NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Utstillingar

Her har vi samla aktuelle og tidlegare utstillingar på Kraftmuseet.

Kraftmuseet ønsker med utstillingane å formidla kunnskap, skapa opplevingar for, og kommunisera med publikum. Dette er ei form for formidling som framleis er viktig i vår digitale kvardag. Kraftmuseet si hovudutstilling er kraftstasjonen med sin arkitekturhistoriske utsjånad som viser kva verdiar ei utbygging av denne storleik la vekt på den tid den vart bygd.

Bygget har ein inntakt turbinhall med ekte historiske installasjonar som synleggjer arbeidet ingenørar, elektrikarar og arbeidsfolk utførte. Den digitale kvardagen har vist si betydning under Korona-pandemien, og virtuelle utstillingar har blitt moglege med 3D fotografering. Sjølve opplevinga kjem likevel når ein står i den majestetiske turbinhallen og kjenner på atmosfæren og ser storleiken på maskineriet. Dette kan ein ikkje fullt ut erstatta med eit virtuelt besøk.

I tillegg har, og har Kraftmuseet hatt, faste og skiftande utstillingar opp gjennom åra. Utstillingar som viser bondesamfunnet, industrialiseringa, vasskrafta, menneska i samfunnet og den moderne tid.  Her eit lite utdrag frå utstillingar som har vore og framleis er å sjå på Kraftmuseet.

 

Turbinhallen i Tysso I Kraftstasjonen Tysso 1, med sine enorme aggregat i ei estetisk flott ramme. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet


 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no