NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

M/Y Tysso - baoten for dei store

I jobbetida under 1. verdskrigen blei det i Noreg bygd ei heil rekkje store motorcruisarar. Båtane var bygde etter utanlandske førebilete og hadde ein standard som vekte merksemd i ei tid der ein lystbåt i seg sjølv var eit særsyn. Tysso, som her skal presenterast, blei bygd som lystfartøy i 1917 men fekk snart ei ny rolle i industrien si teneste.  

M/Y Tysso og Tysso I kraftstasjon M/Y Tysso legg til land i Tyssedal - foran kraftstasjonen Tysso I. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Amerikanske impulsar

Ole Oma som bygde Tysso var ikkje ukjent med motoryachts. Fødd og oppvaksen på Oma i Strandebarm var nok båtbygging eit aktuelt yrkesval, og som ung mann reiste han austover til eit båtbyggeri på Tronvik ved Moss for å læra seg faget. Deretter gjekk reisa til USA der han fekk arbeid ved jernbanen gjennom broren som var etablert i det nye landet. På fritida bygde han ein seglbåt og med denne reiste han til Duluth, Minnesota for å søkja arbeid ved eit stort yachtverft. Tidene var dårlege og sjefen ville i utgangspunktet ikkje ta han inn. Då han fekk sjå båten Ole hadde bygd stilte saka seg annleis: ”Du kan byrja i morgon”, var beskjeden no. Ole arbeidde ved verksemda i to år inntil alt brann ned og han måtte søkja lukka andre stader. Han enda opp i Seattle der han hadde eit par kortvarige jobbar før han bestemte seg for å starta eiga verksemd. Ved  ”Oma boat Co.” blei det bygd lystbåtar, mindre fiskebåtar og transportbåtar for styresmaktene, men Ole dreiv ikkje båtbyggeriet meir enn 4-5 år før han selde og vende heim til Strandebarm. Planen var å kjøpa ei strandtomt i heimbygda, men det vanskeleg å få tak i grunn og då han fekk råd om å etablera seg på Stord i staden, slo han til og kjøpte seg tomt på Hystad der han starta båtbyggeri i 1909. Med erfaring frå Amerika var han kanskje meir open for nyvinningar enn dei kollegane som ikkje hadde vore ute i verda, i alle fall fekk han installert straum som dreiv elektriske sag og høvel så tidleg som i 1912. Under opphaldet i Amerika hadde han lært seg konstruksjon med utgangspunkt i halvmodellar, her hadde han også lært seg å byggja med svøydde spant. Denne metoden inneber at spanta blir varma og bøygde i fasong, dette i motsetnad til bygging med grodde spant som har vore det vanlege her i landet.

 

   Lystbåtar var Ole Oma sin spesialitet, men etterspurnaden var avgrensa og han måtte ta dei oppdraga han fekk. Også fortenesta var liten, slik at han måtte tæra på kapitalen han hadde med seg frå USA så lenge den varte. Då han i 1917 fekk tinging på ein 58 fots cruiser var det såleis eit særs kjærkome oppdrag. Prisen var avtalt til kr. 4000,- , i tillegg kom kostnadane til beslag. Tingar var den danske konsulen i Bergen, Christian Magnus Kjær, som ville ha ein lystbåt som folk la merke til. Ole konstruerte båten etter eigen modell og sette i gang bygginga. Medan arbeidet pågjekk kom Kjær til Stord for å inspisera. Det heiter seg at då Ole fekk sjå den voluminøse konsulen, gav han beskjed til ein av arbeidsfolka sine om umiddelbart å forsterka stigen slik at inspeksjonen ikkje skulle enda i ei ulukke.

 

 

Skyssbåt med stil

Kjær skal ha vore nøgd med den nye båten, særleg skal han ha nytt sjølivet når han kunne sitja akterut med ein tend sigar og Caruso på grammofonen. Likevel selde han båten etter nokre år, kjøpar var Glomfjord Smelteverk i Nordland som no var under etablering. For å stetta dei nye eigarane sine krav blei styrehuset på Tysso forlenga til den fasongen det har i dag. Dette vart gjort anten i Bergen eller nordpå og er det einaste arbeidet på båten som ikkje er utført ved båtbyggeriet på Stord. Opphaldet i Nord-Noreg blei kortvarig ettersom smelteverket gjekk over ende i 1924 etter berre eit par års drift. No gjekk ferda sørover til ein annan industristad, Odda, som skulle bli Tysso si heime­hamn i vel 60 år.  Her var industri­en alt godt etablert med smelteverk i Odda og aluminiums­fabrikk i Tysse­dal, i 1929 kom det også ein sinkfabrikk til. Tysso som på dette tidspunktet bar namnet Aluminium skulle vera tilgjengeleg for alle dei store verksemdene i industribyen, men det var DNN Aluminium som hadde det daglege driftsansvaret for båten. Det årvisse vedlikehalds­opphaldet på Stord kom i stand på denne tida og varte ved så lenge båten høyrde til i Odda. I 1949 overtok A/S Tyssefaldene drifts- og eigaransvaret. Dei moderniserte båten som no fekk namnet Tysso.

 

 

   Då Tysso hamna i Hardanger var det togsamband mellom Voss og Granvin. Derimot var det ikkje vegsamband mellom Granvin og Odda, og sjøvegen var såleis greiast når ein skulle reisa mellom stasjonsbygda og industribyen. Her var det Tysso fekk si rolle som transportmiddel for direktørar, styremedlemmer og andre viktige personar som vitja dei store industri­­verksemdene inst i Sør­fjorden. Tysso var eit kjend syn på fjorden. Dar fere dei storehermar Gunnar Oma etter ein utflytta sørfjording. Båten gjekk  ikkje i noko fast rute, men blei tinga når eit viktig besøk var i vente. Mann­skapet talte to mann, maskinist og ein skipper som også fungerte som sjåfør for direktøren. Standarden om bord skulle alltid vera første­klasses. Mannskapet fekk såleis melding om turane i god tid på førehand, slik at dei fekk høve pussa messingen og elles klargjera båten for oppdraget. I Tyssedal hadde Tysso fast plass under tak i ein ”båt­garasje”. Denne verna båten mot både sol og regn og gjorde nok sitt til at det var råd å halda direktørstandard gjennom så mange år. I Granvin hadde Tysso eigen kai med tilhøyrande telefonapparat i kaibua. Når passasjerane var vel om bord serverte maskinisten frukost eller kveldsmat som var tillaga på hotellet i Tyssedal. Resten av turen kunne dei kosa seg med maten, foreta morgon- eller kveldstoalett, lesa møtepapir eller berre nyta utsikten frå salong eller cockpit. Etter kvar tur førte skipperen inn i loggboka kven han hadde henta eller levert. Nøkternt noterte han også vêrobservasjonar og data som gjaldt drifta av båten.

 

 

”Dette vet dere best”

 

Under dei årvisse vedlikehalds­opphalda på Stord blei Tysso gjennomgått frå kjøl til mastetopp. Bestillinga frå eigaren var grei; ”gjør det som dere finner nødvendig”. For Oma Baatbyggeri, som var vande med kundar som snudde på krona og eigentleg ikkje hadde råd til å betala for arbeidet, var dette uvante tonar. Vedlikehaldet av Tysso var eit sikkert og godt betalt oppdrag, og dei gjorde difor det dei kunne for å syna seg tilliten verdig fortel Gunnar Oma. Det var i det heile tatt noko særleg med Tysso fram­hevar han, ikkje minst på grunn av ”stylen” om bord. Ingen ting her føregjekk på slump, særleg ikkje i den tid skipper Skarde rådde. I hans tid blei alle puter dekka til med lerret og dørken kledd med papp, før han slapp arbeidsfolka om bord. For at ikkje sol eller regn skulle vera til sjenanse blei det strekt eit fasongsydd solsegl over båten i arbeidsperioden. Det årvisse vedlikehaldet omfatta lakking og maling, vidare gjekk dei over ishuda for å sjekka om noko var laust. For å kontrollera natane dreiv dei litt og sette gjerne inn ein rustfri skrue der det var påkrevd. Arbeidet vart vanlegvis gjennomført i løpet av eit par veker.

 

 

   Større utbetringar var aldri naudsynt så lenge dei hadde denne årvisse kontrollen med båten. Sjølv då Tysso grunnstøytte ein gong på 1950-talet var det ikkje naudsynt med dei store tiltaka. Den gjekk på land for "full musikk" i Kvitnahagen, rett sør for Åsenaustet. Der er fin grunn, kanskje litt steinete. Båten vart liggande der til ein bergingsbåt frå Bjergingskompaniet fekk slått ei presenning rundt forskipet og drog han flott. Dei fortøydde båten med ei trosse frå baugen og til ei halvstor furu i fjøra der. Den gløymde dei å løysa, så då Tysso vart dregen flott, gjekk furua i bakken. Vitner kan ikkje heilt hugsa om det var nokon dramatikk i dette, men det var samla ein del folk der og den kunne like gjerne ha treft nokon. Havaristen blei så frakta til Stord. Eigarane trudde no at Tysso hadde gjort si siste reis og bad båtbyggeriet om å fjerna maskin og anna utstyr av verdi. Det som synte seg var at skadane faktisk var minimale, rett nok hadde fleire kjølboltar slitna slik at fremste delen av kjølen hadde sige ned, men å reparera dette var ingen større operasjon seier Gunnar Oma. I følgje han var det ikkje grunn­støytinga, men Bjergings­kompaniet som hadde påført båten dei største såra, dette ettersom dei hadde skamspikra huda med svære spikrar og boltar då dei festa presenninga.

 

   Då A/S Tyssefaldene overtok Tysso i 1949 ville dei rusta båten opp, og då bad dei sjølvsagt Oma Baatyggeri om å stå for arbeidet. Mahogni­buffetane som hadde stått i salongen frå båten var ny blei no kasta ut for å gje plass til nye og større sitje­benker. Likeeins gjekk det med koksomnen som blei erstatta med moderne sentralvarme. Dei nye eigarane ville også ha inn ein meir moderne motor, vurdering av type, styrke og pris overlèt dei til båt­byggeriet .”Dette vet dere best” var meldinga frå Tyssefaldene. Valet falt på ein Penta-Hesselman maskin som stod i heilt inntil den i 1974 måtte vika for Cummings-maskina som står om bord i dag. 

   Tysso hadde lenge ein lettbåt som Gunnar Oma hugsar som ”ein stor kvit slamp”. Tidleg på 60-talet blei slampen erstatta med den nette mahogni­båten som står på salong­taket i dag. Det var Ola Oma sjølv som stod for nybygget,  han var då over 80 år gamal og dette blei den siste båten hans.

 

Nye tider

Ved A/S Tyssefaldene stod tradi­sjonane sterkt så lenge direktør Stig Hysing rådde. Det var nok mykje på grunn av Hysing at verk­semda heldt seg med eigen skyssbåt heilt fram til 1987. På dette tids­punktet hadde det vore veg mellom Odda og Granvin i fleire tiår og banen mellom Voss og Granvin var ned­lagt. Såleis var det nok vanskeleg å forklara dei unge funksjonærane kva nytte verksemda hadde av den gamle båten. I denne situasjonen ville Hysing gjerne sikra at båten kom i trygge hender og kva var vel meir naturleg enn å tilbyTysso til det verftet som hadde stått for bygginga og sidan vedlikehaldet gjennom alle år. Dette var bakgrunnen for at Oma Baatbyggeri overtok Tysso  den 1. juli 1987. Prisen skal ha vore rimeleg og i overdragelsesbrevet heiter det: ”Ved avhendelse av båten vil vi gjerne understreke det gode samarbeidet med dem gjennom mange år”. Også Gunnar Oma framhevar det spesielle forholdet som hadde utvikla seg mellom verft og oppdragsgjevar. Her var det ikkje berre snakk om økonomi, men også om eit personleg tillitsforhold som hadde utvikla seg over to generasjonar.

   Gunnar fortel at han og broren Trygve hadde mange fine turar med Tysso etter at dei overtok, men dei hadde og mykje arbeid med ein båt som no verkeleg byrja å dra på åra. Sjølv var dei heller ingen ungdomar lenger og i 1995 kom dei to til at det var på tide å overlata Tysso til yngre krefter. Ei gruppe båtinteres­serte i Norheimsund gjekk no saman om å kjøpa båten for å bruka den i reiselivssamanheng. Sidan den tid har båten teke opp­drag med utgangspunkt i Norheim­sund.  Sommaren 2002 vende Tysso attende til dei gamle farvatna sine i Indre Hardanger for å gå med turistar mellom Odda og museet i Tyssedal. Industriverk­semdene i Odda dekka driftskost­nadane som ei hands­rekning til museet og tilbodet vart ein suksess med over 5000 passa­sjerar i løpet av sommaren.

 

Kva no?

Det er vanskelig å spå framtida for M/Y Tysso. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har kjøpt båten med hjelp av lån og ei raus gåve frå Boliden Odda AS og Sparebankstiftelsen DnB NOR.Båten vil ha vinteropplag i Norheimsund med tilsyn frå Hardanger Fartøyvernsenter. Les kva fartøyvernsenteret skriv om arbeidet med båten her: M/Y Tysso på Fartøyvernsenteret i Norheimsund

M/Y Tysso er komen heim. Kva framtida bringer veit ein ikkje enno, men ein veit at båten har gode vener og ein håpar at det vert etablert ei venegruppe i Museumslaget som kan vera med å sikre framtida for båten.

M/Y Tysso kan leigast med skipper. Ta kontakt for pris.

 

 

 

Kjelder

Intervju med Gunnar Oma, 10.03.03 og 10.04.03

Gøthesen, Gøthe: Litt om bygging av motorbåter i Norge . Årbok for Norsk Sjøfartsmuseum 1994, Oslo 1995.

 

Hovuddata MY Tysso

Lengd: 58 fot (18,25 meter)

Kallesignal: LHXW

Byggjeår: 1917

Båtbyggeri: Oma Baatbyggeri, Stord

Maskin: Opphavleg Van Blerck, deretter to maskinar av ukjent merke

1949: Penta Hesselman

1974: Cummins NH 250

Tidlegare namn: Ilka, Aluminium

Eigar: Tysso A/S

Viktige årstal:

1917 – ca. 1920: Konsul Christian Magnus Kjær, Bergen

ca. 1920 – 1924: Glomfjord Smelteverk (forlenga styrehus)

1924 – 1949: Sameige mellom dei store industriverksemdene i Odda. DNN Aluminium hadde driftsansvaret (Aluminium)

1949:  A/S Tyssefaldene (Tysso). Ny maskin. Modernisert innreiing

1987 – 1995: Oma Baatbyggeri, Stord

1995 – :Tysso A/S, Norheimsund

Byggjematerial: svøydde spant i eik, furu i hud og mahogni i hyttesider, styrehus m.m.

 

 

 

Artikkel av Gunnar Furre. 
Har vore på trykk i Hardangerjol 2004 og Fartøyvern  nr 7. 2003.

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no