha vore grunnlag for eit foredrag eller det er ei historisk oversikt han har sett opp. Apold var lærar, skulestyrar, politikar, lokalhistorikar m.v. og hadde mange verv. Vi publiserer her teksten slik Apold skreiv han:

 

Flaumar og flaumskadar i Sörfjorden

Johannes Aga fortel i dagboka for 1887 om flaumar, særleg på Aga.

1. den 13. desember 1887 var det stor flaum. Han gjorde stor skade i Måge og særleg på Aga. Stein, jord og skog losna og vart førd nedover. Åker og eng vart øydelagde. Erling Agas fjøs og løa vart delvis fyllte med grus og stein. Ein mengde frukttre vart øydelagde. Det gjekk mest ut over Knut, Erling og Jon Agas gardar. Etter flaumen såg det vonlaust ut, men alt vart rudt av eigarane og vart finare og betre enn før.

2. År 1719 var det stor flaum på Aga, og skylda på Aga vart minka frå 11 ½ laup smør til 10 laupar.

3. 1743, den 3. til 11. desember, var det 6 store skreder på Aga. Dei tok med seg 5 kvernhus, 1 smidja og 2 naust med ein stor reisebåt og 3 andre båtar. Skreda skadde marka, så fødnaden minka med 21 kufoster, 1 hestefor og 18 mål åker. Skylda var satt ned i 1. tun 1 ½ laup smør og i 2. tun 1 laup 2 pund og 6 m m. smør.

4. 1820, 3 viker før jol (2. desbr) øydela stein, jord og vatn mange mål jord og betydeleg av den beste åker.”

Eg hugser skredene:

5. 1914 i slutten av i juli. Det var svær varme og stort snøtak. Då reiste flaumen med brua på Hovland og øydela ullvarefabrikken til Per Aga. Fabrikken stansa og vart ikkje sett i gong meir av han.

6. 1920 var det stor sumarflaum. Han tok ei halv bru på Hovland og eldhuset i Prestgarden i Odda.

7. Den 9. februar 1928 (NB! i det maskinskrivne manuset, avskrift etter Johannes Apold, står det den 13. november 1928, men det må vera feil) var det store skreder over heile Vestlandet. Det hadde vore turrfrost, og det kom ein del snø over den frosne marka. So slo veret snøgt om til mildver og siltegn. Snøen og vatnet kom snøgt og uventa, dettande som ein sup ned over fjellsidene, utan å halda seg til dei gamle elve- og skredlaup. Der elvelaupet gjorde ein bøyning, gjekk skreda beint, og sopa med seg alt som var i veien, slikt som tre, stein, bruer eller hus.

Husaskreda på Tokheim gjekk beint på garden mens snømassen stansa ved dei øvste husa, etter at den hadde knasa ei skytja, skrykt noko saman Knut og Ola Eliasson sine stover og trykt den seinstnemnde si stabu av stolpane. Stein og tre kom susande som kanonkuler gjennom lufta og gjekk gjennom tak og veggjer på Knut og Ola Eliassen sine stover og gjennom Ola Larsson sin løbygning.

Lars Samsonson Tokheim som søkte ly under Ola Eliasson si stabu, vart klemd ihel. Ola Larsson, som stod i skytja, vart graven fram or snøen under ruinene av skytja. Han fekk dekning under skytjedøra og kom frå det med livet, men fekk skade for heile livet og er no på Valen sjukehus.

 

Skreder gjorde stor skade rundt heile Vestlandet. Betongbrua mellom Ullensvang og Odda på Kvitno var sopa bort som papirpose, og ein såg ikkje att so mykje som ein jarnbjelke. Liknande det det med betongbruene over Idlegjel i Ullensvang og Tveismebrua i Kinsarvik. I Bergsdalen i Bruvik øydela skredene skogalier, bruer og vegar.

8. Den 13. november 1938 var det stor flaum i Odda. Han øydela her for hundradtusener i vegar, bruer, hus og innbu.

 

Flommen i 1962

Sansarbekken i Tjoadalen øydela veien, bruene, hus og innbu i Tjoadalen, på Mjøstølen (Nyland) og ned til Opo.

 

 

 

Flom i Freimselva 1938

Freimselva øydela husa, veien og brua på Sjoarhaug og Freimssanden. Sume hus vart flytte av tufta. Det var vore lagt mykje arbeid på elvalægje der for å bøta skaden og fyrebyggja oppatt- taking.

 

 

9. Den 25. og 26. november 1940 var det storflaum over heile Hardanger. Skaden var stor mange stader. Verst var det i Rosendal, Øystese, Urheim og på Aga. På Urheim losna jordskreda øvst på heimemarka, tok med jord og grus like til fjellet i ei breidd av opptil ca 40 m, gjekk like forbi eit bunadshus og tok med seg ei løa med avling og besetning. På Aga herja flaumen verre enn i 1887. Heile Gruggoteteigen vart overfløymd og sa etter seg eit over 1 m høgt jord- og steinlag. Dei store fruktplantingane frå 1890 åra vart dels revne bort og dels meir eller mindre skadde. Bekken tok nytt laup i 5-600 m lengd ut gjennom Vikane og gjekk i sjøen nordanom Aganeset. Verst gjekk det ut over Vigleik og Ola Erlingson sine gardsbruk, dei sam esom leid mest i 1887. Men Ola Jonson har ogso lede stor skade. Det nye bekkjalægje er 5-6 m breidt og opp til 2 m djupt. Beite, skog og utslåtter og den beste slåttemark heime er øydelagt, bruer og vegar likeins. Eg veit ikkje kva skaden på Aga er taksera. Men han kjem nok opp i hundrad tusener.

 

Flaumen den 28. juli 1920.

6. Etter ein mild vinter med regn ved sjøen og stadigt snøver i høgdene hadde me ein kald mai og sol og varme i første halvdel av juni. Seinare har det vore regn mest i eitt like til no. Snøen har minka i fjella, og elvane har fløymt. Opo har vore i flaum over 1 månad. No er ho minka noke. Ingen kann minnast slik flaum, stor og langvarig, her omkring på denne årstid. Haustflaumane kann vera større, men dei varer sjeldan meir enn eit par døger. Eit enkelt døger kann sumarflaumen også ha vore høgre, men ingen kann minnast, at flaumen har vara i vikevis.

På Hjøllo hos Kristoffer Eitrheim har elva fløymt over nokon grasholmar, so det har vore uråd å slå.

I Eidesdalen slo Ola Langesæter i Bakkeøyna, men flaumen tok graset. Ved Vasstunbrua gjekk vatnet høgt. Det skola over salen på ein stor stein. Ovenfor brua (steinen er seinare mina bort), og det er berre i dei høgste flaumane at det hender. Eg har sett større haustflaum, då det har skola over heile steinen, og eg har sett Sandvensvatnet høgre hausten 1918 (?), endå det var om sumaren den 18. juli. Eg meinar at den 60 m høge Eidesfossen då førde 240 000 hk. Då reknar eg at han førde 400 kub. meter pr cek.

På Sandven har vatnet stade over bøane om lag 1 månad. Husa stend att på ein holme. Hesjane stend halvt under vatn. Den 24-25 juli vaks Løyningsvatnet 130 a 150 cm om natta. Det stod 2/3 opp på naustdøra til Samson Løyning og gjekk 80 cm op over vegen til Løyning. Ved Sandven gjekk vatnet opp på akslingane på bilane. I Reinsnos har vatnet stått opp i enga 1 månad. På fleire hesjar stod 3 troer under vant. Lars Reinsnos kann ikkje minnast slik langvarig og stor flaum i Reinsnos, om enn vatnet kann ha stade høgre ein enkelt dag. På Løyning stod berre 2 troer på ei hes over vatnet (det er 7 troer i hesa).

Den 8. juli tok flaumen halve fabrikkbrua på Hovland (Umkring 30. juli 1914 reiste flaumen med heile brua deira).

Espelandsfossen har vore so stor i sumar, at det var vanskelegt å køyra i bil forbi han. Låtefoss har vore svært fin i sumar.

 

Flaumskade den 13. november 1938

8. Flaumen var svært lokal. Berre ein kom ut til Tyssedal og Åpoldo, var det mindre regn.

Ved Slevåna, i Byrkjenes, Ragde, Tokheimselva, Sansarbekken, Tjørnedal og ved Låtefoss var skaden størst. Bruene vart revne bort saman med kortare eller lenger stykke av vegane. Fleire hus vart førde bort frå Freimssanden. Vatnet rann gjennom første høgd i fleire hus på Freimssanden og på Mjøstølen (Nyland) ved Sansarbekken.

No, eit år etter flaumen, er det ikkje sett heilt istand etter flaumen. Ved Freim arbeider dei endå (i sept.1939) med elveforbygging. Vegen er vølt provisorisk frå Ragde til Slevåna. Endå stend telefonstolpane skakke etter flaumen på Ragde. Huseigarane på Freimssanden og Mjøstølen har fått skadebot av stat og herad, men det er endå ikkje gjort opp med heradet. Huseigarane meinar at heradet sitt støypearbeid i Sansarbekken har gjort skaden verre.

Ei særskild takstnemnd skal taksera den offentlige og private skade innan heradet.

 

Flommen i Freimselva  Flaumen gjorde skade på Tyssedalsvegen, boligar nær elva og på kraftlinja frå Tyssedal, noko som medførte stopp i kraftleveringa i ei veke.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no