NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Velkomen til KraftLaben

Kraftlaben er staden kor store og små kan leika seg med, og ta del i vitskapelege eksperiment. Du finn oss i det gamle laboratoriet til Odda Smelteverk, øvst i gågata.

I Odda Smelteverk sitt laboratorium frå 1918 vart det gjort analyse av karbid, cyanamid, dicy og CY-50. I tillegg vart det drive forsking og utvikling. 

På den nyoppussa gamle labben er det no interaktive utstillingar, installasjonar og ulike aktivitetar. Kraftmuseet eig bygget og opna vitensenteret i 2011. Ute framfor vitensenteret finn du Norges første vitenpark, der små og store kan leika og læra. I 2018 skifta museet namn til Kraftmuseet, og vitensenteret heiter no KraftLaben. 

Me har interaktive installasjonar som viser straumproduksjon og vasskraft, samt mange andre naturfaglege emne. Demonstrasjonsforsøk og kreativ utforsking inne på laben og ute i parken.

Målgruppa for vitensentra i Norge er grunnskulen og vidaregåande skule. Interessa for realfag skal vekkast for å sikra rekruttering til prosessindustrien.

I sommarferien er KraftLaben ope for publikum. Du kan til dømes finna ut kva som er mest radioaktivt av bly og karbid, ha det kjekt med å bygga banar på kuleveggen vår. Har du lyst til å produsera straum, er vasshjulet tingen!

Lurer du på kor sterk du eigentleg er, kan du testa om du klarer å heisa deg sjølv opp i "kraftblokkstolen".

I sommarsesongen er det ope tysdag - laurdag frå 11-16. Me opnar etter avtale for grupper og skuleklassar elles i året. Ta kontakt med signe@kraftmuseet for å avtala.

Prisar:
Per person: 50,-
Per familie: 150,-

 

Grunna pandemien vil KraftLaben halda stengd sommaren 2020. Det vil verta aktivitetar i vitenparken, installasjonar i Lindehuset i Odda og i kraftstasjonen i Tyssedal. Velkomen!

 

KraftLaben sandkasse from Kraftmuseet on Vimeo.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no