NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Restaurering

Dekorasjon på vegg i Tysso I Under ni lag med maling fann ein att dekorfrisene på veggen i kraftstasjonen. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Riksantikvaren freda stasjonen i år 2000. Same året starta arbeidet med å restaurera bygningen. Det meste er ført tilbake til slik han var i 1918 då stasjonen stod ferdig utbygd. Eit unntak er maskinene som opphavleg var svarte, her valde ein å behalda blåfargen frå 1950-talet. Funksjonen til dei vakre søylene er å bera traverskrana. Dekorbordene på veggane blei avdekka under fleire lag maling. Motiva er symbol for elektrisitet; lynet og rotorhjulet i ein generator. Smijarnslampane er kopiar laga i smia ved museet etter gamle arkivteikningar og foto. Glaskuplane er kjøpte i Tyskland. Restaureringsarbeidet er i hovudsak utført av lokale handverksfirma i samarbeid med Fylkeskonservatoren i Hordaland.

Restaurering av kraftstasjonen Kraftstasjonen Tysso I vert restaurert frå 2000 til 2005. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no