Industriarkivet tek imot, ordner og bevarer privatarkiv frå industrien slik at dei vert tilgjengelege for publikum.
Verksemda dokumenterer industrihistoria og medverkar til forsking i arkivmaterialet. Industriarkivet skal utvikla og tilby digitale arkivtenester til næringslivet. Industriarkiv inneheld viktig informasjon om drift, tilsette, endringar og avgjerder verksemda gjer, og dokumenterer rettar og plikter verksemda har i høve til offentlege styresmakter og andre. Bevaring av privatarkiv er viktig for ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Tilgjengelege industriarkiv gir tilgong til autentisk dokumentasjon av fortida.
Industriarkivet i Odda, er ei felles satsing mellom Odda kommune og Kraftmuseet. Det treårige prosjektet (2014-17) er nedfelt i Museumsplan for Hordaland.
Siri Jordal med arkivhyller som ventar på dokument og arkiv. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Ordførar John Opdal kikker i tegningsarkivet frå Odda Smelteverk. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Industriarkivet med skalltaket. Foto: Terje Lægreid